Magasinett

Synsingar

Utskrift

Alt er bare rævholl!

Skrive av Linda Eide .

- ja til meir feilsnakk.

Alt er bare rævholl!, stønna ei fortvila spansk senorita på tilnærma bergensk. Ho var kjærasten til ei veninne av meg og var komen til Bergen for å bu. Sympatisk nok ville ho læra seg språket vårt og gjekk laus på det med to tomme hender og ein ivrande glød. Men stundom gjekk det altså i komisk ball. På den andre sida; kvifor er det meir korrekt at noko er rævva, enn at noko er rævholl?

Kva det var for noko vondt og vanskeleg vår spanske senorita tykte var rævholl har mi veninne gløymt. Men for ikkje å gløyma sjølve gullkorna som kom dryssande med jamne mellomrom, skreiv ho dei ned. Heime har ho to fulle skrivebøker med latterframkallande feilsnakking signert sin tidlegare spanske kjærast. Notert ned, ikkje av ondskap, men i kjærleik - til språket.

Ding-dong! "Det roper på døren", sa senoritaen, og hadde ingen problem med å få formidla at det ringte på. Slikt er det lov å le av, det er slett ikkje ondskapsfullt, eller framandfiendtleg lingvistikksnobberi. Vår spanske veninne gav det norske språket nokre nye bilete. Det same gjorde ei profilert organisasjonsdame frå utlandet. Med fransk som opphavlegg handbagasje var det ikkje alltid like lett å manøvrera seg fram i norske ord og uttrykk. Slik at då ho ville ha fram at ho burde halda ein litt låg profil i gitte situasjonar, kunne ho finna på å seia; "nå gjelder det å fly lavt under dørene".

Me likar ikkje feilsnakking i dette landet. Me stønnar og fortvilar over språkleg forfall, over vannkunna. Tenk at nokon kan blanda ord og uttrykk på den måten. Det heiter jo å gå stille i dørene, eller å halda seg lågt i terrenget, og kvar kom den fuglen frå. Herregud!

Eg elskar feilsnakking, ikkje fordi eg likar at folk dummar seg ut, tvert imot. Feilsnakking gir meg levande bilete opp i hovudet, og det lengtar eg ofte etter å få. Feilsnakking gir slitte utrykk nytt liv, feilsnakking er språkets salt. For språket er ikkje som ein bauta i granitt, språket forandrar seg, tydingane forandrar seg. Halleluja.

Eitt eksempel. Me har nyss hatt val her i dette landet. Heilt fram til valdagen var det ein million nordmenn som ikkje hadde bestemt seg fekk me vita. "Ein million nordmenn sit framleis på gjerdet", sa dei i nyheitene. Dette er jo strengt tatt eit knakande godt bilete, når me tenkjer over det. Faren er sjølvsagt at me har høyrt uttrykket så mange gonger i løpet av valkampen at me ikkje lenger ser for oss denne vaglande hærskaren av norske veljarar som sit der dag etter dag i fleire veker og duppar att og fram og ser tvilrådig på kvarandre, før dei på sjølve valdagen dett ned til den eine eller andre sida. Sjå det for deg; Ein million nordmenn fell ned frå gjerdet med eit BRAAAAAK! Det er slike underhaldande syn som gjer det til eit poeng å byta ut "har ikkje bestemt seg" med "sit på gjerdet". Språket vert levande. Men tru ikkje at å sitja på gjerdet alltid har handla om vinglande veljarar.

Å sitja på gjerdet kan sporast attende til ein artikkel i eit amerikansk tidskrift i 1830 (Anals of Cleveland*). Då handla det om politikarar som ikkje våga å ta standpunkt, som ikkje tona flagg. Politikarar som satt på gjerdet og venta, for å sjå kva for meining det var gunstigast å ramla ned med.

Hadde eg sagt i dag; "norske politikarar er nokre usle pyser som sit på gjerdet", så hadde nokon garantert arrestert meg i feilsnakk. Det utrykket høyrer ikkje heima her, hadde dei sagt. Det same sa dei sikkert til den som i si tid fann på å overføra politikarane si usympatiske gjerdesitting, til den meir forståelege og aksepterte gjerdesittinga blant veljarane. Men det var feilsnakkaren som vann! Uttrykket skifta tyding.

Lat deg overraska av språklege bilete. Etter månadar med valkamp og bilettomt politikarsnakk av typen "Det norske helsevesen må bli mer brukerorientert", så fortener me meir underhalding. Skriv gjerne ned det du høyrer, eller memorer i hjernen, og kos deg.

Min favoritt er den forfjamsa mannen som skulle ta fly, men som fekk ein uventa streik midt i fleisen og stod der på flyplassen med billetten og eit parkert fly. På Dagsrevy-reporteren sitt spørsmål om korvidt han hadde venta dette, svarte mannen: "Nei, dette var som julenissen på kjerringa!" Betre bilete for eit uventa sjokk skal du leita lenge etter!

* kjelde: Gunnstein Akselberg, nordisk institut universitetet i Bergen.