Magasinett

Synsingar

Utskrift

Helten sigrar. Igjen.

Skrive av Ragnhild Vikestrand .

Foto: Filmweb

Dei fleste filmane i dagens samfunn tek føre seg heltar som vinn drøymedama og reddar verda. Kvifor kan ikkje den vonde skurken vinne for ein gong skuld?



James Bond-filmen «Spectre» er eit godt eksempel på denne heltedåden. «Spectre» er ein god film, filmatisk sett. Han har gode skodespelarar, god kinematografi og passeleg mengde action. Men den idealistiske historia er kanskje litt gamaldags. Ein kvit mann som reddar kvinnene og har full kontroll på alle slåstkampar. James Bond er sjølvsagt ein klassikar og er kjent for dette idealistiske livet.

Slike filmar blir ofte laga for at tilskodaren skal sitte att med ein god kjensle, om at alt vil ende godt. Både i filmen og i røyndommen. Det er sjølvsagt ein god tanke, men må det alltid vere slik i filmar?

Det finst også filmar og seriar som ikkje endar godt, slik som den verdskjente serien «Game of Thrones». I denne serien kan kven som helst døy, uansett om det er dei gode eller vonde. Jakta etter helten i serien skapar stor spenning for kvar episode, noko som har vore ein faktor for at serien har fått mange tilhengjarar i heile verda.

Det er ikkje berre James Bond som har denne oppbygginga. Dei typiske superheltfilmane slik som «Avengers» følgjer same oppskrift. Dette kan også sjåast i norske filmar. «Bølgen» er årets norske storfilm som viste styggedommen når bølgja inntreff Geiranger. Sjølv om dette er ein vond film, kunne filmen ha vore mykje betre dersom filmen hadde vore eit hakk vondare.

På ei anna side er slike filmar gode nett fordi dei endar godt. Dei skaper ei god kjensle hjå tilskodaren, som vidare skapar munter stemning på veg ut av kinosalen. Film blir ofte sett på som ein røyndomsflukt. Tilskodaren skal gløyme alt rundt seg og bli oppslukt i den verda som blir vist på skjermen. Dette gir gode moglegheiter for å vise fantasiar om korleis verda eigentleg burde vere.

Desse filmane er ofte gode filmar, men kvifor må alt ende godt? Er det realistisk at alle historier endar godt, eller er det for at tilskodaren skal få ei positiv haldning til sine eigne problem i røyndommen. Personleg håpar eg at det kjem filmar med eit snev av meir realisme i framtida.