Magasinett

Synsingar

Utskrift

Krimfri påske

Skrive av Atle Berge .

Tre lesetips til deg som er lei mordgåter med meir eller mindre skuffande enkle løysingar.

 

Avisene har den siste tida vore fulle av tips til kva du bør lese i påska. Dessverre er det utelukkande konvensjonell kriminallitteratur det blir tipsa om. Krim kan sjølvsagt vere underhaldande nok. Problemet er berre at eg kjenner meg så tom etterpå. Nok ein gong har eg sløst bort livet mitt på å konsumere ei oppdikta mordgåte eg heile tida har vore klar over vil få ei meir eller mindre skuffande oppklaring til slutt. For å unngå at du om eit par veke sit med den same kjensla, kjem her tre bøker som har det til felles at dei held fram med å vere gåtefulle etter siste side.

1. Den tredje politimannen (norsk 1997)

Romanen til Flann O`Brien (1911-1967) har overflatisk sett alt som kjenneteiknar konvensjonell, likegyldig påskelektyre: Boka startar med eit mord og ein gjerningsmann på rømmen frå politiet. Likskapen med bøkene til Liza Marklund stoppar der. Den største forskjellen er nok at politimennene til O`Brien er halvt sykkel, halvt menneske. Tida er forresten heller ikkje til å stole på: Minnet til karakterane forsvinn og kjem tilbake rimeleg usystematisk, og vi får også vere med inn i ein evig heis. Slik blir det store spørsmålet i romanen ikkje kven som er mordaren, men kva i #$»%# det er som skjer.

Har du nokon gong hatt lyst til å lese ei bok som kombinerer Fjodor Dostojevskij med Lewis Carroll, Forbrytelse og straff med Alice i Eventyrland, må det nok bli denne.

2. Knakk! Om fenomener og eksistenser (norsk 1997)

Den rusiske absurdisten Daniil Kharms (1905-1942) skreiv denne kortprosasamlinga i Stalin sitt Sovjet. Som dei fleste andre som skreiv under Stalin i Sovjet, hadde Kharms store vanskar med å få publisert litteraturen sin. Løysinga vart å kalle seg barnebokforfattar. Slik kunne Kharms late som om tekstane hans – ofte naive i skrivestil og absurde i livshaldning – var nettopp det (naive i skrivestil og absurde i livshaldning) for å passe barna sitt univers, ikkje for å framstille det absurde ved tilværet under Stalin-regimet.

I løpet av dei 108 sidene, tek Kharms livet av minst dobbelt så mange som Jo Nesbø klarar på 500. Drapsmetodane er minst like oppfinnsame: Lesaren møter mellom anna menneske som et erterstuing til dei dør, og som «på grunn av overdreven nysgjerrighet» går «på huet ut av vinduet» og slår seg ihel. Knakk! passar med andre ord perfekt som alternativ-påskelektyre.

3. Bibelen

Eit tåpeleg rykte vil ha det til at påska ikkje handlar om Liza Marklund, Jo Nesbø eller påskekyllingar, men om Jesu liding og død. Profetane sine fråsegner om korleis Judas gav Jesus til overprestane med eit kyss, medan Jesus sjølv lét seg fange og korsfeste utan motstand, er ei svært velskriven historie med ein svært gåtefull slutt. Noko av det mest slåande når ein les historiene om «Jesu liding og død» (Matt 26-27, Mark 14-16 og Luk 22-24) er forresten korleis moderne kommersielle forteljarar har tværa ut historiene, bygd på og bygd på, medan bibelspråket går rett på sak:

Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane og sa: «Kva vil de gje meg om eg gjev han over til dykk?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han. Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus (Matt 26,14-16).

Snakk om effektiv cliffhanger!