Magasinett

Synsingar

Utskrift

Martin (16) og eg

Skrive av Nils Henrik Smith .

Martin Ødegaard spelar på landslaget og no òg Real Madrid. Foto: Martin Eggen/CC BY-SA 4.0-lisens

Tidleg i førre veke vart det kjend at den unge drammensaren Martin Ødegaard var klar for Real Madrid.

 

Denne nyhenda utløyste hysteriske tilstandar i Noreg. Flag gjekk til topps! Champagnekorkar fór i taket! Regjeringa erklærte nasjonal festdag! (Neidå, dei gjorde ikkje dét, men viss dei hadde gjort det, ville det overraska ingen.) Vår eigen Martin (16) til sjølvaste Real Madrid! Eit mirakel! Han er redningsmannen! Samstundes heva seg einskilde kritiske røyster. Han er for ung! sa dei. Det er altfor tidleg! Pengane kjem til å øydeleggje han! Han vil ikkje tole presset. Desse kritiske røystene gav alle uttrykk for å vere bekymra for Martin (16). Men dét var sjølvsagt ikkje sant. Sanninga var at dei var misunnelege. Og dét skjønar eg godt. Eg er nøgd med det livet eg lever i dag, men eg skulle gjeve mykje for å vere 16 år og verdas største fotballtalent. Ødegaard ser ut som eit boyband-medlem. Han framstår som gjennomført jordnær og sympatisk. I tillegg er han altså latterleg god i fotball. At dette er vanskeleg for mange å godta, er ikkje til å undrast over. Eg meiner: Han har alt spelt for landslaget, noko eg aldri kjem til å gjere, og det synst eg, når sant skal seiast, er blodig urettvist.

Eg tvilar ikkje på at Martin elskar fotball, men eg nektar kategorisk å tru at han elskar fotball høgare enn eg gjer. Heilt sidan eg var seks år – og far til Ødegaard tolv(!) – har eg vore fanatisk oppteken av dette guddommeleg vakre spelet. Tallause er dei timar eg har brukt til å tileigne meg kunnskapar om fotballens univers. Og eg kan mykje om fotball, altså. Martin er god, det er så, men kan han fortelje kva som er tilskodarkapasiteten på Stadio San Nicola i Bari? Eg tvilar sterkt.

Om mi eiga aktive fotballkarriere kan eg fortelje følgjande: Eg spelte fantastisk, kamp etter kamp, men berre om natta medan eg sov. I vaken tilstand var eg ikkje ein gong moderat talentfull. Eg slutta fordi eg hamna på benken, og det laget eg sat på benken for var så absurd elendig at det tapte kvar einaste kamp den siste sesongen eg var aktiv. Nøkterne spekulasjonar går ut på at Martin Ødegaard i Real Madrid vil tene 15-20 millionar kroner i året. Då eg var seksten, tilbrakte eg heile sommaren med å plukke tomatar. Akkord. 10 kroner kassa. Viss ein var ekstremt effektiv, kunne ein fylle fem kassar i løpet av ein time. Det gjekk mange år før eg smakte ein tomat igjen. Eg spelte gitar, og var sånn ca den femte beste gitaristen på klassetrinnet mitt. Eg hadde, så vidt eg hugsar, alt forma ein ambisjon om å verte forfattar, og brukte kveldar og netter til å skrive, men det eg skreiv på denne tida, var sjølvsagt fullstendig håplaust. Eg hadde ein kjærast, men dumpa henne fordi eg var ulukkeleg forelska i ei anna jente, som eg aldri fekk. Og så bortetter og så bortetter og så bortetter. I det uendelege.   

Poenget med denne synoptiske skildringa av mine traurige tenår er som følgjer: Det er min ungdom som er normal. Martin (16) er eit unnatak, og eit ganske ekstremt eitt. Svært få av oss har eit eksepsjonelt talent. Nesten ingen har eit eksepsjonelt talent som slår ut i full blome straks vi er ferdige med stemmeskiftet.

Det er óg normalt å vere misunneleg på Martin Ødegaard – særleg for dei av oss som for lengst har måtta erkjenne at vi er for gamle til over natta å verte ein internasjonal sensasjon. Men å vere misunneleg er ikkje særskilt konstruktivt. Og heller ikkje særleg stilig. De som er Ødegaards jamaldringar, er likevel i dykkar fulle rett til å vere så misunnelege som de måtte ynskje: De er trass alt framleis i ein livsfase kor det er teoretisk mogleg å sjå dykkar sjølv i hans stad. (Det vil aldri skje, eg beklagar, men det er jo lov å drøyme.) Gamle grinebitarar som eg, derimot, bør ha nok livserfaring til å vite betre. Det klokaste vi kan gjere, er å ynskje guten lukke til, og deretter halde kjeft.