Magasinett

Synsingar

Utskrift

Apostrofane eller livet

Skrive av Ragnar Hovland .

Stundom spør eg meg sjølv kva eg eigentleg hatar mest her i livet, og når eg høyrer svaret blir eg gjerne litt betenkt, som det heiter. Sjølvsagt er det bra å ha noko eller nokon å hate, reint mentalhygienisk, og då er det jo greitt om ein hatar noko som verkeleg er hatet verd. Og det er ikkje krig og urettferd og diktatorar og falske profetar og San Francisco med Tor Endresen som står øvst på lista, om du måtte tru noko slikt. å nei, det er betre enn som så. Dei eg hatar mest inderleg er dei som skriv slikt som Heidi's Blomster og Per's Kro og Nina's Frisørsalong.



Og då er det jo ikkje Heidi og Per og Nina i seg sjølv eg har noko imot, men dei som har måla skilta deira. (Og sjølvsagt at Heidi og Per og Nina ikkje har hatt vett til å protestere.)

Eg snakkar sjølvsagt om apostrofar. Og om du måtte synast at det er ein liten ting, så har du jo heilt rett. Ein apostrof er ein liten ting. Men som andre små ting som det er naturleg å samanlikne med, som mygg, stein i skoen og brødsmular i senga, er dei utruleg og heilt urimeleg irriterande. Ikkje er det noko nytt fenomen heller, slik det er lett å tru. Det begynte faktisk for fleire tiår sidan. Men det har balla på seg.

No har eg faktisk ikkje så mykje imot at språket endrar seg. Det har det alltid gjort, og det er språkets natur som levande organisme. Men eg er blitt såpass gammal og forstokka at eg verkeleg hatar tanken på korleis engelsken (les: amerikansken) har lagt det norske språket under seg. No har eg faktisk heller ikkje noko imot at det kjem engelske ord inn i språket, det er også naturleg. Og eg meiner iallfall ikkje at det norske språket er noko så reint og opphøga og heilag at det ikkje skal rørast av menneskehender og tilsulkast av framande.

Men her snakkar vi faktisk om språkets eigenart og natur, og apostrofar av dette slaget har faktisk ikkje noko i vårt språk å gjere. (Jo da, eg kjenner unntaka, og det gjer du også, så dei bryr vi oss ikkje med.) Det andre store anglisistiske hatobjektet, den nye orddelinga (sommar ferie, nynorsk brukar, ord deling), skal eg la liggje i denne omgangen. Det blir reint for mykje for både meg og nervane mine.

Det verste av det heile er vel vissa om at ein kjempar på vikande front, at ein truleg ganske snart har tapt heile saka. For kven er det som bryr seg om dette, og om kva som i det heile er rett språkbruk? Ikkje pressa iallfall. Den er for lengst gått over til fienden. Der er det snart fritt fram for både apostrofar og amerikansk orddeling og dei bruker snart konsekvent fryktelege ord som nitidig (gløym det straks du har lese det og skriv: NITID NITID NITID...hundre gonger på tavla) og geniforklare (det same gjeld her).

Ja, det verste er nok å kjenne seg så å leine og så moraliserande, og vite at moralistar er det ingen som høyrer på likevel. Det gjer ikkje eg heller. Eg minst av alle.

Men heldigvis er det sommar, og det finst andre og gode ting som kan få tankane over i heilt andre banar. Eg skal reise til Irland, skal eg. Der finst det bDde hyggelege folk, god musikk og godt øl, i pubar som t.d. heiter O'Connor's Pub. I det heile kryr det av apostrofar der borte, og der er det rett å bruke dei. Tenk å vere omgitt av apostrofar dag og natt utan å irritere seg over dei eit sekund! Så blir ein også styrka til å møte den grufulle norske kvardagen att.

Apostrofar er som ein smitte frå det ytre rom. Plutseleg er dei der og tar over alt, utan at du merkar det. Eg ser ikkje bort frå at dei vil ta over meg også til slutt. Men inntil vidare er dette doktor Hovlands ord og ikkje Hovland's. Og ser du ein kar nedi gata ein dag som står og hyler framfor eit butikkskilt, så veit du kva det gjeld.