Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kva vi heidningar kan lære av Læstadius

Skrive av Erlend Skjetne .

«Læstadius preiker for samane» (Le Pasteur Læstadius instruisant les Lapons) frå 1840 er måla av François-Auguste Biard (1799–1882). Biard deltok i La Recherche-ekspedisjonen 1838-1840 og besøkte blant anna Svalbard, Hammerfest og Læstadius i Karesuando.

Nyleg var eg for fyrste gong i Kautokeino, eit av dei viktigaste samiske sentra i Noreg, og åstad for det infamøse Kautokeino-opprøret i 1852. Mangt er sagt og skrive om denne hendinga, ikkje minst etter den populære spelefilmen som kom i 2008. Men presten som opprørarane var inspirerte av, Lars Levi Læstadius, var ingen eindimensjonal religiøs fanatikar.

 

Det finst ein gamal joik der metaforen for Kautokeino berre er ein blodig kniv. Når ein har køyrd gjennom frosen øydemark i timevis, og ikkje hatt anna avveksling i den vakre monotonien enn møtet med ein og annan reinflokk i vegbanen, har synet av Kautokeino unekteleg ein sterk historisk glans. Eg får nok aldri røyne kjensla av å ride inn i Timbuktu etter veker på kamelryggen i Sahara, men her i det sørlege hjørnet av Finnmarksvidda, finst eit godt substitutt.

Så drøymer eg meg attende til den 18. november 1852: Då vart handelsmannen i Kautokeino drepen og huset hans brent ned, lensmannen drepen og husstanden hans piska, og presten og husstanden hans fekk òg smake pisken. Det er det einaste kjende tilfellet av fatal konfrontasjon mellom samiske interesser og det norske etablissementet i Finnmark. Vel å merkje vart opprørarane overmanna av andre samar, og alle fekk dei harde straffar for villskapen sin.

Men utan å legitimere gjerningane deira, må ein kunne seia at harmen var forståeleg. For fattigdommen var djup mellom samane på denne tida, alkoholismen fylgde med, og i Kautokeino fanst altså ein kynisk handelsmann som selde brennevin til folk med alkoholproblem, og ein lensmann og ein prest som ikkje gjorde noko med det. I 1852 var Lars Levi Læstadius prest i Pajala i Nord-Sverike, og derifrå hadde bodskapen hans om totalavhald frå alkohol, nøktern og moralsk livsstil og personleg kristendom, spreidd seg til heile Nordkalotten.

Det finst kringom 50.000 læstadianarar i Noreg i dag, og dei har ikkje eit veldig godt rykte i det moderne overflodssamfunnet. «Som å gå i evig motbakke,» sa ein avhoppar om læstadianismen, som kan kallast ei konservativ grein av Den norske kyrkja.

Dei støttar ideen om ei statskyrkje, og er stort sett medlemmer der, men held sine eigne møte både i kyrkja og i eigne bedehus.

Dei har vorte kjende for uviljen sin mot moderne materielle gode av typen fjernsyn, og visstnok tillèt dei heller ikkje noko så tilforlateleg som gardiner. Men som frilansjournalist var eg til stades då konfirmantane i Lakselv fekk vitjing av ein vaskekte læstadianar, som gav eit godt svar då ungdommane spurde om akkurat dette med gardinene: «Folk var fattige i nordområda på Læstadius’ tid. Det han ville at dei kristne skulle tenkje, var ganske enkelt: Om grannen min lid stor naud, kvifor skal eg til huset mitt bruke pengar på overflødige gardiner, heller enn å gje pengane til den trengjande grannen min?

I vår tid har vi betre råd i Noreg, og eg har sjølv gardiner i huset mitt. Men prinsippet, at vi ikkje skal trakte etter materiell overflod, er like viktig i dag.» Kven veit: I ei tid der fleire og fleire får augo opp for den internasjonale miljøsaka, som fordrar redusert forbruk hjå oss i Vesten, er dette kanskje rett og slett eit moderne standpunkt?

Personen Læstadius var iallfall moderne på mange vis. Det finst diverre konservative kristne rørsler som ser på «verdsleg» kunnskap som noko negativt. Men Læstadius var ein ekte vitskapsmann. Han kom frå ein heim som var fattig fordi husfaren drakk, men fekk hjelp av ein onkel til å koma i gang med utdanning, og synte seg å vera ein briljant student. Han arbeidde med botanikk ved sidan av teologistudia, og skulle koma til å gjera ei rekkje viktige botaniske oppdagingar: Læstadius-valmuen, som ber namnet hans, er berre ein av mange sjeldne planteartar han oppdaga på Nordkalotten.

Men det var ikkje berre blomane i det høge nord han interesserte seg for, han lærde seg òg mangt og mykje om samane og kulturen deira. Flogvitet hans vart kjent langt utom landet, og då fornemme franske vitskapsmenn i 1838 sette i scene ein ekspedisjon til nordområda for å undersøkje tilhøva der, kalla dei Læstadius med seg som ekspert. Det var undervegs på denne såkalla La Recherche-ekspedisjonen, at Læstadius byrja skrive om den tradisjonelle samiske mytologien. Verket Fragmenter i Lappska Mythologien var i lang tid fullstendig forsvunne, og delar av det manglar enno, men det er uansett interessant og lærerik lesing. Læstadius skreiv det i ein audmjuk tone, vel vitande om at han langt frå visste alt som var å vita om temaet. Men kor mange andre fanst vel, på denne tida, som overhovudet hadde ofra det ein tanke?

Læstadius, som forutan svensk snakka finsk, sørsamisk, pitesamisk og nordsamisk, var òg i ei særklasse då han oppmoda dei samiske sokneborna sine til å nytte det samiske språket, både i og utanfor kyrkja. Den ideen var det ikkje mykje aksept for mellom andre prestar i kverven, til dømes i Kautokeino. Som eit apropos kan det nemnast at Lars Hætta, som i praksis sona 15 år for deltakinga si i opprøret, nytta tida si i fengselet til å byrja på den fyrste omsetjinga av Bibelen til samisk ... Ein kan ikkje avfeie læstadianismen som ein anakronisme, for han har vore eit viktig bidrag til overlevinga til det samiske språket, og nok òg til framveksten av eit samisk sjølvmedvit.

Altså må ein seia at Læstadius’ idear, som er nært i slekt med tankegodset til lekpredikanten Hans Nielsen Hauge, handla om meir enn berre pietistisk kristendom. Når dei handla om materielt måtehald, hardt arbeid og moralsk framferd, handla dei òg om ein større sjølvrespekt hjå einskildindividet. Den sjølvrespekten må liggje i botn, skal ein i sanning kunne respektere andre menneske.