Magasinett

Synsingar

Utskrift

Popstjerne igjen

Skrive av Ragnar Hovland .

For nokre år sidan fortalde eg her i Magasinett om korleis det var å vere popstjerne. Nynorsk popstjerne. Det var på den tida Noregs mest berømte band, Dei Nye Kapellanane, var på topp, gav ut plate og spelte i kvar minste avkrok i landet vårt. Så vidt eg kan hugse fortalde eg at det var eit fint liv, dette popstjernelivet. Eg fekk køyre i store bilar, var omgitt av mange kvinner, og alle avisene ville intervjue meg og spørje meg om kva eg meinte om politiske spørsmål og kva som var yndlingsretten min. Det var, som no, pannekaker.

Så gjekk bandet i oppløysing, det er slikt som skjer. Det blei for store motsetnader i bandet. Vi tok til å krangle veldig og å hate kvarandre, og ingen orka å stille på øving lenger. Til slutt sat det ein gitarist og øvde for seg sjølv, og slikt blir det iallfall ikkje noko band av. Så det var inga anna råd, Dei Nye Kapellanane måtte oppløysast.

Vi tenkte kanskje at det trufaste publikumet vårt ville bli fortvilt over dette, og at dei ville trygle oss om å kome saman att, iallfall slik ein gong i året. Men det skjedde ikkje. Det var ikkje ei levande sjel som trygla oss om å kome saman att og spele dei kjende og kjære songane som ”Ivar Aasen og katten hans”, ”Anne Britt” og ”Anarki i Noreg”.

Det var litt skuffande, det måtte vi innrømme. Og kanskje var folk alt blitt leie av oss, kanskje tykte dei det var blitt litt for mykje popstjernefakter over oss. Og kanskje hadde dei rett. Det var nok blitt vel mykje popstjernefakter. Men det er noko som er vanskeleg å unngå når du er i den bransjen.

Så gjekk åra, eg gjekk tilbake til det gamle yrket mitt, forfattar. Eg skreiv mine bøker og tok til å gløyme at eg ein gong hadde vore popstjerne, stått på scenar og brølt ”Anarki i Noreg” og knust gitarane til gitaristane.

Men no har det på ein måte skjedd på ny. Det viser kor vanskeleg det er å førestille seg kva livet har å by på.

Og denne gongen er det ikkje eigentleg mi skuld. For ei tid sidan sat eg i bilen, på veg mot ein eller annan stad, kanskje var det Drammen, og eg hadde radioen på. Då høyrde eg brått ei røyst som song: ”Grisen står og hyler i den stille kveld…” og eg tenkte: Den teksten der er det noko kjent med. Den er jo utruleg fin. Lurer på kven som kan ha laga den?

Og med eitt kom eg på det: Det var jo eg! Det var min tekst! Den som Odd Nordstoga no song så fint, med ein slik fengande melodi. Eg måtte stoppe bilen i vegkanten til songen var ferdig, for å få fullt utbyte av den.

Då eg kom heim att, fortalde eg dette til kona mi, og ho blei glad på mine vegner. ”Betyr dette at du no er popstjerne att?” spurde ho. (Sjølv om ho ikkje har berre gode minne frå popstjerneperioden.) ”Nei…,” sa eg. ”Det er jo Odd Nordstoga som syng. Eg har berre laga teksten, ein gong for lenge sidan. Tekstforfattarar blir aldri popstjerner.”

Men sidan har det berre balla på seg. Songen blir spelt på radio og tv heile tida, og folk går rundt og syng og nynnar på den, og overalt høyrer ein ”Grisen står og hyler i den stille kveld” og ”Fir’ og tjue kråker sit på ein madrass” og fleire andre verselinjer. Ungane syng den i barnehagen og vaksne folk syng den på kontoret, ofte nesten utan at dei merkar det sjølve. Ja, det har gått så langt at nokon begynner å gå lei. Vaktsjefen i ei Bergens-avis skreiv eit sint innlegg i avisa si at no orka ho ikkje meir av verken Odd Nordstoga eller ”Grisen står og hyler”.

Men eg vil tru ho ikkje er typisk. For folk flest liker songen. Og no er cd-en til Nordstoga på toppen av VG-lista, og det er ikkje måte på. Og det er naturleg at det også er blitt slik at tekstforfattaren blir lagt merke til. Når eg går fredeleg på gata, merkar eg ofte at folk stikk hovuda saman og kviskrar: ”Der går han som har skrive teksten til Kveldssong for deg og meg. Slik ser han altså ut.” Og det hender ikkje sjeldan at folk kjem bort til meg og spør: ”Er det du som har skrive teksten til den der Grisen står og hyler?” Og eg må medgi at jau, det er det nok. ”Ja, det er ein fin song,” seier dei då. Og avisene kjem på døra og skal ha intervju, sjølv utanlandske aviser skal spørje meg om korleis det kjennest å ha skrive ein så populær tekst, og om kva som inspirerte meg til å skrive den, og kva slags tekst eg har tenkt å skrive neste gong. Eg svarer at eg vei ikkje heilt, og at vi får no sjå, og at det er viktig å stikke fingeren i jorda og ikkje forhaste seg.

Men det er rart med det, eg kjenner at eg liker å vere litt popstjerne att, sjølv om eg ikkje eigentleg har hatt noko med det. Eg kjenner at det er naturleg for meg, og det er alltid godt å sjå at mor mi er stolt av meg.

Og har du enno ikkje høyrt Odd Nordstoga syngje ”Kveldssong for deg og meg”, så er det noko gale med deg. Og om du ikkje har skjønt det til no, så er det altså eg som har skrive teksten.