Magasinett

Synsingar

Utskrift

Lat oss hylle dei levande

Skrive av Dubie Toa-Kwapong .

Når ein ser tilbake gjennom historia, verkar det som at vi ofte ikkje set pris på artistar medan dei framleis lever.

 

Kanskje er målet å bevare audmjukheita deira, i frykta at det å anerkjenne det ofte overnaturlege talentet dei beherskar vil ha negativ verknad på kunsten dei skapar. Det er uvisst kva årsaken til denne holdninga er. Men det er i alle fall uendeleg med døme på svært dyktige forfattarar, musikarar, og malarar som opplever at arbeidet deira anten vert avslått eller oversett, og lever i stor grad i fattigdom og einsemd til dei dør.

Den amerikanske forfattarinna og antropologen, Zora Neale Hurston er eit klassisk døme på dette. I dag er debutromanen hennar, Their Eyes Were Watching God, sett på som ein klassikar. Men Hurston fekk aldri oppleve lovprisinga som boka hennar motteke i dag. Tvert i mot vart ho kritisert for å setje det afroamerikansk samfunnet i dårleg lys. 

I dag er det fleire museum i ære for kunsten til nederlandske Vincent Van Gogh. Dei nesten 2000 maleria som Van Gogh produserte på 1800-talet er blant dei mest ettertrakta kunstverka i verda. Men medan han levde vart den melankolske malaren utstøtt av kunstverda, og arbeidet hans i stor grad oversett. Som Hurston, levde Van Gogh eit asketisk liv prega av økonomiske vanskar og helseproblem. I dag vert begge feira som to av dei viktigaste kulturskaparane i verdshistoria. Men tenk om dei hadde fått nyte av denne suksessen medan dei levde?

Vi er berre komen litt over halvveis i 2016, men allereie har verda mista fleire viktige artistar. 10. januar kom nyhendet om døden til David Jones, kjend verda rundt som David Bowie. I februar var det Earth, Wind and Fire leiar, Maurice White. I mars, både doo wop-legende Lee Andrews (far til The Roots-trommis, Questlove) og A Tribe Called Quest sin lyriske meistar, Phife Dawg. I april var det Congo sin kong av rumba, Papa Wemba, og ikkje minst den mystiske og multi-talentfulle, Prince Rogers Nelson.

Over tida har vi fostra ein trongsynt global kultur med uformelle kvoter på kor mange får oppleve stjernestatus – som får hamne på litterære bestseljarlister, som får selje ut konsertar i store stadium verda rundt, som får trekkje folkemengder til museum med kunsten sin. Nokre av artistane nemnt ovanfor - Bowie, Prince, og Maurice White - har vore heldige nok til å oppleve slik suksess både i livet og etter døden.

Med tapet av desse artistane merkar vi òg ein voksande trend – folk på tvers av kultur, alder, og bustad bruker sosiale mediar til å uttrykkje respekt for og sakn etter desse kunstnarane, det Martin Bjørnersen kallar ein «alternativ minnestund». For mange, særleg yngre menneske, er det i samband med døden dei har blitt kjend med desse artistane.

I artikkelen «We Should Celebrate Greats Like Sly Stone While They Are Still With Us», skriv Noah Berlatsky om rock og funklegenden, Sly Stone. Stone har hatt stor verknad på musikk, og er sitert som inspirasjon for Prince, George Clinton, og Kendrick Lamar. Men om du ikkje er funk-fanatikar, er det tvilsamt at du er kjend med Stone. Som Berlatsky peikar ut lever vi i ei tid der musikken til artistar som Stone tek baksetet, medan rampelyset kvil støtt på yngre popfenomen.

«Eg kan ikkje endre det at maleria mine ikkje sel. Men det vil kome ein dag der folk innser at dei er verdt meir enn verdien av malinga brukt i bileta». Dette skreiv Van Gogh om den negative populære holdninga til arbeidet hans, og han hadde rett. Forhåpentlegvis kan vi bli flinkare til å setje pris på kulturskaparar medan vi framleis har dei med oss.