Magasinett

Synsingar

Utskrift

You’re in the hood now, girl

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Å finne seg bustad i ein av Amerikas farlegaste byar.

 

Rett før eg flytta var dette noko av det eg høyrde oftast: Skal du til Berkeley? Har du fått plass å bu? Det er nesten umogleg! Eg var derfor svært nøgd då eg hadde ordna meg i god tid og gjennom ein ven fått ordna det slik at eg kunne ta over hans svært moderat prisa rom i eit kollektiv i Berkeley, byen der universitetet ligg. Heilt til om lag seks veker før, då det synte seg at det hadde vore ein misforståing mellom meg, han og huseigar, og det slettes ikkje var noko ledig rom til meg når eg skulle fram.  KRISE, tenkte eg, KVAR SKAL EG BU, TENK OM EG MÅ BU PÅ GATA?!

Desperasjon oppdaga eg kjapt at eg ikkje var aleine om. Desperasjon og bustadjakt går hand i hand i San Francisco og heile Bay Area, området omkring. San Francisco er for tida ein av dei dyraste byane i USA både å leige og å leve i. Mykje på grunn av dei stadig fleire tech-folka som bur i byen, som arbeider i selskap som Yelp, LinkedIn, Dropbox eller Pixar, som har langt høgare lønningar enn nokon andre og som derfor pressar opp prisene og gjer at færre og færre andre har råd til å bu der. Som meg, sukk. I Berkeley, byen som ligg ein halvtime unna San Francisco, er det fult av akademikarar og rikmannsbarn som gjer at det er dyrt å bu også der.  Det er så godt som umogleg å få ein eittroms leilegheit i San Francisco til under tre tusen dollar i månaden – noko som svarer til om lag tjue fire tusen norske kronar. Og då bur ein gjerne i ei sko-eske. I Berkeley er det litt billegare, men også her må ein gjerne ut med minimum to og eit halvt tusen dollar for ei eiga leilegheit. Korleis i all verda har folk råd til det? Svaret er jo at mange folk, til og med folk med lønn som meg, ikkje har råd til det. I 2013 hadde San Francisco om lag seks og eit halvt tusen heimlause, ifølgje ein rapport frå byrådet hadde heile 60 prosent av dei bustad og arbeid i San Fransisco før dei miste husværa. Studentane flest deler rom.

Berkeley og San Francisco var og er for dyrt, men midt i mellom dei to ligg Oakland. Oakland har rykte på seg for å vere ein av dei farlegaste byane i USA, og var for inntil eit par år sidan rekna som ein plass kvite folk først og fremst køyrde gjennom på vegen frå Berkeley til San Francisco eller tilbake. Dei siste ti åra har byen endra seg og blitt tryggare, samstundes med at fleire område har blitt gentrifisert, gått frå å vere afro-amerikanske arbeidarklassenabolag til å bli prega av kvit middelklasse. Dei som ikkje lenger har råd til å bu i eit stadig dyrare San Francisco har flytta hit. Først kom kunstnarane, så kom resten, og opp poppa rådyre restaurantar, galleri og cocktailbarar, side om side med nabolagsjointane som har vore her for alltid. Her tenkte eg, her må det finnast bra folk og ein plass eg kan leve.

I Oslo hadde eg budd i kollektiv, så eg starta å leite etter det, men å finne eit rom frå Norge var så godt som umogleg. Det kan ein jo skjønne: Kven vil forplikte seg til å bu i same hus som nokon dei ikkje hadde møtt ein gang? Det måtte vente til eg kom til landet, og kunne gå på visningar. Så eg gjorde det einaste rette når ein er ei førehaldsvis privilegert ung kvinne som skal flytte til eit nytt land, eg bestilte eit rom i ein månad på Airbnb hos ei jente som heitte Juleen, som budde på 54th and Shattuck, litt nord for Temescal, eit av dei nygentrifiserte og hippe områda i nord i Oakland.

