Magasinett

Synsingar

Utskrift

Å vera som eit eventyr

Skrive av Marit Lajord .

Marit Lajord på veg til stølen. Foto: privat

”Når du pratar høyrest alt ut som eit eventyr”. Er det rart at det å legge om til vangsgjelding er noko av det smartaste eg har gjort?



Før du les vidare må eg berre understreke, at sjølv om det å legge om frå bokmål til dialekt er langt opp på lista over smarte ting eg har gjort, er det langt frå sikkert at det same gjeld deg. Truleg talar du nett slik du vil og er særs nøgd med det. Kanskje tenkjer du at det å drive språkleg påverknad er litt teit(og det er det jo). Då ei tante i barndommen konstaterte at eg ikkje hadde nokon Vangsidentitet sidan eg tala bokmål, vart eg eitrande sinna og bestemte meg for å aldri legge om – eg hadde jo identitet god som nokon, bunad, historier og djup kjærleik til heimbygda.

Jamvel om dei færraste går i bunad eller t-skjorte med namnet på heimstaden kvar dag, er det med geografisk identitet uproblematisk – vi spør kvarandre kvar vi kjem ifrå. Og så er jo identitet langt meir enn der vi kjem frå(men det skal det ikkje handle om her). Så som ei oppmoding om å halde på dialekten eller legge om, er denne teksten lettbrusvarianten.

Men fyrste helga i juli i 2011 la eg altså om til vangsgjelding. I alle fall prøvde eg det. For eg knotar framleis som eit torever, tek meg sjølv i å seie ting som ”veldig” eller ”snakke” og er langt frå stø. Eg hadde aldri lagt om til bokmål, hadde ikkje noko språk som var mitt. Eg måtte bruke det eg hadde fanga opp frå bestefar, grandtante og på butikken, og så tale med far min og andre sambygdingar (men også dei har det med å knote).

Kvifor?Eg plar seie at det var som eit sjekketriks (det har ikkje fungert). Men sanninga er nok at det var del av mi evige identitetskrise – mellom land og by, mellom å vera som Synnøve Solbakken i bunad eller elegant i drakt, mellom ynskje om å springe i blomsterenger eller på flyplassar, mellom draumane om låvebrua heime og ei leilegheit i Oslo.

Vel tre år seinare, er eg framleis i identitetskrise. Men det å tale vangsgjelding 90 prosent har vorte noko av det smartaste eg har gjort.

Fordi! Det er kanskje verdas beste geografiske identitetsmarkør – småprat, jobbintervju og kollokviegruppe vert mykje festlegare. Og sidan dialektane kan vera like, folk ikkje følgde heilt med på den timen ein hadde om dialektmerka på vidaregåande og eg knotar, kjem alltid spørsmåla: kjem du frå Telemark? Ål? Toten? Finnmark? Sidemål? Når eg har svara Vang, er det alltid nokon som kjenner naboen, har ei hytte rundt svingen eller ein tremenning nabokommunen. Og eg kan fylgje opp med røvarhistorier, bygdefestar, småkommunepolitikk, snøscooterar og sau.

Fordi eg likar skryt: ”for en vakker dialekt du har”. Og eg likar å nytte vakre ord. Søykja for sytten. Kødn for korn. Sel for glad. Så seier folk hæ, og eg føler meg litt som eit eksotisk vesen.

Men det viktigaste er nok at eg ikkje treng forklare så mykje (bortsett får orda folk ikkje forstår). Kvifor steinplukking, slåtten, stølen, bygdedyr og inhabilitet, plutseleg dukkar opp i samtalane. Kvifor det å vera einaste jenta i klassa, det å ikkje ha russebuss eller det å måtte køyre buss i ein time til næraste kjøpesenter, har gjort noko med meg. Fordi Vang alltid kjem til å vera ein stor del av meg – uansett kvar eg bur.