Magasinett

Synsingar

Utskrift

Vårmoten 2014: Sidrumpe!

Skrive av Mette Karlsvik .

Frå filmen 101 Reykjavik frå 2001. Foto: Filmweb

Nordmenn er sidrumpa. Sjå til Island, som tenkjer størst!

 

Nordmenn er sidrumpa. Som finansfolk er dei mislykka. Økonomien lid under forsiktigheita deira. Nordmenn manglar mot til å investere, til å tenkje stort, til å satse og ta sjansar. Sjansar som kan ta dei. Sjå til Island, som tenkjer størst, som adopterer det amerikanske, progressive, produksjonsfremmande økonomiske systemet. Spennande, framtidsretta, moderne. Motsetnaden: Den nordiske arva. Atterhaldande, treige, nøkterne, keisame.

Islendingar tenkte slik om nordmenn, ifølgje Bergsveinn Birgisson. Forfattaren og universitetslektoren ved UiB budde på Island under ekspansjonen og den økonomiske boomen. Han flytta til Noreg før han rakk å bli påverka av "massesuggesjonen". Også dette med suggesjonen, er Bergsveinns teori. Islendingar fekk tilbod om å ta opp risikable valutalån. Dei kunne tape alt. Dei kunne også vinne mykje. Dei er kontroversielle lån. I Noreg er dei ikkje eingong lov. "Alle tok opp slike lån på Island. Det vart ein suggesjon", meiner Bergsveinn. Norske styresmakter retta ein åtvarande peikefinger. Då Islands økonomi kollapsa hausten 2008, då Island ønskte økonomisk stønad frå Noreg, var vi atterhaldne. "Kva var det vi sa?", var det nokon som mumla. Mange islendingar vart sinte av den haldninga. Men det skal ha gått over.

Då islendingar såg kor den amerikanske måten bar, endra mange inntrykk av "sidrumpa nordmenn". Nøkternt vart det nye kul. Islendingar valde seg, som nordmenn hadde då, ei raud-grøn regjering. Fleire uttrykte skam over korleis dei hadde valt tidlegare; at dei hadde latt nyliberalismen regjere gjennom mange tiår, og at dei hadde, liksom ufiltrert, som land, latt marknadsøkonomi og kapitalisme sleppe til. Dei spurde seg, seinare, kvifor ikkje journalistar eller andre av statens vaktbikkjer hadde ropt varsku. Blant svara var at avisene var eigde av ekspansjonsvikingar som Jon Asgeir Asgerisson. Ein journalistikkprofessor frå Háskola Islands uttalte at journalistutdanninga også har skuld. At studentane ikkje har lært kjeldekritikk, at dei har lite integritet som analyserande, gravande journalistar, og var mikrofonstativ. Som ikkje stilte kritiske spørsmål, men som berre transkriberte intervjua etterpå.

Merkeleg. Vennene mine på Island sett "personleg integritet" først og fremst. Dei seier imot, svarar ikkje i følgje forventingar. Det går som sport i å overraske. Og her er det igjen: Sporten, spelet, spenninga. Søken etter det ekstreme. Inntrykket mitt av islendingar, er at dei drar dette og hint til ytterpunkt. Under boomen var dei ekstremt formelle i klesstilen. Kvitskjortene var ekstremt kvite, av ekstremt fint tekstil, med dei stivaste snippane ever. No er dei ekstreme i bruken av ull, av loppapeysaer og tova jakkar. Skjegg og lusekofter er den nye uniformen, og blir brukte på kontoret, via Allthingi, til dansegolva. Kan Island nokon gong lande på middelvegen? Og er det no slik at vi i Noreg er til å sjå opp til, økonomisk sett? Eller gjorde Jens Evensen, frå det norske Utanriksdepartementet jobben, tidleg på sekstitalet, då vi kom svært godt ut av forhandlingane om Noregs kontinentalsokkel?

Olje er ein konjunkturbasert vare. Men det er også til dømes tekstil, fisk. Island er sårbar for endringar i konjunkturar. Det var ein gong at tilfanget av fisk skilte gulltider frå dei tronge tider. Under Menningarsjokk, islandske dagar på Litteraturhuset i Bergen, fortalde administrerande direktør i Forleggarforeninga, Kristenn Einarsson, om fiskarslekt på Island. Fiskarane hadde hatt nokre gode turar. Dei håva inn sild og islandske kroner. Så mykje, at dei køyrte med taxi til Reykjavik, tok inn på eit godt hotell i Laugagata, og let taxien stå utanfor, heile natta. I tilfelle dei skulle trenge han. Takstameteret, det gjekk. Karane skal ha hatt ei god natt ute på byen. Moralen skal ha vore å arbeide hardt, og så feste hardt. Ein spenstig haldning til festen. Men så fekk ikkje festen vare så svært mange dagar heller.

Forholdet til fest, til det å ta seg ei skikkeleg fest, ser ikkje ut til å vere annleis i dag. Sjølv kleda er liknande i dag, som den gongen. Då var det rett på byen, i lusekofta. Vårmota 2014 liknar søttitalets. Men no er det kanskje ikkje så stort eit tabu, lenger, om buksa sig litt, der bak. Sidrumpa ser ikkje ut til å vere like mykje av eit skjellsord lenger.

Kor gode dei er til finans, gjer noko med sjølvbilda til islendingar. Sjølvbildet deira verkar inn på forholdet til Noreg, og til resten av verda. Desse tilhøva verkar igjen inn på økonomien.