Magasinett

Synsingar

Utskrift

Frykt og avsky i Sotsji

Skrive av Nils Henrik Smith .

Foto: rapidtravelchai/Flickr/CC-lisens

Blodpengane sine får TV2 tene utan min bistand.

 

Denne veka byrjar Vinter-OL i Sotsji, Russland, og Noreg har, som vanleg når det gjeld vinteridrett, store medaljesjansar i talrike øvingar. Sidan eg likar både Noreg og idrett, burde eg følgjeleg sjå fram mot OL i spent forventning. Det gjer eg diverre ikkje. Tvert om har eg, i så stor grad som praktisk mogleg er, tenkt å late som om OL ikkje finn stad, at arrangementet ikkje eksisterer, og dét synst eg alle andre óg bør gjere. No. Kva andre gjer og ikkje gjer har eg jo ikkje eigentleg noko med, men for min eigen del har eg altså tenkt å gjennomføre ein heilt personleg boikott av leikane. Den vil vere like lite effektiv som boikottar flest, men for mitt eige samvits skuld synst eg ikkje at eg har noko anna val. Eg er nemleg, basert på tidlegare erfaring, redd for at eg, viss eg skulle falle for freistinga å sjå på TV-sendingane frå OL, kan kome til å verte engasjert, at pulsen skal stige i takt med vona om storslagne triumfar for våre gutar og jenter på gulljakt i aust, og det har eg ikkje lyst til, rett og slett. Eg skal freiste å forklare kvifor.

TV2, som har retten til å kringkaste OL til norske sjåarar, påstår at leikane vil verte ein fest. «Slik blir OL-festen», lokkar dei smilande programleiarane Carsten Skjelbreid og Julie Strømsvåg. Men viss OL er ein fest, er det ein morbid dødsdans, ei feiring av dei vonde kreftene i verda, under påskot av fredeleg idrettskappleik, og noko slikt vil iallfall ikkje eg bidra til å legitimere. OL finn stad i Russland, kor den maktglade og eigenrådige presidenten Vladimir Putin frå første stund har gjort det klart at han vil nytte leikane som eit propagandainstrument for sitt stadig meir autoritære og menneskefiendtlege styresett. Vi har fått sjå Putin køyre slalom i dei olympiske alpinbakkane og posere med (tilsynelatande) glade og lukkelege friviljuge hjå dei lokale arrangørane. Slik sørgjer Putin for at alle får vite at den russiske staten er identisk med han sjølv, at hans tankar, ord og gjerningar er allestadsnærverande og ikkje under noko omstende skal stillast spørsmål ved.

Under Putin er menneskerettssituasjonen i Russland dramatisk forverra. Dei fleste har høyrt om jentene i aktivistgruppa Pussy Riot, dei vart arrestert i 2012 for å ha framført ein sjølvkomponert hymne kalla «Heilage Mor, jag Putin vekk!» i ein katedral i Moskva, og seinare dømt for «hooliganisme» og «blasfemi». Journalisten Anna Politkovskaya skreiv i 2004 den regimekritiske dokumentarboka Putins Russland. Ho lever ikkje lenger. Ho vart myrda i heisen på veg opp til sitt eige husvære. Ingen vart dømt for mordet. I seinare tid har russiske styresmakter innført lovar som mellom gjev dei høve til å stengje nettsider med «upassande innhald», å straffe deltakarar i politiske demonstrasjonar med bøter tilsvarande ei vanleg russisk årsløn, og, kan hende mest kjent her heime, lova som forbyr «homoseksuell propaganda» (kva no det måtte vere). Rett nok har Putin sagt at homoseksuelle utøvarar er velkomne til OL i Sotchi, «så lenge dei lét barna vere i fred». Presidenten lét altså til å tru at det finst ein samanheng mellom homofili og seksuelt begjær retta mot mindreårige, og denne foraktelege vrangførestellinga bruker han OL til å kringkaste til folket. Ved å overføre leikane gjer TV2 seg medskuldige i dette skamlause og nedrige åtaket på ein frå før utsett minoritet. Dette kan ikkje eg hindre, men eg kan late vere å bidra til sviket mot det russiske folket. Blodpengane sine får TV2 tene utan min bistand.

Her heime har Amnesty oppfordra norske journalistar til å nytte høvet til å setje fokus på skuggesidene ved OL, men det er diverre liten grunn til å tru at særleg mange vil følgje oppfordringa. Norske media er avhengige av sjåarar, abonnentar og klikk, og kven vil vel ikkje heller lese om nok ein medalje for gladjenta Therese Johaug, enn om nok ein vilkårleg arrestasjon av ein russisk opposisjonell? Heller ikkje frå regjeringa ser det ut til å vere hjelp å hente. I motsetting til talrike av sine kollegaer, som har hatt skamvit nok til å erklære at dei kjem til å halde seg heime, har både statsminister Erna Solberg og kulturminister Thorild Widvey tenkt seg til Sotsji: der skal dei sole seg i glansen frå dei vonleg talrike norske gullmedaljørane, og ikkje plage russiske styresmakter med utidige og irriterande spørsmål om overgrepa dei forlystar seg med å påføre sitt eige folk. Frå idrettspolitisk hald er tonen den same: vår mann i den Internasjonale Olympiske Komitéen (IOC), Gerhard Heiberg, har gjort det klinkande klart at han ikkje vil ha noko tant og fjas under leikane: utøvarane skal utøve idrett, ikkje bry dei søte vesle hovuda sine med vanskelege politiske spørsmål som dei ikkje har noko med. Ingen andre enn Putin har lov til å nytte leikane til politisk propaganda. Og Idrettsforbundet dansar etter Heiberg si pipe. Det er klart dei gjer det. Idretten vil at Noreg, eller rettare sagt Oslo, skal søke om å få arrangere OL i 2022. Då er det viktig at alle marsjerer i same takt og ikkje gjer eller seier noko som kan vere ubehageleg for dei mektige herrane som utgjer IOC, og som det er svært, svært viktig (forklarar Heiberg) å halde seg inne med. Difor har Noregs Idrettsforbund leigd eit hus i Sotsji kor dei skal oppvarte denne makteliten; her skal dei mange føremonene ved eit hypotetisk OL i Oslo framførast, medan handplukka gjester får nyte alt det gode livet har å by på (champagne, sigarar, velduftande unge kvinner, kva veit eg). Husleiga for to veker er tolv millionar norske kroner. Det er prisen for å drive hor i Sotsji og gjere seg lekker for eit pampevelde så korrupt at dei ikkje lenger ein gong bryr seg om å skjule korrupsjonen. Dei veit at dei er for mektige til at nokon kan røre dei. Og i mellomtida, kvar dag, overalt i Russland, vert homofile banka opp, demonstrantar torturert, politiske aktivistar fengsla utan lov og dom. Dette er det vi seier ja til ved å glede oss over norske framgangar under OL dei neste to vekene. Eg beklagar, eg er ikkje med.