Magasinett

Synsingar

Utskrift

Bokhandlar, ikkje barista

Skrive av Atle Berge .

Foto: Wikipedia commons

Norske bokhandlar slit økonomisk. Heldigvis har kulturminister Thorhild Widvey funne løysinga: Kaffi.

 

15. januar melde Klassekampen at Oslo-bokhandelen Norli Universitetsgata må kutte i staben. 10,5 årsverk skal ut av lokala til bokhandelen Forfatterforeningen i 2013 kåra til årets beste. Veka før presenterte VG eit intervju med kulturminister Thorhild Widvey frå London. I den britiske hovudstaden hadde Widvey blant anna vore innom den store bokhandelen Waterstones, og kunne glad melde at ho der hadde funne løysinga på krisa til dei fysiske bokhandlane: Kaffi. Det kulturministeren hugsa best etter å ha besøkt den fem etasjar store bokhandelen, var kafeen.

Det beste med Norli Universitetsgata, er utvalet og kunnskapsnivået til dei tilsette. Personalet har god oversikt over bøker frå både norske og utanlandske forlag. Ingen ser uforståande på deg dersom du nemner tittelen på ei ny norsk diktsamling. I fagavdelinga i andre etasje, møter du folk som kjenner feltet dei har ansvaret for. Det burde vere sjølvsagt, men er det ikkje. Rett før jul var eg til dømes inne i ein av desse kakeform-og-kosedyrbutikkane som kallar seg bokhandel, og måtte stave namnet til ein av landets mest profilerte forfattarar til tenåringen bak disken: «T-o-r-e R-e-n-b-e-r-g.» 

For å spare pengar, har mange bokhandlar bytta ut fagtilsette med ufaglærte ungdommar, og satsa på større utval av kosedyr og kakeformer. Spørsmålet er kvifor konsernleiingane er så sikre på at dette er rette strategien? Når dei tilsette ikkje kan noko om varene dei sel, kan du og eg like gjerne kjøpe bøkene på nettet – enten i ein av dei store netthandlane som har alt, eller hos aktørar som satsar på fagkompetanse gjennom å presentere bøkene grundig. Det er også verd å merke seg at dei som slit mest i norsk bokbransje, er dei som satsar minst på fagkompetanse: Notabene. 

I dette perspektivet er det naturleg å tenke at løysinga på bokhandlarkrisa er å tilby noko meir enn bøkene, til dømes å kombinere bokutsalet med «kaffesalg og stolgrupper hvor kundene kan bla i bøkene, før de eventuelt kjøper», slik Thorhild Widvey foreslo i det nemnde VG-intervjuet. Det er sjølvsagt ikkje noko gale med å drikke kaffi og bla i bøker samstundes. Kaffi er godt det – når eg tenker meg om, trur eg kanskje det er favorittdrikken min – men i ein bokhandel må dette «noko meir» vere litteraturkompetanse. Ein bokhandlar skal vite kva for ei av bøkene til nobelprisvinnar Alice Munro det passar å lese først, ikkje kor mykje kondensert mjølk det skal vere i Latte Macchiato.