Magasinett

Synsingar

Utskrift

Popstjerne på nynorsk

Skrive av Ragnar Hovland .

Sist eg skreiv klaga eg visst på alderen, at eg var blitt gammal. Det gjer eg ikkje lenger. For eg er no blitt popstjerne, i godt vaksen alder. Bandet eg spelar i har gitt ut CD, den sel noko vanvittig, alle avisene skriv om oss heile tida, og vi blir spelte på radioen nesten utan avbrekk.

Og vi har hausta mange godord frå andre nynorskstjerner, som Herbjørn "Derrick" Sørebø. Og det er lett å tenkje at no kan det ikkje bli betre i dette livet. Ikkje berre er ein blitt popstjerne, men ein er blitt nynorsk popstjerne, og det er som kjent endå betre. Men i ei slik stund kan det vere verd å minnast at det ikkje alltid har vore slik. For det har det jo ikkje. Det var slett ikkje enkelt for ein sårbar kunstnarnatur å vekse opp i ei trang og fordomsfull bygd med draumen om å bli popstjerne. Med fedrar som sneik seg inn på rommet vårt om natta og snauklipte oss og som alltid skrudde av radioen når vi skulle høyre på Ti i skuddet. Men vi let oss ikkje knekke, og eg kan enno kjenne rusen frå dei tre åra eg gjekk på framhaldsskulen og kameraten min, han Rudvald, lagde sin første elektriske gitar og eg mitt første hammondorgel på sløyden. No skulle vi endeleg få ho Else, yngstedotter til lensmannen, til å bli glad i oss.

Men så enkelt var det ikkje. Den einaste dama vi appellerte til var den mannfolkgalne tanta til han Rikvald, som alltid forfølgde oss i folkevogna si.

Det var då vi bestemte oss for å brenne alle bruer og satse alt – vi tok med oss han Tøger, som hadde spelt skarptromme i skulemusikken, og drog til storstaden – til Sogndal. Der tok vi inn på ein luguber hybel, utan innlagt vatn og livnærte oss som best vi kunne med å servere og vaske opp på fotballpuben. Men det var ei tung tid, og det var ikkje få kveldar vi gjekk svoltne til sengs. Heilt til den store dagen kom og vi fekk spele oppvarming til det store sogndalsbandet – sjølvaste Compact. Og etterpå kan eg så vel hugse at vokalisten, Olav Stedje, sa til oss mens vi sat og røykte narkotika på bakrommet: - Litt øving, kara, såo ska da gao bra ditta here.

Men vågde vi å ta neste steget? Til hovudstaden? Vi var jo prega av lagnaden til yngste søster vår, ho Bjørg, som drog til Tigerstaden og prostituerte seg så skamlaust og som endte livet sitt i Akerselva ein novemberkveld, ho som vi skildra i ein av dei tidlege tekstane våre, "I miss you, Bjørg".

Men vi visste at skulle vi kome vidare, måtte det berre skje. Så vi stappa oss og instrumenta våre inn i den gamle folkevognbussen og drog.

Vi fann oss ein luguber hybel utan innlagt vatn og livnærte oss som best vi kunne med å servere og vaske opp på fotballpubane rundt omkring. Det var ei hard og vond tid, ingen forstod kva vi sa, og det var ikkje få kveldar vi gjekk svoltne til sengs etter å ha slite for å skrape saman pengar til å høyre på New Jordal Swingers, Terje Fjærns Orkester og dei andre heltane.

Det er klart, eg burde kanskje ha teke signala, han Rudvald blei meir og meir fjern og merkeleg, men då eg ein dag reagerte, var det alt blitt for seint. Og vi minnest alle den dagen, 14. Oktober 1985, då han Rudvald tok ein overdose av cola og globoid og blei funnen tidleg om morgonen, kvelt i sitt eige spy.

Men etter dette lysna det, særleg etter at den kjende manageren Sleipe-Bjørn kom inn i bildet. Vi blei kjende med bygutar, som også spelte, og resten er, som kjent historie.

Og sjølv om det var trist med han Rudvald, sidan eg veit kor gjerne han ville vore med på denne suksessen, så skal ikkje det overskygge gleda ved no å ha blitt nynorsk popstjerne. Og nett no er det mi tru at den beste måten å hjelpe nynorsken på er å spele så høgt som muleg, kle seg i sølvdress og rasere hotellrom. Så får det heller våge seg om eg seinare kjem på andre tankar.

Rock’n’roll-helsing