Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kva med å bruke norsk?

Skrive av Jon Peder Vestad .

Eg har levd lenge nok til å ha lagt merke til at språket har forandra seg, også mitt. Dei som veks opp i dag, bruker mye meir engelsk i daglegtala enn eg gjorde for tjue år sia. Og media både speglar og pregar dette.

For ikkje så lenge sia funderte eg over ordet DJ. Ja, DJ, dee-jay, som somme skriv det, er jo eigentleg ei forkorting som vi bruker for disc jockey. ’Plateryttar’ var eitt av dei norske orda vi lærte vi kunne bruke i staden, hugsar eg. Plateryttar, hm! ’Platepratar’ var eit anna. Det fyrste ordet er eit omsetjingslån, det andre eit erstatningslån. Og den fornorska skrivemåten er diskjockey. Dermed har eg fått nemnt tre av dei vanlegaste måtane å behandle lånord på i norsk – setje om temmeleg direkte frå fremmendspråket, erstatte med noko som ligg nær i innhald, eller gje ordet ein norsk skrivemåte.

Attende til fenomenet DJ på norsk. I dag pratar stort sett ikkje diskjockeyar mellom eller oppå låtene, men det var ein eigen kunst før i tida. Den kunsten vart ofte framført på engelsk, hugsar eg. Det var pussig å sjå ein fyr du visste godt kven var, ein som sa fole og kjøle og andre vanlege dialektuttrykk, men når han sto bak eit miksebord og snakka til jamaldringane sine, ”måtte” han snakke engelsk. Jaja, svært skulle det vere! Og det var det au. Det er jo derfor vi bruker så mye engelsk i dag også, til og med enda meir enn før. Det knyter oss innfødde dal- og fjordfolk til den store verda der ute, der folk kjører dyre bilar, alltid har kule klede, lever i sol og sommar osv. osv., som stemmer for nokon, men ikkje for fleirtalet av dei som bruker engelsk. Men vi her i Noreg, og i tallause land rundt om i verda, knyter bruk av engelsk til ei rekkje positive eigenskapar. Dette vil vi vere ein del av, og det viser vi mellom anna gjennom språket. Dersom russisk hadde hatt same status og symbolverdi for oss, hadde vi blanda inn russisk i språket vårt.

Tidlegare i år vart eg beden om å spå om framtida til norsk språk. Spådommen skulle brukast i boka Hva er språk, som Helene Uri har skrive. Eg sende inn dette svaret: ”Norsk finst! Det lever i skuggen av engelsk, bortsett frå i ein del kommunar i som marknadsfører norsk kultur, og lever av primærnæring og turisme. Arvtakaren til nynorsk er mest brukt her, men elles i samfunnet er ei utgåve av bokmål mest utbreidd. Utafor dei ”norske” områda blir språket brukt i heimane, i vennelag og når ein handlar, men forretnings-, medie- og administrasjonsspråk er Nordic English.”

Det er mogleg eg er for pessimistisk her. Andre meiner nok eg er det motsette. Men uansett så er det berre vi her oppe i det lange, knudrete landet vårt som har ansvar for det norske språket. Derfor skulle eg ha ønskt at blant andre journalistar tok seg meir saman og prøvde å vere språklege førebilde for å gjere det kule, moderne norske språket, det som viser veg framover, mest mogleg norsk. Det gjev norsken status, og eg trur det ville ha gitt meir språkleg skaparevne og –glede på heimebane: At fleire hadde prøvd å finne tak i gode norske måtar å uttrykkje seg på og bruke dei aktivt.

Kva skal vi forresten kalle ein DJ på norsk? Ein platemiksar? Musikkmiksar? Det er i såfall eit blandingsprodukt av velkjent, norsk merke.

2004 Jon Peder Vestad