Magasinett

Synsingar

Utskrift

PR-kåt, engasjert eller misjonerande?

Skrive av Jon Peder Vestad .

”Vi treng engasjerte journalistar”, hører eg sagt både frå den eine og den andre kanten. ”Eg har ikkje akkurat noko imot å bli lagt merke til”, har ein mediestudent sagt til meg. Andre ønskjer å bli journalistar fordi dei vil vere med på å påverke. Og her kan journalistar fort hamne i eit vanskeleg landskap.

Dei aller, aller fleste journalistar blir aldri kjendisar. Kanskje er dei kjende på heimstaden sin, kanskje kan dei kjennast att på stemma av ihuga lyttarar, og kanskje har dei ein liten fanklubb. Nokre få kan ha ei stor tilhengjarskare, og sannsynlegvis ganske mange som ikkje heilt har sansen for dette mennesket.

Dei som blir journalistar fordi dei er PR-kåte, har eit dårleg utgangspunkt for å gjere ein god jobb i media. I lengda er ikkje eit enkeltmenneske så forferdeleg interessant, og ein som har ein hang til å framheve seg sjølv i litt for mange situasjonar, blir folk lei av. Både kollegaer og publikum. Men det er klart at ein del journalistar blir kjendisar. Grunnen kan vere at ein var på rett plass til rett tid, at ein er dyktig og at ein er eigna til ei bestemt rolle. Ein bli vald fordi ein er den ein er, slik andre oppfattar det. Da hjelper det ikkje om ein sjølv synest ein har eit naturtalent som burde gitt sikker kjendisstatus.

Det er heldigvis få som har ønsket om å bli kjent som drivkraft for å bli journalist. Somme brenn for ei sak, og vil gjerne gjere verda merksam på dette gjennom media. I staden for å gjere seg sjølv kjend, står Saka eller Sakene i sentrum. Det kan vere like uheldig å gå til media for å vere ein slags misjonær. Ein kan bli smalsynt, snever, ukritisk og så vidare, og det bør jo ein journalist ikkje vere! I staden for å bli ein misjonær – dei kan også bli slitsame – kan målet vere å bli ein god formidlar av stoff frå bestemte saksområde, ein ekspert.

Dei fleste journalistar hamnar i yrket fordi dei er glade i språk, i formidling og er nyfikne. Dei har talent og kunnskap, men i tillegg så er det mange i media som ønskjer seg journalistar som har eit engasjement utover handverket. Journalistar arbeider i det vi kallar den fjerde statsmakta, og skal påpeike svakheiter og skeivheiter ved samfunnet, sjølvsagt attåt mye anna. Journalistikken skal ha ein konsekvens ved sida av det at ein opplyser om store og små hendingar og fenomen. Det at ein som journalist har eit engasjement, vil seie at ein klar over den makta som ligg i journalistrolla og oppdraget til media i samfunnet. Journalistikk handlar om val, av saker, av vinklingar, av kva som får god plass og kva som ikkje får det. Ein engasjert journalist kan greie å skape merksemd mot noko som blir oversett, men som ikkje burde ha vore det, og på den måten kan journalisten – eller media – vere med på å prege samfunnet. Det er eit sunt engasjement.

Men den engasjerte journalisten risikerer også å bli ein misjonær, dersom han eller ho ikkje greier å setje saksfeltet sitt i perspektiv, og glømmer det kritiske blikket ein skal ha. Ein kan bli det vi kallar eit mikrofonstativ, eit talerøyr for andre. Og ikkje skal ein vere talerøyr for seg sjølv heller. Denne balansegangen er ikkje alltid så lett å ta. De skjønner? Den engasjerte journalisten har lojaliteten sin hos publikum og det journalistiske oppdraget han eller ho har fått. Så får ein heller ta ein eventuell kjendisstatus som ein bonus, om ein skulle like det, da. Eg er glad eg aldri vart det!

2004 Jon Peder Vestad