Magasinett

Synsingar

Utskrift

Med uvaska hår og skeive briller

Skrive av Sigrid Sørumgård Botheim .

Foto: Stephanie Overton/CC BY-ND 2.0-lisens

«Det er vårt ansvar å vera stygge, slik at andre kan føle seg trygge.»

 

Folk har alltid vore opptekne av kropp og utsjånad. Det som er nytt for vår tid er den enkle tilgangen til metodar som kan endre oss. Det er ikkje lenger berre stormannsgale amerikanske skodespelarar som nyttar seg av slikt. Det har blitt vanleg. Det er akseptert. Nesten forventa? Kvifor ikkje å fikse litt på nasen om det gjer livet betre?

På fjernsynet går det stadig realityprogram om folk som tek plastiske operasjonar. Eg ser på slike program med skrekkblanda fryd. Eg himlar med augo samtidig som eg forstår dei svært godt. Det er vanlege personar med vanlege kroppar. Dei ser ut som meg. Og dei er ikkje nøgde. Det betyr at det er greitt for meg å vera misnøgd med meg sjølv. Dei legitimerer mitt dårlege sjølvbilde.

Det er mange som er tente med å oppretthalde dei dårlege sjølvbilda våre. Skjønnheitsindustrien er stor, og den latar som dyre kremar og lekker sminke er noko vi skal unne oss, noko vi fortener. Moteblad fortel oss korleis vi skal sjå ut og kva vi bør føle. Kirurgar tek seg betalt for å stramme opp og glatte ut. Ulike salongar tilbyr hårfjerning, hudpleie, innsprøytingar. Vi trur dei hjelper oss, men det er vi som hjelper dei.

Det er lett å gje «samfunnet» skulda for eit aukande og usunt kroppspress. Men kvar kjem pengane frå? Vi forbrukarar er ikkje uskuldige.

Eg trur kroppspress ikkje berre handlar om å strekke seg etter ein perfekt kropp. Det handlar òg om at det er greitt å mislike seg sjølv.

Når eg møter venninner, pratar vi ofte nedsettande om oss sjølve. Vi skravlar i veg om feitt hår, urein hud, valkar på magen og rynker rundt augo. Kanskje har nokon av oss oppdaga eit grått hår sidan sist? Krise! Nokon andre har gått opp ein kilo eller to. Å nei! Får vi ein kompliment, kontrar vi attende med noko vi er misnøgde med. Vi er heilt ordinære – vi veit at vi ikkje ser ut som supermodellar. Difor ville det vore absurd om vi var fornøgd med oss sjølve. Som om vi trudde vi var perfekte. Så dårleg sjølvinnsikt har vi ikkje. Så innbilske er vi ikkje.

Det er mykje lettare å klaga over seg sjølv enn å skryte av seg sjølv. Finst det noko ein kan gjera for å bryte dette mønsteret? Det er lett å seia at løysinga er å akseptere sin eigen kropp – ja, å elske sin eigen kropp! Det høyrest idiotisk ut.

Eg har låg toleranse for folk som ber meg tenkje positivt. Difor skal eg heller ikkje be andre om å gjera det. Men vi bør ikkje vidareføre dei frynsete sjølvbilda våre til neste generasjon. Jo fleire vellykka og vakre menneske eg ser på min veg, jo meir går eg inn i ein protestmodus.

Vi kan ikkje hindre unge menneske i å sjå perfekte og urealistiske kroppar, men vi kan iallfall sørgje for at dei òg ser heilt normale kroppar.

Eg kjenner det som ei plikt å ikkje forandre på meg sjølv, absolutt ikkje gjera nokon inngrep, men derimot gå i bumsete klede, uvaska hår og skeive briller.

Det er vårt ansvar å vera stygge, slik at andre kan føle seg trygge. Sjølvsagt vil ein 10-åring føle seg tjukk dersom ein normal vaksenperson seier at ho føler seg tjukk. Difor må vi sørgje for å ikkje prate stygt om oss sjølve. Eg startar i morgon.