You’re in the hood now. Det første som møtte meg då eg kom ut av banen onsdag kveld etter å ha flydd gjennom halve verda var bilar, ingen fotgjengarfelt og ein afroamerikanar som gliste då eg prøvde å krysse gata utan overgangsfelt med alle mine koffertar. You watch out now girl, the cars wont stop, even if they hit you. You’re in the hood now. Eg hadde ordna meg ein månad hos´ ei jente som heitte Juleen, ho skulle plukke meg opp på ein etiopisk kafé i nabolaget. Dette området av Oakland, som ligg mellom Temescal, Bushrodd og Gaskill, er eit grenseområde: Det ligg mellom dei delane av Oakland som er i ferd med å bli tatt over, først av kvite kunstnarar og seinare av den kvite middelklassen. I gatene her bur det framleis afro-amerikanske familiar som sit på porchen framfor husa sine om kveldane og går i kyrkja kvar sundag. Seinare skulle eg lære at nabolaget som eg først flytta inn i er fullt av afro-amerikansk historie: Eit kvartal bortanfor huset til Juleen er til dømes All Good Bakery, bakeriet der den afroamerikanske revolusjonære organisasjonen Black Panthers hadde sine første møte, lyskrysset like ved var Oaklands første lyskryss og blei sette opp av pantarane ettersom det var så mange trafikkulykker der. Litt opp i gata finst Louis the Pie Queen, ein kafé som har vore på same plass sidan femtitalet, og der alle slags afro-amerikanske kjendisar har vore innom for å ete pai eller soul food, sørstatsmat som chicken and waffles eller barbeque, pulled pork eller catfish sandwhiches. Veggane hos Loius er tapetsert med historie, bilete av afroamerikanske kjendisar. Blant dei ein av mine favoritt hip-hopprodusentar DJ Quik, men også skodespelarar, songarar og atletar. Ein del ansikt eg kjenner, men også mange som syner at dette ikkje er min heimstad, ikkje mi historie.

 

Er det trygt der du bur, var det nokon som spurde, og då byrja eg å sjekke litt rundt. Eg er ikkje naiv, men eg er samstundes sjeldan redd, anten eg går heim frå byen i Oslo, Moskva eller i Oakland føler eg meg stort sett trygg. På gata i nabolaget sa alle hei til kvarandre, og spurde korleis det gjekk, det var blomar framfor hus og barn som leika. Kort sagt, det verka generelt sett til å vere eit triveleg område. Men då eg byrja å lese om historia og statistikken, skjønte eg at det ikkje alltid hadde vore den tryggaste plassen å bu. På 54th Street, der eg først budde, var det eit trippeldrap den våren, medan ei kvinne blei skoten i bilen sin, framfor den to år gamle sonen sin, to år tidlegare. Eg flytta i juli, og når eg skriv dette, sit i eg på ein kafé framfor ei kyrkje som har eit kvitt kors for alle som har blitt drepne så langt i Oakland i år: 79 menneske. Mykje skjer i West og East Oakland, i område framleis prega av gjengvald. Gjennom venner, men også gjennom å snakke med alle dei som lever og henger på gata her, har eg lært reglane for korleis ein held seg trygg. Ver årvaken, ikkje høyr på musikk eller gå med ansiktet nedi mobilen. Ikkje gå aleine og sos rundt på kvelden. Sykl i staden for å gå, om du ikkje kan køyre eller ta ein drosje. Men kanskje viktigast av alt; sjå menneska du går forbi i auga, snakk med dei.

