Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kjære systrer

Skrive av Mette Karlsvik .

Frå plakat for kvinnedagen i 1914.

I dag, søndag 8. mars, har kurdiske Mahsa Nikan bursdag. Det er kvinnedagen.

 

Her heime går han til kjekling mellom dei raude og dei blå politikarane. Samstundes blir kvinner og jenter kjønnslemlesta her heime og i utlandet. Då Masha Nikan framleis budde i utlandet og ikkje i Noreg, fann ho ut at ho  ikkje trur på Allah, og ikkje er religiøs. Men det kan ho ikkje seie. Det er livsfarleg for ei kvinne å seie det i Kurdistan. Det er så mykje Mahsa Nikan ikkje kan seie, som menneske - som kurdar, i Iran. Ho flyktar til Kurdistan. Men også der har ho utfordringar med ytringar. Ho flyktar til Noreg, og får hjelp av skrivesøstrer som Tyra Tronstad til å omsetje litteraturen sin til norsk. Mashas forteljingar gjer Oslo større. Hennar syn på kvinnedagen gjer dagen større. Iran, som hadde dårlege kår, blir verre. I 2012 forbydde president Ahmadinejad kvinner å spesialisere seg i universitetsfag. Då Hassan Rouhani blei president blei det fleire reglar for kvinners klede.

Nikan saknar ikkje Iran. «Eg elskar Oslo», seier ho. «Eg gler meg til å reise heim til Oslo», tenkte ein annan kurdisk kunstnar og flyktning. Shwan Dler Qaradaki elskar Kurdistan. Men hatar Irak. Og har gjort Oslo til sin heim. Her fargar han bybildet i sine fargar, deler historiene sine med oss, og har blitt ein uunnverleg del av kunstscenen – fagleg sett og sosialt sett.

Saman gjer Mahsa og Shwan Oslo større. Dei er blant dei kurdiske kunstnarane våre som vaks opp i spenninga mellom strenge og totalitære regime – og den meir frie og liberale kurdiske kulturen. Vel passar storebrør godt på systrene sine, også i dette muslimske samfunnet. Vel vakta Shwans eldste onkel syster si, Shwans mor. Men ikkje meir enn at ho fekk han ho ville ha, og fekk Shwan og ni andre ungar. Påpassinga var gjort av kjærleik, ikkje av Koranen. Qaradakifamilien er ikkje så veldig religiøse. Men er heller ikkje ateistar.

Mamma Qaradaki ligg vaken om natta mens dei eldste sønene er i krig. Ho græt så hardt at Shwan fryktar at ho døyr av sorg. Storebrørne til Shwan menneskeleggjorde myta om kurdisk macho. Også Shwan er ein slags krigar. Men våpenet hans er pennen. Shwan formidlar sin flyktning- og krigshistorie til ungdommar på eit språk som «alle» skjønner: Symbol, illustrasjonar, animasjon, voice-over i klarspråk. Sterke historier om å vere på flukt, frå eit nomadefolk, som kurdarar opphaveleg var.

I dag, søndag 8. mars, tenkjer eg på desse; vandrarane, krigarane i ord og bilde. Ikkje først og fremst om måten å kjempe kampane sine. Men kva kampar ein skal velje å kjempe. Det finst framleis kvinnekampar å kjempe. Vel dei med omhu, medsystrer.