Magasinett

Synsingar

Utskrift

Det gløymde sviket

Skrive av Erlend Skjetne .

Frå markering av frigjeringa av sahrawiske territorium. Foto: jaysen naidoo/CC BY-SA 2.0-lisens

Eg oppdaga at eg nesten hadde gløymt dei sjølv, eg som dei fleste andre, så no er det på høg tid at eg slår eit slag for dei igjen, mine heltar sahrawiane.

 

Dei er dei opprinnelege innbyggjarane i Vest-Sahara, eit land på Afrikas nordvestre kyst, sør for Marokko og i luftline slett ikkje langt frå Kanariøyane, nesten fullstendig dekt av ørken. Sahrawiane har levd som nomadar i dette området i uminnelege tider, men som så mange andre afrikanske folkegrupper, vart dei koloniserte på slutten av 1800-talet, av Spania som elles hadde lite territorium i Afrika. Det var eit relativt godt forhold mellom spanjolane og sahrawiane, og det låg an til å bli berre betre då Spania på midten av 1970-talet byrja trekkje seg ut, med plan om overlata landet til dei som alltid hadde levd sine fredelege nomadiske liv der. Men så byrja vanskane, då Mauritania i sør og Marokko i nord såg sitt snitt til å annektere litt ekstra livsrom. Mauritania gav seg riktig nok fort, men Marokko under den sterke kong Hassan II, stod fast på at Vest-Sahara rettmessig tilhøyrde eit slags historisk Stor-Marokko som det no var på tide å gjenopprette. Det var ei blank løgn, og i utgangspunktet hadde dei våpenlause sahrawiane full støtte frå militærmakta Spania, som lova å forsvara dei. Men då Hassan var frekk nok til å sende herskarar av kvinner og born sørover frå Marokko og inn i det okkuperte området, ei hending kjent som Den grøne marsjen, vart det heile litt for komplisert til at spanjolane lenger våga å engasjere seg, dei trekte seg ut og lét sahrawiane segle sin eigen sjø. Kong Hassan hadde vore flink gut under den kalde krigen, i motsetnad til store delar av Afrika stod han på USA heller enn på Sovjetunionen si side gjennom alle desse ekstremt polariserte åra. Det hausta han fruktene av no som USA, og Frankrike som hadde styrt Marokko og nesten heile det vestlege Afrika i kolonitida, gav han og marokkanarane sin hugheile stønad. Det sahrawiske folket vart berre endå ein brikke, endå eit skuldfritt offer, i eit kynisk internasjonalt maktspel.

Den svarte marsjen var sahrawiane sin eigen marsj, vekk frå landet sitt til flyktningeleirar i ørkenen i grannelandet Algerie. Der har dei vore i nærare 40 år no, kringom 100.000 i talet, medan dei resterande sahrawiane, cirka like mange, har vorte ein minoritet i det store området som Marokko okkuperer og stadig sender fleire av sine eigne folk inn i. Dei fredsæle sahrawiane, væpna i hovudsak av sine gode vener i Algerie, har kjempa ein innbiten geriljakrig for sine rettar mot den overmektige marokkanske fienden, og har kontroll over ein indre del av ørkenen. Men den rike kysten og dei store fosfatleia i innlandet er framleis under marokkansk kontroll. Ulikt fleire andre sterkt pressa folkeslag rundt om i verda, har sahrawiane aldri tydd til terrorisme, og den rettferdige motstandskrigen deira er ikkje mykje klanderverdig i forhold til overgrepa Marokko driv med berre inne i området dei okkuperer, mot sahrawiane som enno bur der. Menneskerettsbrota er tallause i denne brutale politistaten, medan sahrawiane, om dei berre får styre sitt eige land, bør ha gode føresetnader for å kunne skapa eit velfungerande demokrati: Dei er av ei anna støyping enn arabarane generelt, det finst ingen fanatisk religiøsitet i deira rekkjer, ingen tradisjon for krig og vald, berre eit audmjukt og legitimt ynske om fridom frå ei okkupasjonsmakt som ikkje har noko på deira territorium å gjera.   

Det meste av verdssamfunnet står offisielt på sahrawiane si side, men USA og Frankrike støttar framleis okkupanten Marokko og hindrar difor effektive vedtak i FN. Ei folkerøysting om suverenitet for Vest-Sahara har lenge vore planlagt, men blir stadig trenert fordi Marokko ikkje vil godta den opplagte kjensgjerninga at deira folk, som er i Vest-Sahara ulovleg, sjølvsagt ikkje bør ha røysterett. At situasjonen er så fastlåst, at ingenting ser ut til å hende, er kanskje litt av årsaka til at saka Vest-Sahara veldig sjeldan er framme i media. Men når ein ser kor mykje merksemd til dømes det palestinske folket får, må ein likevel kunne kalle det eit svik at sahrawiane knapt blir nemnt. Ikkje minst er det eit enormt nederlag for det internasjonale diplomatiet: Når dei ikkje greier å ordne opp i denne konflikten, som eigentleg er ei glasklår sak med eit veikt offer og ein sterk overgripar, kan ein jo saktens lure på korleis evna til å løyse større og meir komplekse konfliktar er. Her kan vel ikkje Noreg åleine gjera anna enn å øve press. Men vel så viktig er det at norske selskap hevar sine moralske standardar til eit anstendig nivå, og ikkje driv forretningssamarbeid med marokkanarane på ulovleg okkupert territorium. Vi sivile kan jo gjerne tenkje oss to gonger om før vi reiser til Marokko på ferie og legg att pengane våre der.