Spørsmålet «er det trygt her» fekk ein ny dimensjon medan eg leita etter bustad på craigslist.com, den amerikanske versjonen av Finn.no. I ei annonse for eit kollektiv stod det, og om du lurer på om det er «trygt» her, ikkje ein gong bry deg med å sende ein epost, men få din privilegerte ræv bort frå Oakland og til Berkeley eller San Francisco der det er andre sånne som deg. Før eg las den annonsen hadde eg lese andre annonsar, for åleinemødrer som var blitt huslause eller frå folk som nett hadde mista jobben eller komne ut av fengsel.Plutseleg skjønte eg at det først og fremst var dei kvite innflyttarane som uroa seg for kriminaliteten i området, alle dei andre trengte rett og slett berre ein plass der dei hadde råd til å bu. Og for dei afro-amerikanske familiane som hadde levd der i alle år hadde alltid måtte leve med det, kanskje fordi dei ikkje hadde moglegheiter til å bu andre plassar, men like gjerne fordi dette er plassen dei er glad i og alltid har budd. Å kunne velje å berre busetje seg den tryggaste plassen er eit privilegium berre nokon folk kan nytte seg av. Å kunne sjå med mistanke å eit nabolag er også ein først og fremst kvit posisjon.

 

Etter to veker med det som verka som tusen epostar fekk eg plutseleg napp. Rett nedi gata budde det av alle ting ein litteraturvitar som skulle vere borte like lenge som eg skulle vere på Berkeley. Om eg ville leige eit rom i huset hans? Eg slo til. Nabolaget, Gaskill, var eit ein kompis av meg nett hadde åtvara meg mot. Det var kjent for å vere «scruffy», ikkje heilt safe, noko som eg etter kvart har lært ofte betyr «afro-amerikansk». Eg gjekk likevel for magekjensla, sykla på visning, og vips hadde eg eit hus med eit bibliotek fullt av bøkene eg trengte, med fikentre i hagen og ein katt som heiter Lino.

Der har eg budd sidan september, og eg har ennå til gode å sjå noko som helst suspekt eller føle meg uttrygg. Til gjengjeld har eg ein nabo som har budd i huset sitt i tretti år, med ein rosehage med over to hundre rosebuskar og tjue forskjellege roseartar, ei anna nabo bur i same huset som foreldra hennar kjøpte då ho var 13 år. No er ho sytti. Det er naboar som ber deg inn på kaffi, fortel om barna sine og liva sine. Det er folk som har sett nabolaget endre seg, men også på mange vis forbli det same: Eg har lært at i eit Oakland som er stadig blir tryggare, blir det også dyrare og kvitare, og samstundes farlegare å vere afro-amerikansk. For eit par veker skreiv den lokale gratisavisa om korleis gentrifiseringa gjer at stadig fleire afro-amerikanarar blir mistenkeleggjort i sine eigne nabolag. Afro-amerikanske familiar i området mitt no er redde for å la barna sine leike ute, ikkje på grunn av kriminalitet, men fordi det er blitt så vanleg for kvite, nyinnflytta folk som ikkje kjenner nabolaget sitt å ringe politiet, fordi dei trur at dei afroamerikanske naboane er farlige kriminelle. Den svarte kroppen og den kriminelle er så sterk knytt saman i det rasistiske samfunnet USA er.

Flyfotoet viser Oakland frå lufta. Foto: Wikipedia

Men meir om det i neste tekst, om redsla som er så synleg her, og alt ho gjer med oss i dette landet og kanskje heime i Norge. Då vil eg skrive om forskjellen på å vere svart og kvit i dette underlege, rare landet, der Black Lives Matter er blitt eit viktig slagord nett fordi svarte liv ofte tyder alt for lite for samfunna. Det kan eg lære ein del om i Oakland, fordi står midt i mellom dei mykje kvitare Berkeley og San Francisco, men også fordi byen er midt i mellom ei stolt afro-amerikansk fortid og ei uviss framtid. Her for eit par veker sidan lærte eg at Uber skal opprette hovudkvarter i Downtown Oakland, og mange lurer på kva som vil skje i nabolaga om gentrifiseringa breier om seg. I mellomtida er Oakland eit mellomrom, både polert og rufsete. Byen er kanskje farleg, men også ein av dei mest omsorgsfulle eg har vore i. Kanskje har faren her gjort at folk er flinkare til å bry seg om kvarandre, ta vare på kvarandre. Ikkje fordi det må bli sånn, med fordi det er slik dei har kjempa for at det skal vere. Av det kunne vi godt lære noko heime.