Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kulturråd i midlivskrise

Skrive av Mette Karlsvik .

Kulturrådet har midtlivskrise. Året før dei fyller femti blir dei tvungne til kutte med ti millionar kroner.

 

Kva skal dei gjere: Selje arvesølvet eller stramme inn på festbudsjettet? Kulturrådet sel arvesølvet. Dei kuttar litteraturpolitiske virkemidlar som har vore forfina og raffinerte gjennom eit halvt hundreår. Og aukar lauva til fest.

Kulturrådet kuttar i nynorskstønad og innkjøpsordninga, og gir til litteraturfestivalar. Eg køddar ikkje. Eg køddar aldri. Kødde-ordet er krisespråk. Dette er ikkje noko å tulle med. Dei konkrete konsekvensane av regjeringsskiftet kjennest no.

Nyleg kom det brev til forlaget frå Kulturrådet. Dei kjøper ikkje den siste utgivinga inn til biblioteka. Sitat: Vurderingsutvalget for sakprosa vedtok i møte 23.01.14 at søknaden blir avslått av budsjettmessige årsaker.

Eg har aldri lest ei slik grunngjeving for avslag før. Vanlegvis står det "dei kan ikkje stø prosjektet innanfor rammene av ordninga", eller skulder seg, som kosher er, på kunstnarisk skjønn. Men det er noko nytt i ordlyden denne gongen. Eg kjenner det som om vurderingsutvalet vil at nokon skal seie i frå.

Kvifor bry seg med dette Kulturrådet?

Kulturrådet forvaltar det meste av statlege kulturmidlar. Med regjeringsskiftet kom også melding om at dei skulle fornye seg. Dei "blir nytt" med fest og litterære arrangement, med billeg og populistisk smisk - på bekostning av ordningar som gir ro, føreseielegheit og ryddigheit til dei som produserer litteraturen. "Nokon skal skrive bøkene," stod det i Sigmund Løvåsens kronikk i Dagens Næringsliv, berre veker før Kulturrådet hadde rådsmøte. Den hjalp ikkje.

Då nyhenda kom om at KR skulle fornye seg, vart eg glad. Forny gjerne Kulturrådet! Kulturrådet har ikkje fungert optimalt så lenge eg har følgd med bransjen. Så lenge eg har følgd med, har dei delt overraskande raust til litteraturfestivalar og - arrangement. Eg har sjølv vore heldig å få vere deltakar på festivalar og arrangement, og har sjølv vore med på å arrangere festivalar som fekk stønad. Mykje stønad, har dei fått. Vi har hatt mykje å bruke - på å programmere og fly festivaldeltakarar inn, på å arrangere møte og vere vertar, på å legge tilrette for god utveksling mellom forfattarar. Festlege møte, då det skal vere ein fest, for publikum, det å komme til slike arrangement.

Arrangementa er viktige. Men ikkje så viktige som innkjøpsordninga og nynorskstønad. Dei er stønader som sikrar mangfald i litteraturen. Innkjøpsordninga muleggjer at norske bibliotek kjøper minst eitt eksemplar av mange bøker som blir gitt ut i Noreg. Med kutta, blir nok dei gode titlane framleis kjøpt inn. Men forlaga får mindre inntekt for kvar tittel som dei gir ut. Dei kan komme til å refusere fleire bøker.

Sofies Verden ville neppe blitt gitt ut utan innkjøpsordninga. Det hadde vore for mykje av ein sjans å ta, for forlaget.

Tomas Espedals første bøker vart kanskje ikkje gitt ut utan innkjøpsordninga, og kanskje ikkje Karl Ove Knausgård kunne neppe ha skrive Min Kamp-bøkene om han fór på litteraturarrangement og -festivalar. Johan Harstad, Jo Nesbø, Øivind Haanes, Marcus Midré, Oddmund Hagen, Jan Kjærstad er andre samtidige forfattarar som bruker meir tid i skrivestova, og mindre tid der ute i festlege lag, og som bygger stødige forfattarskap med konsekvens - og på kvar sine måtar - episke verk. Viktige verk - for norsk språk - men også for formidling av Noreg til utlandet.

"Bli ny" med Norsk Kulturråd

Då Kulturrådet skulle fornye seg, trudde eg at dei ville bevare ordningane som sikrar produksjonen av bøker. Noreg er blant landa med flest festivalar for kvar innbyggar. Kva skal ein med litteraturfestivalar om det ikkje er god litteratur å feire? Kva forteljingar skal ein fylle arrangementa med, om forfattarar ikkje har fått tid og rom på seg til å skrive dei?

Kulturrådet kutter i ordningar som har gjort norsk litteratur til ein av dei rikaste og mest mangfaldige i verda. "Innkjøpsordninga". Legg ordet i minnet. For ordninga skal komme sterkt attende. Ho er for god. Ho har vore jobba for mykje med. For mange folk har lagt for mykje studiar, ressursar i forminga av henne, til at eit slikt grovt og kunnskapslaust kutt får lage meir enn eit arr.