Magasinett

Synsingar

Utskrift

Difor fortener Roald Dahl å bli feira

Skrive av Grethe Fatima Syéd .

 

Roald Dahl ville vore 100 år gammal om han framleis levde, og er så aktuell for dagens unge som aldri før. Det vil Grethe FAtima Syéd vise i gjendiktinga si. Illustrasjon: Quentin Blake

Den folkekjære barnebokforfattaren Roald Dahl hadde blitt 100 år i september. Grethe Fatima Syéd meiner det er fleire grunnar til å feira.

 

Det er mange grunnar til å feire Dahl. Han var ein forfattar som heilt og halde hadde lojaliteten sin hos barna, og gav tekstane ein barnemoral. I vaksenverda ville vi til dømes lært Charlie, som veks opp i fattige kår og misunner dei som har mykje pengar og mykje sjokolade, at det finst viktigare verdiar enn sjokolade i livet, at sjokolade ikkje er godt for tennene, at dei som et mykje sjokolade ikke er lukkelegare av den grunn, eller liknande.

Men Dahl let Charlie nærast drukne i sjokolade. Det same med Matilda, som har den forferdelege lærerinna Miss Trunchbull. Ein vaksen moral ville sannsynlegvis forkynt for Matilda at ho må bite tennene saman og halde ut, at hemn ikkje er noka løysing, at vi av og til berre må akseptere at overmakta er overmakt. Eller late Miss Trunchbull plutseleg omvende seg og bli snill, gjerne med ei meir eller mindre akseptabel forklaring på kvifor ho har blitt som ho blei (ho hadde det nok ikkje så greitt ho heller.) Men hos Dahl får Matilda lov til å hive plageånda ut vindauget. Enkelt og greitt, med ei tilfredsstilling av ein primitiv hemn-refleks som ligg djupt i oss (så har då også Ragnar Hovland kalla Dahl ein sadistisk forfatter).

Ei gjendikting har alltid utfordringar. Det er så mykje som skal på plass. Innhaldet er no éin ting, men så er det forma, dvs. rim og rytme, klang, språklege bilete, og liknande. Når det gjeld Roald Dahls Vemmelege vers er det i tillegg ei klar haldning i teksten. Boka består av gjenforteljingar av ei rekkje kjende eventyr. Men Dahl har vridd på det meste, slik at det berre er ein beingrind inst i det hele vi kjenner igjen.

Utanpå er det heile mykje slemmare. Dahl tok inn mykje som var nytt i hans tid (boka kom ut på engelsk i 1982), og som vi har dratt enno eit steg framover gjennom historia (og når eg seier vi, er det fordi eg har fått uunnværleg hjelp av ungane mine på 13, 15 og 22. Dei kan ungdomsspråk og slang som eg aldri så mykje som har høyrd om eingong). Som at Oskepott vil på disco, her omforma til twerking, at far til Snøkvit legg inn kontaktannonse i ein trykt publikasjon, her sjølvsagt gjort om til nettdating. Osv. Dessutan er Dahl rimeleg frekk, både med menneske og dyr (Raudhette og ulven), vaksne og barn (Jack i bønnestengelen og mora), kongelege og vanlege folk, som Snøkvit og dei sju dvergane. Dei er kanskje ikkje heilt vanlege, men det er det dei færreste som er.

Men vi har ikkje berre vore up to date, vi har òg prøvd å leggje inn hint til eldre norsk kultur, som Peer Gynt, Per Spelmann, Ivar Medaas m.fl. Eg trur nokon kvar vil kjenne igjen sitat frå noko dei har høyrd eller lese om tidligare. Den aller største utfordringa har kanskje vore tanken på at både barn og vaksne skal ha glede av gjendiktinga. Om vi har lukkast vil vise seg!

Les eit utdrag frå "Oskepott":

Ønskefeen, den gamle taus,
høyrde ropet, stima til:
«Kva er greia, går det bra?»
«Bra?!?» ropte Potta, «er du vill?
Eg har det møkkings, drit og dra!»
Ho hamra nevene mot kottet,
klikka i vinkel, tilta totalt,
ropte høgt «Ta meg med til slottet!
Det er jo party der i garden,
dei andre har reist, og eg blir galen!
Eg vil ha kjole! Ring ein taxi,
yolo, eg vil vere sexy!
Med tights frå Zara blir eg snasen,
då fell nok prinsen rett på nasen.
Og sko frå New Balance, Converse eller Blahnik
vil nok gjere det rette inntrykk.»
Feen svarte «BRB»
Vifta med staven, på ein to tre
sto Potta på ballet, det var litt av ei fe!
Søstrene berre: «Sjå på det»,
då Potta dansa med blåblod-duden,
twerka mot sixpacken: «Den var smooth den»,
klemte han så totre ribbein brakk
og haka ut or hengsla skvatt.

samband med 100-årsjubileet for Roald Dahl gjev SolumBokvennen Forlag ut Vemmelege vers  i ny nynorskdrakt. Gjendiktinga, som er gjort av Grethe Fatima Syéd, vert lansert til Roald Dahl (1916-1990) sin fødselsdag i dag, 13. september. Dette er hennar hyllest til den norsk-britiske jubilanten.