Magasinett

Synsingar

Utskrift

Homoreservasjonane

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Foto: tedeytan/Flickr/CC BY-SA 2.0-lisens

Medan vi har diskutert reservasjonsrett har dei i USA diskutert retten til å reservere seg mot homofile kundar.

 

Det er sikkert ei kjent sak for dei fleste – reservasjonsretten snirklar seg fram gjennom høyringssystemet. Saka går enkelt og greitt ut på at legane skal kunne få lov (av kommunane) til å nekta å tilvise til abort, for å ikkje flekke samvitet med namnet i blekk på tilvisingspapiret. Kor mykje anna dei skal få reservere seg frå er uklart, men undersøkingar har synt at det allereie finst legar som reserverer seg mot p-prevensjon, hormonspiral og assistert befruktning. I høringsframlegget kom det fram at reservasjonslegane til og med kunne få sleppe å gje kvinner som vurderte abort informasjon om svangerskapet, men når media sniffa seg fram til det var Høie kjapt på banen og hevda at det hadde ikkje han eigentleg meint.

Kvinna er med sin seksualitet er ein potensiell synds-bombe for dei som er litt meir enn gjennomsnittleg religiøse. Kjønsjukdomar, abortar, barn – det er mykje litt skumle greier som kan og ofte kjem i etterkant av at kvinner tek frivole eller frie val. Er ein i mot sex før ekteskapet er det sikkert langt meir enn berre abort ein kunne tenkje seg å reservere seg mot.

Er ikkje dette å dra det litt langt, tenkjer kanskje du. Kanskje har du ekkoet av Erna Solberg som synst Stoltenberg og reservasjonsrettmotstandarane «overdriv». Det er sant at frontane har vore steile. Kvinnerørsla meiner det heile er ei innskrenking av abortrettane, reservasjonslegane meiner det handlar om deira personlege religions- og samvitsfridom. Spørsmålet er likevel om religions- og samvitsfridom er ei privatsak når det går ut over kva pasientar eller kundar du ønskjer å ha.

Kor grensa skal gå, for kva ein kan reservere seg mot, er eit anna sentralt spørsmål. La oss sjå på eit av våre store føredøme, USA, og sjå på ei rekke reservasjonsliknande lovforslag som har vore aktuelle det siste året.

Las oss reise til Arizona. Senate Bill 1062 (SB1062). Eit lovforslag for å verne om «religiøs fridom» til enkeltindivid og juridiske einingar (som føretak), som skulle gjere religion og religiøst samvit til ein legitim grunn for å bryte diskrimineringslover. Det vil seie at så lenge det var religiøst fundamentert ville lova gjøre det mogleg å nekte å servere homofile eller lesbiske personar, gje homofile eller lesbiske lån, eller for den del, legehjelp. Etter å først å vunne gjennom den lovgivande forsamlinga låg guvernøren i Arizona Jan Brewer 26. februar i år heldigvis ned veto mot lovforslaget. Det skjedde først etter ein massiv mobilisering og kamp frå særskilt organisasjonar som kjemper mot diskrimineringa av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (ofte forkorta lhbt). At folk kjempa som gale var ikkje utan grunn: Ti andre amerikanske statar hadde liknande lovforslag opp til handsaming.

Etter vetoet i Arizona låg dei fleste andre bort sine forslag. Det er bra. Men, det er skremmande likevel, at ein både i Kansas, South-Dakota, Tennessee, Maine, Idaho, Georgia, Ohio, Indiana og Missouri hadde ein sett liknande lovgivingsforslag – dei fleste har heldigvis falt. I Mississippi vedtok dei å «studere» slik lovgjevnad, for å undersøkje om det let seg gjere i framtida, medan lovforslaget endå ikkje er handsama i Missouri.

Kvifor har ein plutseleg sett alle desse lovforslaga om å styrke den religiøse fridomen – og når han fører til diskriminering av lhbt-personar? Eit hint finst i ei utsegn frå Arizonaguvernøren Jan Brewer, gitt etter vetoet, sannsynlegvis for å trøyste alle dei vonbrotne forkjemparane for lova:
– Eg ønskjer at forkjemparane for denne lovgjevnaden skal vite at eg forstår at tradisjonsrike normer omkring ekteskap og familien er utfordra meir enn nokon gong. Samfunnet vårt gjennomgår mange dramatiske endringar. Likevel trur eg fast at SB1062 ville skap fleire problem enn det hadde løyst, seier ho.

At desse lovforslaga  kjem etter at fleire statar vedteke kjønnsnøytrale ekteskapslover, underbygger samanheng Brewer peikar på: At ein religiøse reservasjonsretten er eit politiske grep for å motarbeide eit samfunn der ”tradisjonelle” verdiar er svekka. Dermed blir det synleg at kampen for den ”individuelle samvitsfridomen” ikkje berre handlar om individet, men om kampen for kva som skal vere viktigast i eit samfunn.

Og det, det gjeld sjølvsagt i Noreg òg. Når leger reserverer seg mot å tilvise til abort er det eit tydeleg moralsk og politisk standpunkt og dermed ei politisk handling – ikkje berre eit spørsmål om personleg samvit. Reservasjonsretten er dermed ekkel og farleg ikkje berre fordi han påverkar mulegheita kvinner har til å ta abort i Noreg, men fordi han legitimerer religionen som grunn for å nekte å utføre visse delar av eit arbeid eller ta i mott visse pasientar eller kundar.