Magasinett

Synsingar

Utskrift

Menneskeskapte menneskeendringar

Skrive av Mette Karlsvik .

Foto: Forge Mountain Photography / Will Thomas/Flickr/CC BY 2.0-lisens

Hadde dei ikkje filt ned tennene til Pål, hadde eg skjønt tidlegare at eg elskar han.

 

Det finst ein korall i fjorden nedanfor Nordstrand. Korallen bygger eit sambu, eit korallrev. Korallrevet er eit komplekst kollektiv. Kvar korall utfører sin einskilde og viktige oppgåve. Til saman utgjer dei ei velfungerande eining. Ikkje berre er det fargerikt og flott å sjå til. Det visuelle mangfaldet speglar styrka som er i kollektivet, som fabrikk:

Kvar og ein av korallane blir fødd med sin greie; kvar og ein av dei så vidt annleis enn den andre. Avgassar frå Ringvegen reagerer med havet. Faxafloi blir sur. Syra endrar korallen. Forureininga går på sanseapparatet hans først. Forvirrar han, og får han til tenkje i sirklar. Frå å produsere korallar som utviklar kollektivet vidare, byrjar korallen å klone seg sjølv. Frå å lage korallar med særeigenheiter, blir berre ein type korall reprodusert. med eigenskapar som få av dei andre i korallrevet har, blir korall ein til ein identisk korall to. Korallrevet fungerer dårlegare. Det døyr.

Det ser ut som om folk blir meir like kvarandre. At samfunnet blir homogenisert. Tenåringsjenter bleikar tenner og hår, og rettar håret ut. Mange tar venleiksoperasjonar. Mange prøver å likne det som er idealet, i andlet, kropp, klede. Presset for å kjøpe særskilte klede er stort. Og kva skjer då: Blir vi meir like kvarandre? Tar vi vekk særeigenheitene våre, og, heller enn å fylle kvarandre ut, prøver å passe inn? Tja. På overflata ser vi ut til å bli like. Kommersielle krefter får oss til å handle særlege varer, og det sosiale krev sitt. Men om det er verre no enn før? Er vi meir like kvarandre i dag enn folk var like kvarandre før? Har menneska byrja å klone seg sjølv, for å reprodusere ein særleg type, om og om att?

Det første eg falt for hos Pål, var energien hans. Intensiteten i samtalen, og denne samtalen som varte og varte, og varar og varar. Nyleg fortalte han meg at han hadde andre hjørnetenner. Nesten litt vampyraktige. Ikkje så mykje, men nok til at skuletannlegen filte dei ned. Både hjørnetennene, og heile tannrekka, til ei perfekt jamt glis. Godt over tretti år sidan, skjedde dette. Det tok tid frå meg. Tida eg tenkjer på, er den eg bruker på å verkeleg falle for han. Hadde eg sett det vampyraktige, då ville eg raskare blitt kjent med han, med alt det inneber av viktigheit for kjærleiken.

Ein skal jo finne den rette; skal bruke sansane til å orientere oss, og finne den gode matchen. Den matchen som gir godt avkom, som fører slekta vidare, osv osv. Optikk er ein måte å orientere seg – både i kjærleik, og i rommet, for overleving. Lukt og smak er andre måtar. Feromon er luktstoffet som vi gaidar oss etter i kjærleiken. Forureining endrar luktar, smakar, og evna vår til å lukte og smake, sjå og kjenne. Om ikkje det er nok med den ufrivillige forvirringa av sansane våre, så går vi også aktivt inn for å file ned tenner, rette ut hår. I beste fall vel vi berre feil kjærast, rotar rundt ekstra lenge før - dei av oss som ønskjer å gjere det – stiftar bu, får familie. I verste fall rotar vi verkeleg rundt, i verda, og i oss sjølve. Sjøkorallar sluttar å utvikle arten og revet vidare, og reproduserer den same korallen om og om att. Biene snur, og flyg rett på kvarandre, til ein ball. Blomster blir ikkje pollinerte. Plantar, grønsaker, frukter, korallrev forsvinn. Folk forsvinn viss biosystema kollapsar. Biosystem kollapsar ikkje nødvendigvis om folk forsvinn.

Bier går inn i kvarandre, heller enn inn i blomster. Berre ein ball av bier heng frå treet. Frukter, blad, blomster døyr. Det blir færre naturlege luktstoff i lufta. Lukt blir eit dårleg kompass. Folk går i spor etter folk; følgjer menneske, liknar menneske, liknar menneske. Mangfaldet forsvinn. Samfunnet får færre spesialistar. Sirkelrørsle blir det tryggaste. Å alltid komme attende til det same punktet som ein byrja. Korleis vi framstår i samfunnet, også som barn, formar oss. Mottakinga hos andre blir forma av korleis vi ser ut. Guten med dei fine tennene blir godt likt. Av lærarar, medelevar, og får god respons som barn; blir ein tillitsfull vaksen, når han møter meg. Eg trong ikkje vampyrtennene hans for å like han.