Magasinett

Synsingar

Utskrift

Sjukt lite likestilt

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Syk pike av Edvard Munch.

Skal kvinnene blir friskare må menn endre seg. Då blir kanskje samfunnet friskare òg.

 

Dei siste dagane har diskusjonen rast. Kvifor har norske kvinner høgare sjukefråver enn menn? Allereie i 2012 skreiv overlege Ebba Wergeland i Arbeidstilsynet om kvifor kvinner ser ut til å ha høgare og aukande sjukefråver. Ho peiker på faktorar som at kvinner blir gravide, får barn og ofte må vere heime med dei om dei er sjuke, i tillegg til det faktum at kvinner er i fleirtal i omsorgsyrke, som ofte både er fysisk tunge og som ofte bringer ein tett på andre menneske – noko som igjen gjer at ein har lett for å bli smitta.
For overlegen  i Arbeidstilsynet er det altså i ein kjønnsdelt arbeidsmarknad forklaringa ligger.
Men, det er så klart ei keisam forklaring. Særskilt for alle som vil oppretthalde status quo, som vil at menn framleis skal tene meir enn kvinner og ha lågare sjukefråver (les: Menn). I staden for å sjå på dei store strukturane (som det er tungt og vondt og vanskeleg å gjere noko med) eller rolla menn speler i kvinnehelsa, er det fristande å peike på kvar einskilde kvinne, å få debatten til å handle om kva ho gjer feil og kva ho burde gjort annleis. Ofte handlar det om tankar: Ein må berre tenkje annleis. Det er ikkje noko feil med systemet, kvinner må berre bli litt tøffare. Anten det kjem frå vellukka unge menn,  forskarar eller politikarar er det like usmakleg. Fordi det framstiller sjukdomen kvinner har som manglande evne til å ta vare på seg sjølv, manglande integritet, manglande evne til å tenkje sjølv og «gje faen» i kva andre meiner om ein. Nett kor infantiliserande dette er, har mellom anna Guri Idsøe Viken skrive eksemplarisk om. For når blei det eigentleg greitt å redusere sjuke kvinner til «piker»? Å framstille vaksne kvinne som barn?

Ikkje minst er det problematisk fordi det set menn sitt sjukefråver som normalen. Det er kanskje ikkje så rart, i eit framleis ulikestilt samfunn går gjerne menn og maskulinitet for ein «gylden» og nøytral standard. Men kor ideelt er eigentleg det? Vi veit at kvinner lever lengre enn menn, og vi veit at kvinner går oftare til legen enn menn. I vår skreiv Simen Markussen, forskar ved Frischsenteret, i Dagens Næringsliv om ulikskapen ved kvinner og menns forhold til eigen helse. Han konkluderte med at kvinner berre var «meir forsiktige» enn menn. Eg er freista å heller seie fornuftige.

Kanskje burde vi snakke litt om kvifor menn ikkje går til legen, ikkje sjukemeldar seg?
For kan vi ikkje vere samde i ein ting: Når ein først er blitt sjuk, er det bra å gå til legen. Det er bra å få ei medisinsk vurdering av korleis ein skal bli frisk. Og om legen meiner det er rett, er det bra å sjukemelde seg. Også kan vi slutte å trakassere langtidssjuke med alle moglege «råd» om kva dei skal gjere for å bli friske. Anten folk lir av kreft, ME, depresjon, angst eller noko heilt anna får vi alle gå ut i frå at dei i samarbeid med legen sin og helsevesenet gjer sitt beste for å bli friske. Og at legen, eventuelt den sjuke, sannsynlegvis veit best.  Då er det heilt meiningslaust å kollektivt overause dei med råd om korleis dei skal «tenke meir positivt», ete meir helsekost eller trene seg frisk. Ikkje berre er det meiningslaust, det faktisk òg ganske stigmatiserande. For det inneber ein grunnleggande tru på at ein sjølv veit betre enn både den sjuke og legen hens.
Og når det snakk om mindre alvorlege ting som influensa og liknande. Kan vi ikkje berre vere samde om at det er bra å halde seg heime? For kor bra er det eigentleg at folk med influensa går på jobb, og ikkje berre presterer dårlegare fordi dei er sjuke (og er lengre sjuke, fordi dei ikkje tek seg tid til å bli friske), men òg smittar andre, andre som potensielt sett kan bli endå sjukare fordi dei kan ha nedsett immunforsvar eller andre sjukdomar som gjer influensa ekstra alvorleg? Kor mange kvinner blir sjuke, fordi folk går sjuke på jobb, fordi foreldre sender sjuke folk i barnehagen?

Fint, vi er samd. No som vi har blitt samde om at det er bra å vere heime frå jobb om ein er sjuk, og at det er bra å gå til legen, kan vi snakke om førebygging og folkehelse.

Då vil eg gjerne ta opp desse aspekta:

• Vald mot kvinner:  Omlag av ei av ti kvinner  har opplevd grov vald i nære relasjonar. I tillegg har ei av ti kvinner har opplevd valdtekt. Skal kvinner få betre helse, må kvinner vere trygge frå overgrep frå menn.

• Trakassering av kvinner: I SSB sin levekårsundersøking frå 2007 kom det fram at heile 12 prosent av kvinnene følte seg seksuelt trakassert på arbeidet ein gong i månaden eller oftare. Det blir ingen friskare av.

• Skjønnheitstyranni og objektifisering av kvinne: Går du rundt i byar som Oslo, vert du jamleg møtt av enorme, halvnakne, retusjerte kvinnekroppar. Også kalla «reklame». Saman med moteblad, avisreklame, nettreklame og venleiksindustrien lurer dei oss til å tru at vi først og fremst får verdi ut i frå korleis vi ser ut, og at vi aldri blir bra nok. Det tener nokon mange pengar på. Kvinner, folkehelsa og samfunnet er ikkje blant vinnarane.

Kanskje kan vi snakke litt meir om desse store, strukturelle problema for helsa til norske kvinner. Kanskje kan menn engasjere seg meir i korleis dei sjølv kan motverke undertrykking av kvinner. Men det er klart, det er lettare å vifte formanande peikefingre mot kvinner enn å rette dei mot andre menn, eller gud forby, seg sjølv.

Eg gler meg til Aftenposten lagar eit nytt intervju med fire menn om kvinners helse. Kanskje kan overskrifta vere: Slik arbeider vi for likestillinga rundt oss. Eller: Slik arbeider vi for kvinnehelse.

Då skal eg ta dei på alvor. Då skal eg tru at desse gutta verkeleg vil det beste for oss. Då trur eg vi er på veg mot eit friskare samfunn.