Magasinett

Synsingar

Utskrift

Som venner står og ser ut over fjorden

Skrive av Mette Karlsvik .

FOTO: Tove K. Breistein/Samlaget

Vi har alltid vore og kjem alltid til å vere naturvenner.

 

Grusvegen er vill som skogsvegar i barndommen min. Skogen er urørt, ur – og rørande, og berget heilt. Dalsåsen er tett av skog. Eg ser ikkje kunstnarsenteret for berre tre. Det er som om Nordens første spesialbygde residenssenter ikkje finst. Som om kunstnarar frå India, Tokyo, New York, you name it ikkje budde her i kvarte, halve år. Som om ingen har sett foten sin her, nokon sinne. Let alone huset som eg skal bu i. Eg ser det først når eg konsentrere meg. Hus #2 står som ein hjort i landskapet: på tynne, sterke lankar. Eit lokomotivtungt hus blir bært av desse smale pålane. Og det står heilt stilt, som om det å stå stivt gjer det usynleg. Alle bustadhusa til Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen (NKD) står slik: tilsynelatande heilt tilforlateleg og lett, men stødig i ulendt bjørkeskog. Dei er nittitals i forma, er tidstypiske og litt framande, men av materiale som blandar seg med omgjevnadane. Tre. Tre kjenner eg, sjølv om huset sin form er framand. Tre har eg klatra i, lent meg mot, tråkka på. Eg får lyst til å gi pålane ein klem. Men ein kross av stålwire held dei stabile. Under huset ligg anna tre som eg kan halde i, ta på, ta. Tørre bjørkekubbar. Det er berre å ta. Dalsåsen har for mykje skog. Januar 2016 begynner kaldt. Og ingen har budd i huset sidan 2015.

«Skal eg tenne opp?» spør eg Arild Wåge. Professoren ved Bergen arkitektskole er med meg inn i Hus #2. Han var byggeleiar på Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen, og kjem på mange måtar «heim» i Hus #2. Han organiserte arkitektkonkurransen, inviterte arkitektar, oppsette ein jury, og satt sjølv i juryen. Han er nøgd med resultatet. Mykje på grunn av måten husa forheld seg til naturen. At dei ikkje grip inn i naturen, at dei knapt sett eit fotavtrykk.

- Vi klarar oss kanskje utan fyr på peisen. Sola kjem snart fram bak åsen, seier Wåge. Så sparer vi den brannen. Kanskje har ein meir enn nok ved i Dale. Men kloden kan spare seg for meir CO2 i lufta. Klima var eit nøkkelord for utforminga av NKD for tjue år sidan. Atelierhuset fekk ein enorm fasade av brakevegg. Det er ein tradisjonell, vestlandsk måte å byggje veggar på. Ein kvistar eine, og lar berre ein dusk av grønt vere att. Desse kvistane flettar ein over ytterveggen. Brakeveggen har ein klimafunksjon, som er at han held veggen bak tørr og fin. Einetre veks seint, og rotnar omtrent ikkje. Det liknar teak. Einen i denne veggen er henta frå området. Ateliera er einskilde hus, dei, som bustadhusa.

- Det er noko organisk over måten dei står i landskapet, seier Wåge. Dei står ikkje stramt på rekke, men som venner står. Ein person står slik, og ser den vegen. Ein annan står slik og ser ein litt annan veg. Slik er husa ved sida av kvarandre, med kvart sitt blikk over Dalsfjorden.

(teksten held fram under bildet)

Foto: Nordisk Kunstnarsenter Dale

Foto: Nordisk Kunstnarsenter Dale

Naturvernstanken og økofilosofien var sterkt til stades allereie då Wåge formulerte mandatet til arkitektane, i konkurransen. Miljøvernet var ikkje då pressa fram av same naudsynet som i dag; av at det har gått så langt at kloden viser sterke symptom på å vere sjuk, og på å bli verre. Dei tenkte slik fordi det var godt, fordi det er kva folk ønskjer seg, på botnen: Eit miljø som er godt å ha tett på kroppen. Spisestove av eit materiale så naturleg at ein nesten kan ete rett frå bordet. Tregolv handsama på ein måte som lokkar til å loffe omkring berrføtt. Varme frå levande eld i gruva. Og ein kvardag av å gå ut etter ved, av å halde fyren gåande i peisen om kvelden, komme seg ut og kjenne sola sin livgivande kraft om dagen.

(Soundtrack til artikkelen er ei kortreist låt. Låta er skrive, produsert og framførd av Lillian Samdal. Filmen er laga av bergensbaserte Tord Torpe. Fjaler-jenta jobbar no som koordinator ved NKD. https://www.youtube.com/watch?v=diMIM0vxW1A )