Magasinett

Synsingar

Utskrift

Så var det denne valden

Skrive av Jon Peder Vestad .

Ingen kjøper Cola etter å ha sett ein Cola-reklame. Ingen trur sjølvsagt at USA har vore med på å okkupere Irak sjølv om vi ser nyheitsmeldingar om at irakarar flest føler at dei er okkuperte. Og det er vanvittig å påstå at vald i media påverkar oss.

Av alle dei merkelege påstandane eg møter om media – i media – er den verste påstanden om at folk flest ikkje blir påverka av å sjå vald. Dette er ein påstand som dukkar opp omtrent like regelvisst som vi blir fortalt om noko dumt folk i KrF eller Frp har gjort eller kor sunt det er å drikke raudvin. Det er ein myte media er med på å forsterke.

Somme ser ut til å meine at av alle ting i heile verda, er det ein ting som iallfall ikkje påverkar oss i det heile teke: Vald i media. Det kan vere vald i animasjonsfilmar, actionfilmar, dataspel eller i spenningsseriar, altså vald som vi møter i media, særleg i underhaldning: Det er rett og slett umogleg å lære noko om vald gjennom media. Ikkje kan vi lære knep og teknikkar, ikkje kan vi få inntrykk av at vald er ein grei eller lettvint måte å løyse konfliktar på, og ikkje kan vi komme til å tru at vald er normalt eller ufarleg. Ikkje! Nei. Jau, nokon få kan kanskje vere disponerte bittelitt for å ta etter medievalden, men den faren må vi leve med. I det store og det heile er det nærmast sunt å møte vald i spel og filmar. Folk får ut aggresjon utan at det går ut over nokon eller noko, og det er jo sunt å leve ut kjenslene sine, ikkje sant!?

Somme gonger prøver nokon å argumentere mot vald i underhaldningsspel og –filmar. Det er farleg, folk tek etter, dei lærer av det, blir det sagt frå den kanten. Dette kallar valdsforsvararane – dei er jo det! - gjerne moralistisk tøv, moralsk panikk eller noko anna som kan setje valdsmotstanden i eit dårleg lys. Eller så kan valdstilhengjarane seie at forsking har gitt ulike og ikkje eintydige funn om effekten av medievald – og det er sant, men blir fort glømt når dei sjølve er på bana. Ønske om grenser og reglar er sensur, og sensur er moralistisk, formyndarisk og mørkemannsaktig. Og uansett argumentasjon er konklusjon og mål at det skal finnast minst mogleg, helst ingen, sensur som hindrar vald.

Eg synest det er rart at valdsforsvararane og medievalden slepp så lett frå det. Utstemminga som vi har sett i såkalla verkelegheitsfjernsyn har ført til at ungar har stemt kvarandre ut frå leiken. Eller nei … Slik utstemming har jo ungar alltid drive med, det veit vi jo. (Håper de tok ironien der!) Og skitne knep i slåstkampar har funnest støtt, lenge før kampsportfilmane. Ikkje har det vorte meir grov vald i samfunnet, heller. (Ironi!) Og når det blir omsett reklame for om lag tjue milliardar kroner i samfunnet vårt kvart år, er det sjølvsagt berre fordi reklamebransjen har eit formidlingsbehov, og fordi det er ein grei måte å støtte media på. Å bli utsett for reklame har sjølvsagt ingen effekt på oss, like lite som vald har det.

Den ferskaste forskingsrapporten eg las om, synte at 92 prosent av episodane i såpeoperaene EastEnders og Emmerdale inneheldt såkalla indirekte aggresjon. Seriane inneheldt mange ufine kommentarar, ryktespreiing og utfrysing, fann forskaren Sarah Coyne ut. Ho meiner at slike seriar er med på å gje oss ein kultur der det er greitt å vere vondskapsfull. Forskaren seier ifølgje Aftenposten på nettet at det er på langt nær så ille å spreie rykte som å skyte nokon, men minner samstundes om mobbing i skulen og psykiske arr. Særleg blir tenåringar påverka. Valdsforsvararane vil sikkert vise til at det fanst mobbing og vald i vikingtida også. Da kunne ein ikkje skulde på media, ikkje sant! Men om dei har rett i noko, treng dei ikkje ha rett i noko som helst anna.

Det går an å lære vald, det går an å få grenser for valdeleg åtferd flytta. Vald i dataspel og filmar er blant valdsagentane, med einøygde forsvararar i forskar- og medieverda som misjonærar.
Eg har ikkje nemnt vald i journalistikken her. Grunnen er at verkelegheita er rå, og inneheld vald som vi må forhalde oss til like sikkert som fødsel og død. Det betyr ikkje at alt skal visast eller forteljast, men at det går eit grunnleggjande skilje mellom vald i verkelegheita og vald som underhaldning. Det er stuereint å arbeide for at det skal bli mindre vald i den verkelege verda, men også underhaldningsvalden kan vi gjere noko med. Det er også enklare når det kjem til stykket, om viljen er der.

2004 Jon Peder Vestad