Magasinett

Synsingar

Utskrift

Sitt eige rom

Skrive av Mette Karlsvik .

Foto: Kurdistan Photo/CC BY-SA 2.0-lisens

Kven kan definere kva du er? Dei som ser deg? Eller du som kjenner deg sjølv? (Og fem andre sitat frå Shwan Dler Qaradaki)

 

Eg er 10-11 år gamal, og krossar huset for å komme til stova. Det er plass mellom brørne i sofaen, for å sjå Dagsrevyen. Saddam Hussein bombar sine eigne landsmenn. Kjemiske våpen drep kurdarar på ein smertefull måte. Eg blir eit alvorleg barn. Eg er eit heldig barn. Eg krossar huset og har eit heilt jenterom å sitje på. Sitje og pusle med mitt, og høyre på den musikken som eg får oppdage – i mi tid og mitt rom. Eg har det godt; har rom og ro til å definere meg. Kven eg er, kva eg skal med livet mitt, korleis eg ønskjer å møte folk og omverda. Ingen kan ta frå meg definisjonsmakta over meg. Vel har eg med meg arv frå foreldre, og blir forma av familien min og nærmiljøet. Men kvart val eg tar no formar kven eg er, blir, og korleis eg agerar i verda. Eg blir medviten vala mine, og går inn i ei spennande tid av mykje alvor og stor utvikling. Men det er óg ei tid der eg kjenner meg lita i høve det store som skjer der ute i verda: Krigen.

Men det kunne eg nok fått til også om eg måtte dele huset med tjue andre, og rommet med fem. Det siste prøver eg i gymnastida. Det er vanskeleg til å begynne med. Men etterkvart blir det «vanleg». Menneskets kropp inkorporerer livshistoria si, til det som dei kallar epigenitikk. Her er grunnen til at folk er tilpassingsdyktige: alle formar for påkjenningar endrar tilpassingssystema våre. Det som vi ei veke opplever som stressande, kan vere inkorporert som normalt veker seinare. (Forskninga: frå Legeforeningens tidsskrift)

Det er ikkje eit mål for meg å akseptere «alt» som normalt. Eg ønskjer å ha alarmar som melder ifrå når noko faktisk er ugreitt. «Ekstremt» bør ikkje få bli normalt. Sjølv om eg kjenner det meir på kroppen, no som eg blir 30-33-36 år gamal, og finn ein god ven i Shwan Dler Qaradaki. Han har flykta med smuglarar, og til fots, frå Nord-Irak til Noreg. Han er ein empatisk og forståande ven, som har opplevd mykje i det korte livet sitt. Som krigar, tap av sine nærmaste, flukt og mykje meir. Shwan ler ofte og hjarteleg. Han smiler sjølv om han veit at få ting er berre lette, snille, skjønne. Han kan slappe av sjølv om han har blitt far og tar ansvar for ein heil, liten familie.

Shwan og eg drøymer oss vekk i ei verd der det finst nokon større enn oss. At det finst dei som passar på. At kurdiske geriljasoldatar passar på familien til Shwan i Kurdistan. Vi les norske aviser, og får draumen stadfesta: At geriljasoldatane, Peshmerga, er heltar. At Peshmerga vaker når vi andre søv. At dei er ein nesten guddommeleg kraft som ser gjennom mørkret og veggar, over murar og byar, og veit akkurat kor dei skal komme og når, for å redde liv til uskyldige. At Peshmerga er menneskelivets Robin Hood: tar livet av terroristar for å redde dei gode.

Dag og Tid skreiv tidlegare i haust om dei kurdiske geriljasoldatane som var heltane våre. Men no gir vi NATO velsigning for å bombe dei. Min ven Shwans brør var Peshmerga. Shwans eine bror lever enno. Kamal bygger også opp under dette bildet av Peshmerga. Shwan sjølv gjer også det. Eg vil så gjerne tru på. Når alle desse seier at Peshmerga gjer rett, at dei faktisk er på sida til det gode: Kan det ikkje då også stemme? Eg testar det ut, testar Shwan: Tenk på blodbada, på all den pinen og alle dei groteske morda Peshmerga utfører! Eg ser at Shwan ikkje liker å tenkje på det. Det rokkar ved noko djupt i han. Han held det ut. Han er stolt, modig, han har Peshmerga som førebilde, og denne testen som eg no gjer på han, den er peanøtter i høve det brørne hans har vore med på. Eg skriv til Shwan: Terroristar skapar frykt og forvirring. Peshmerga skapar frykt og forvirring.

Kan ein kalle Peshmerga terroristar? Tidlegare diktator i Irak, Saddam Hussein, kalla Peshmerga terroristar. Kvifor?

Det tar uvanleg lang tid før Shwan svarar. Når svaret endeleg kjem, er det eit spørsmål: Kan vi ta dette på telefon eller over ein kaffi? Shwan svarer likevel noko skriftleg, noko som eg skjønner, frå tida det tar før brevet kjem

og måten han skriv på – at det krav av han. Han har igjen vore modig, både mot seg sjølv, mot meg, og som motstandsmann i ei tid av IS.

 

Shwans svar: For meg er terrorisme meir. Ikkje berre å skape frykt og forvirring. Det er å ta liv som ein ikkje har krav på. Det er normalt for meg. Men det er kanskje ikkje normalt for ein IS-krigar. Han ser seg ikkje som ein terrorist.

Det han trur på er det mest sanne. Han rettferdiggjer mord. «Saddam kalla Peshmerga terroristar fordi Peshmerga er fri. Iran kallar kurdarar terroristar. Det har same grunn», skriv Shwan, og avsluttar: «Kven har rett til å definere kva? Kven kan definere kva du er? Dei som ser deg? Eller du som kjenner deg sjølv? I krig prøver partane å skremme kvarandre.»

Det eg dreiv med på jenterommet i barndommen kjentest ikkje viktig. Ikkje då. Eg kjente meg dum som pusla med mitt – når det var så mange problem å ta tak i der ute i verda. Shwans kommentarar set definisjonsarbeidet mitt frå barndommen i nytt perspektiv. For meg som person var det ei viktig pusling. Slik la eg puslespelet meg. Eg var heldig som hadde den tida og rommet. Men om eg blei pressa for rom og tid: budde eg som Shwan i eit lite hus med ni søsken, så ville eg fått det til likevel. Folk er tilpassingsdyktige. Særleg barn. Eg trur at vi kan ha like gode liv som før – også om vi deler plassen vår, husa våre og den romslege økonomien med femti tusen asylsøkjarar.