Magasinett

Synsingar

Utskrift

Tjuv Deja Vú

Skrive av Mette Karlsvik .

Foto: Roger Nolan, Flickr/CC BY 2.0-lisens

Irriterande? Ja. Livsfarleg? Nei.

 

07.30 AM. Eg har møte klokka åtte. Veit at eg rekk det akkurat, om eg syklar om Slemdal og ikkje Smestad. Kjem ut. Der sykkelen stod, er berre asfalt. Asfalt, gjerde, ein husvegg. Eg får Deja vú. Stopp meg om eg har skrive om dette før. Forresten. Stopp meg ikkje. Om eg skreiv om sykkeltjuveri før, så var det kritikk av styresmakter og prioriteringar hos politiet. No har eg blitt eldre, og ser eldre på saken. Sjølv om saken er ein gamal kjenning. Det er stor sjans for at eg har skrive dette før. For denne DBSen er den 12. sykkelen som nokon knabbar frå sykkel-tapar med stor P. Ikkje bare meg. Eg er ikkje aleine om å tape syklar.

Sykkeltjuvar er noregsmeistrar i simple tjuveri. I 2008 stal dei 60000 syklar kvart år. Kvar tredje blir eksportert til utlandet og selt der. Kvart tiande minutt stel ein tjuv ein sykkel. Kvar fjerde sykkel blir stelt i Oslo. I Oslo blir det stelt tre syklar for kvar andre time. Elleve av desse syklane var mine syklar. Elleve syklar på åtte år. 1,375 syklar i året. Kan det vere noregsrekord? Den gjennomsnittlege oslobuaren mistar 0,5 sykkel i året. Gjennomsnittet i Noreg er 0, 27 syklar i året. Ein sykkel kvart femte år, er altså gjennomsnittet i Noreg. Dei absolutt fleste blir berre lagt vekk av politiet «på grunn av bevisets stilling». Særleg i Oslo. Då tar eg meg i å sakne Bergen. Ein særleg fin sykkel vart fakka ein gong. Ein spesiell sykkel, som ein lykkeleg narkoman svinga seg på i Nygårdsparken ein heil dag. Men så kom politiet, som hadde fått bilde av sykkelen, og tok han attende. Politiet hanka inn tjuven og hanka inn eit ekstra poeng i oppklaringsstatistikken sin.

Sykkeltjuveri blir registrert i politiets straffesaksregister (STRASAK). Stolne syklar kan bli identifisert. Politiet har også tilgjenge til Falck sykkelregister. Når du registrerer sykkelen i eit register, får du eit oblat til sykkelramma. Tal frå Gjensidige viser at ein sykkel med oblat frå Falck har 20 prosent lågare risiko for tjuveri. 10000 syklar kjem til hittegodskontor kvart år. Av desse blir 1500 levert ut til eigaren.

Lang historie, gjort kort: Eg rekk ikkje møtet klokka åtte. Eg spring omkring i nærleiken, sonderer terrenget. Det er russetid, trass alt. Og dessutan fredags morgon. Om eg er heldig, er det det klassiske «på veg heim frå fest»-tjuveriet. Eg spring ned bakken, studerer grøftene. Går til T-banestasjonen. Men nei, det var visst ikkje ein som var seint ute til T-banen som lånte sykkelen min. 80-90 prosent av alle tjuveri er vinningskriminalitet. Det finst dei som lever av sykkeltjuveri. Profesjonelle, altså. Og eg sett i gong eit stort apparat for å ettersøkje sykkelen min. Eg melder det til politi og forsikringsselskap, seier ifrå til leiinga på hotellet der sykkelen vart stolen frå. Eg sett av ettermiddagen til å handle ny sykkel. Det kostar tid og pengar. Sykkeltjuveri kostar oss 300 millionar kroner. Det er kanskje ikkje så mykje, i det heile og det store. Men det er smurt godt ut over. «Alle» opplever å få ein sykkel knabba. Det er organisert kriminalitet, ein industri. Kvifor gjer ikkje politiet meir? Fordi anna blir prioritert. Sjølvsagt. Vel er sykkeltjuveri innmari irriterande. Men neppe så irriterande at hjarte stansar og folk døyr. For dei med særleg godt forhold til sykkelen sin kan det kjennest intimiderande. Men neppe så intimiderande som innbrot i bustad. Ikkje like skremmande og sjokkerande heller. Så lenge politiet manglar ressursar, så lenge dei må prioritere, så ønskjer eg at dei prioriterer drap, narkotikasaker, menneskehandel, overgrepssaker, og så vidare.