Magasinett

Synsingar

Utskrift

Nye avtalevilkår

Skrive av Atle Berge .

Foto: Colourbox

Inspirert av kor lett det er for informasjonshaiar som Apple, Facebook og Google å overføre rettar frå brukarane til selskapet, vil eg i denne synsinga oppdatere avtalevilkåra til Magasinett.

 

Første endring

Ved å lese denne synsinga overfører du straks rettane til bileta og videoane du har på telefonen din til Magasinett, og godtek at vi kan redigere og distribuere desse vederlagsfritt. Tankane og draumane dine, hytta og huset til foreldra dine, samt eventuelle bilar og båtar du eller andre i same hustand disponerer, skal også overførast til oss. Den illeluktande hunden din kan du behalde, men katten din, undulaten din og gullfisken din tilhører oss i det sekundet du les dette, og Magasinett kan når som helst selje familien din vidare til tredjepart utan di godkjenning.

Andre endring

Ved å halde fram med å lese denne synsinga godtek du at Magasinett lastar ned ein cookie på maskina di som registrerer alt du gjer med telefonen/nettbrettet/pcen. Vi ber deg også om straks å gi Magasinett tilgang til kameraet ditt, mikrofonen din og nøkkelen til døra di. Livshistoria di er idet du lese dette, Magasinett sin eigedom, og ved å lese denne synsinga godtek du at eg som skriv dette kan benytte livet ditt i ein av romanane mine. Du godtek også at Magasinett når som helst kan selje livshistoria di vidare til annonsørar som ønskjer å bruke deg til å marknadsføre produktet sitt. Er ikkje livet ditt spennande nok, godtek du ved å lese denne synsinga at vi eller annonsørane står fritt til å pynte på sanninga og gjere henne meir interessant, og at det er det vi diktar opp som er sanninga.

Tredje endring

Framtidig teknologi vil skape nye moglegheiter for oss som redaksjon og deg som lesar. For å sikre oss at vi kan vere først med ny teknologi, vil vi allereie no sikre oss at vi kan bruke denne så raskt den er tilgjengeleg. Ved å lese denne synsinga godtek du derfor at Magasinett i framtida kan implementere ein chip i hjernen din som gjer innsamlinga av informasjon enklare.

Til ditt eige beste

Til slutt vil eg understreke at alle endringane i avtalevilkåra utelukkande er gjort for ditt eige beste: Ved å overføre eigedommen din og rettane dine til oss, er du med på å lage eit betre og meir underhaldande Magasinett.