Magasinett

Synsingar

Utskrift

Eg hjartar dei

Skrive av Mette Karlsvik .

Foto: O. Ortelpa/CC BY 2.0-lisens

Eg håpar dei veit det.

 

Medan eg skriv dette, blir nokon drepen fordi nokon ikkje liker det dei skriv, seier, teiknar. I Vietnam, Eritrea, Tyrkia, Kviterussland, Russland, Iran, Paris døyr folk fordi dei ytrar seg fritt. Sjølv kunne eg ofte hatt godt av noko motstand når eg ytrar meg. Eg har jo ikkje vakse opp med sosiale medium. Sosiale medium bruker meg. Eg kan ikkje å bruke dei.

Du som les denne spalta kunne ha skrive i denne spalta. Sannsynlegvis. Sannsyet er stor for at du som les dette har vakse opp med sosiale medium og bloggar. Du kan sannsynlegvis internett betre enn meg. Du bruker internett. Sjølv kan eg la meg bli brukt av internett. Eg lar meg overvelde av det, og har få internettfilter og – verktøy. Eg blir distrahert, og sitt i timar og glor. Glor på liva til kontaktane mine på Facebook. Nokre av dei legg hjarta sine i handa mi. Dei gjer det på skjermen. Og eg, eg sit og glor. Eg ønskjer eg hadde sett dei inn i auga. Eg ønskjer meg ein hjarte – til – hjarte – samtale, og sagt nokre viktige ting. Spurt korleis ho har det, og kanskje få lov til å hjelpe. Kanskje fekk eg sagt noko som gjorde ei endring. Men dei får ikkje den typen samtalar. Ting endrar seg ikkje. Dagen etter er ho like mykje ein karakter på Facebook. Klåre fargar, skarpe trekk, på skjermen. Skjermen reflekterer at ho må ha ein besteven å spegle seg i. Alltid har ho ein besteven ved sida si på bilda. Bestevenen endrar seg frå veke til veke. Klarar ho ikkje å stå aleine. Klarer ho ikkje halde på venen. Kjem ho i konflikt med folk. Blir brått illsint, og tar til dei sterkaste orda. Også her, i dette halvoffentlege rommet. Her kor eg sit og glor, og blir betre og betre kjent med henne. Ho som eg sjeldnare får møte, og som ikkje blir ein heil person for meg. Ho blir berre denne karikaturen. Ein karikatur som får meg til å smile. Smilefjes, smilefjes, hjarte, hjarte, og oppovertommel! Når eg kommenterer, kjem profilbildet mitt opp. Medan eg skriv dette, er profilbildet mitt svart. Og i kvitt, over det svarte, står «Je suis Charlie».