Magasinett

Synsingar

Utskrift

Mållaus

Skrive av Jens Haugan .

Jens Haugan med dikt om å vera mållaus.

 

Mållaus er du
når du ikkje kan greie
enkelt og rett fram å seie
det du har i hovudet ditt,
det som mellom øyra sit.

Mållaus blir du
når du får bråk
berre fordi du bruker eit språk
som andre ikkje likar godt,
som andre har i vrangstrupen fått.

Mållaus blir du
når du registrerer
alle dei som kverulerer,
over språket ditt, som dei også må lære,
men som dei likevel ikkje vil ære.

Mållaus blir du
når du ikkje kan skjønne
at andre ikkje ser det vil lønne
seg å lære også andre mål
og møte menneske med takt og tol.

Mållaus blir du,
ja, det er eit rov
når andre ikkje vil gje deg lov
til å bruke språket som er ditt,
språket som i hjartet sit.

Mållaus blir du
når du ikkje kan greie
enkelt og rett fram å seie
det som mellom øyra sit,
det som er i hjartet ditt.