Magasinett

Synsingar

Utskrift

Sommarquiz

Skrive av Ragnar Hovland .

Å ja, de har vel merka det alle saman. Det er sommar, den årstida då det stort sett regner heile tida og ein stort sett driv med slitsame ting som ein eigentleg ikkje liker.

Og det verste av alt: I alle aviser må kjende folk svare på såkalla ”sommarspørsmål”. Kva klarer du deg ikkje utan i ferien. Beste sommarlåten. Beste sommarminne. Kva er lukta og lyden av sommar. Beste staden å vere om sommaren. Sommarmat og drikke. Og ei mengd med andre spørsmål. Og dei kjende folka kan ikkje la vere å svare på spørsmåla, endå dei veit at dei sikkert kjem med ganske dumme svar (det er slett ikkje lett å svare på slike spørsmål på sparket) og at kompisane deira kjem til å le av dei når dei les kva dei har svart i avisa og seie at dei høyrest ut som verdas mest keisame folk!


Sidan eg er så kjend, har også eg blitt utsett for dette. Avisene er ute etter meg for å stille meg alle desse spørsmåla slik at eg skal få dumme meg skikkeleg ut. Men eg har klart meg til no. Har late vere å ta telefonen, og aldri vore meir enn to dagar på same stad. Men eg veit aldri når dei vil finne meg. Så for å hemne meg litt på førehand, har eg laga ein slik sommarquiz som du må svare på. Og du er nøydd å svare på alle spørsmåla!

1. Kvifor skal ein ikkje sova bort sumarnatta?
2. Kven liker du best å stå fast i heisen med om sommaren?
3. Er ”In the Summertime” den beste sommarsongen, eller er det den der med De Lillos?
4. Dersom du hadde vore gift, ville du då likt best å sitje saman med ektefellen din i bilkø?
5. Kvifor ikkje?
6. Kvifor er det så lenge til neste sommar?
7. Kva er den beste sommarplaga, høysnue eller soleksem?
8. Lukta av sommar, er det for deg roten tang? Ein nyopna boks Snurring? Eller spylukt i telt?
9. Og lyden av sommar, er det to bilar som kolliderer på E6? Ein måse? Bror din som spyr i teltet?
10. Kva klarer du deg ikkje utan i ferien? Mobilen? Ein boks Snurring? Mor di?
11. Kva er det finaste sommardyret?
12. Kva trur du George W. Bush driv med no om sommaren?
13. Dersom du stod fast i heisen saman med George W. Bush, Osama Bin Laden og ein til, kva ville du då ha gjort?
14. Dersom du sat i bilkø med dei same personane, ville det ha vore stor forskjell?
15. Hugsar du ei fin sommarforelsking?
16. Kven var du forelska i?
17. Vil du ikkje seie det?
18. Kor bur han/ho no?
19. Håper du at det ein gong skal bli dykk to, eller er det for seint?
20. Kva er den nest-beste sommarlåten?
21. Er det andre stader enn Lanzarote og Otta du aldri vil tilbake til?
22. Liker du å fiske om sommaren?
23. Ikkje med makk, vel? Du må innrømme at det er ekkelt.
24. Håper du på å oppleve ei ny sommarforelsking?
25. Har du noko ønske om korleis den du skal forelske deg i skal sjå ut?
26. Liker du å sjå reprisar på tv om sommaren?
27. Kva er best av cola og bitter lemon?
28. Kva seier du når du får ein to kilos aure på sluken og han slit seg?
29. Gler du deg til å bli så gammal at du slepp å dra på ferie med foreldra dine?
30. Er ikkje hesten verdas dummaste dyr? (Mest eit spørsmål for jenter.)
31. Kvifor vil du så gjerne bli forelska? Er det ikkje mest eit slit?
32. Meiner du at han som speler Harry Potter i Harry Potter-filmane no er for gammal til å bli med i ein film til? (Ein Harry Potter med tydeleg skjeggstubb er vel ikkje heilt rett?)
33. Er ikkje hausten eigentleg ei betre årstid?

Lykke til! Og hugs at eg kjem til å kontrollere alle svara.