Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ein dag i ein radioreporters liv

Skrive av Linda Eide .

Eller:Ein agurk i agurktider

I byrjinga var ordet. Og ordet var idé.

Radioen kviler aldri. Eteren skal fyllast. Når Bryggen brenn og kronprinsen sklir ut, gir sakene seg sjølv. Når sola brenn og det einaste som sklir ut er softisen or kjeksen, gir sakene oss kamp.

- Idé. Er det nokon som har ein idé? Vaktsjefen min er snill og hyggeleg, men sommarvarmen gir stemma hans ein ekstra kavande dimensjon. Kanskje har han ein lett hektisk farge i kinna også, men det veit eg ikkje. Eg ser han ikkje, for redaksjonen er i Trondheim. Eg sit i Bergen, ein annan i Bodø, to i Oslo. Norgesglasset må jo leva opp til namnet. Me samlast til Redaksjonsmøtet via telefonlinene.

-Nei, kva skal me putte oppi glaset vårt i dag, mon tru? Eg visste spørsmålet ville komma. Kvar dag vert eg spurt om eg har ein idé til dagens sending. Kvar dag! To timar skal fyllast. Heldigvis har me hjelp av Sting og DDE og Jan Eggum, men i tillegg bør kvar enkelt av oss (til vanleg 4-5 stykk) helst ha laga fem minuttar med journalistisk stoff. Helst noko interessant, tankevekkande, nytt, kuriøst, kjenslevekkande, viktig, underfundig, gjerne underhaldande, og fiffig sett saman, ja gjerne det, takk.

- Idé. Er det nokon som har ein idé?

Stundom sprudlar hovudet mitt over av eigne idear. Saker eg har høyrt, ord eg vil forklara, fenomen eg undrast over, historiar som ingen andre har fortalt. Stundom. Av og til. Det hender. Ikkje i dag. Eg har tråla avisene, no er eg på byråa. Ingen viktige saker der, kva med uviktige? Jo, så menn. Overskrifta er "myggsex", og eg opnar dokumentet.

NTB refererer eit tysk dameblad, som kan fortelja at ekstra attraktive menneske tiltrekkjer seg ekstra mykje mygg! Det handlar om hormona til dei ekstra attraktive, og myggens sans for nettopp desse hormona. Professor Pavo Tikkanen på universitetet i Åbo i Finland, har gjort forsøk med massevis av folk i små myggrom, og konklusjonen er altså klar.

Tja, litt kuriøst er det no vel, og søren heller, i juli sleikjer sjølv fanden flugepapiret reint. Og eg veit at om berre nokre sekundar kallar vaktsjefen opp Vestlandet.

- Linda i Bergen? Kva har du på blokka i dag?

Eg sel inn idoen etter beste evne, men lovar inga knallsak.

- Ring Professor Tikkanen, er den klare ordren.

Eg går inn i sjølvkøyrstudio, set datamaskina i opptak, ringjer nummeret og koplar telefonen til miksebordet slik at alt går inn på harddisken. Eg tek opp ringelyden og sentralborddama som tek telefonen og seier goddag på finsk. På engelsk får eg knota fram mitt oppdrag, men dama påstår at ho ikkje har nokon Pavo Tikkanen å setja over til. Dette skjønar eg fint lite av og ber om informasjonsavdelinga.

Riiiing, riiiing, på informasjonsavdelinga. Og ei dama som kan snakka finsksvensk. Men:

- Nei, det hela beror nog på en missforståelse og så vidt jag vet finns det ingen Pavo Tikkanen i hela Finland!

- Hmmm, men det føregår vel myggforsking på universitetet i Åbo?

- Nei det gjør det nog inte.

- Men det var då som..er det fleire enn meg som har ringt?

- ja visst, en hel massa, BBC til eksempel och från hela verden.

- Men det er altså slik då at Pavo Tikkane og Myggforskinga er tatt ut av lause lufta?

- Ja presis, det måste det vara.

- Hmm ja vel, takk skal du ha, adjø.

- Adjø.

Eg står og måpar litt. Men samtalen er på band, og dama har sagt eg kan bruka det. Men kva no? Eg ringjer Bjørn Johan, vaktsjefen min. Også det tek eg opp. Me konkluderer med at det heile er ein gedigen agurk og at me droppar heile saka.

Så lastar eg opptaka inn i datamaskina og redigerer på harddisken, eg sveittar og ser på klokka. Dødlinja nærmar seg, maskina lagrar det ferdige produktet og dei ringjer frå Trondheim.

- Du skal på om tre minutt.

Eg rekk ikkje spela saka over til dei, men må spela den av frå min eigen redigeringsstasjon og rett ut på lufta (det er ikkje meininga at du skal skjøna noko av dette, men eg skriv det likevel). Eg ringjer teknisk sentral i Trondheim og får linje, C15 og 16.

- Nei, eg treng ikkje retur, seier eg og legg på. Så dreg eg opp P1-spaken for å høyra sendinga. Eg høyrer programleiar Stig Hernes lesa innannonseringa, eg veit kva det siste ordet er, og klikkar på startknappen med musa, og mitt vesle produkt fyk ut i eteren.

Kva som gjekk på lufta? Jo, akkurat den same historien som du nettopp har lest, den som enda med at vaktsjefen droppa saka.

For når det berre er sola som brenn og eteren skal fyllast, er jamvel saka om saka som viste seg å ikkje vera noko sak, ein sak.