Magasinett

Synsingar

Utskrift

Får vi dei media vi fortener?

Skrive av Jon Peder Vestad .

Eg vil svare med ein gong: Nei. Men det kan nok sjå slik ut. Vi har medietilbod som gjev kvalitet, men også det motsette. Og kvaliteten i journalistikken er ikkje nødvendigvis dårlegast der det finst mye skit  

Somme påstår at vi får det medietilbodet som vi fortener. I det ligg det at når folk flokkar seg om visse radio- og fjernsynsprogram og les visse aviser, så er det naturleg. Andre tilbod er det ikkje særleg marknad for. Der har vi ordet: marknad! Det er så lett å la seg blende av det ordet. Berre tenk på dette: Ein gong i tida fanst ikkje fjernsyn - folk hadde ikkje tilbod om å sjå levande bilde i kasser heime i stuene sine. Fjernsynet fanst ikkje, men det vil ikkje seie at marknaden ikkje fanst! Det gjorde og gjer han til gagns, som vi veit.

Medieverda i Noreg er mangfelt, og her på berget er vi dei nest ivrigaste avislesarane i verda. Vi hører også mye på radio samanlikna med andre, og oppslutninga om fjernsynsmediet er så god at vi legg på oss av det. Nok om det. Det finst eit publikum der. Men publikum kan berre velje blant det som finst og det som blir sett i gang! Sia det kostar å drive mediebedrifter, kan ikkje kven som helst starte ei lokalavis utan vidare, det krevst pengar. Viss ingen er interesserte i å spytte pengar i eit nytt prosjekt, for eksempel fordi dei ikkje trur på eller liker ideen, så blir det ikkje oppretta. Men det kan godt hende at det finst eit behov der likevel. Og sjølv om dei store aktørane nok bruker ein del pengar på marknadsundersøkingar og tankekraft til å gje publikum eit tilbod som fell i smak, så er det mange idear som må falle. Dei blir rett og slett ikkje noko av. Men dei kunne ha slått an, hadde dei vorte prøvde ut.

Eg kjem på to parallellar. Ein dokumentarfilm om eit songkor i ei lita kystbygd er ikkje akkurat det ein på førehand ville rekne med vart ein publikumssuksess. Heftig og begeistret vart det. Ein enkel song om griser og kråker og kveld er det heller ikkje lett å spå kan slå an. Odd Nordstoga gjorde det med Kveldssong for deg og meg. Båe eksempla syner at noko som kan verke rett så ”fjernt” eller utrendy, verkeleg kan slå an.

Somme saknar ei kvalitetsavis i Noreg. Ei avis med lange artiklar, ei avis som fortel oss om kva som skjer i land og saksfelt som vi nesten aldri hører noko om i VG og Dagbladet, ei avis som tek kulturen på alvor, let debattane gå, kjem med djuptgåande analysar osv. osv. I utlandet finst det slike aviser, får vi høre. Ja da. Og i Danmark vart det gjort forsøk på å starte ei slik avis hausten 2002, men ho gjekk fort dukken. Dei såkalla kvalitetsavisene slit også i Storbritannia og Frankrike. I desse landa, som i Spania, Italia og Tyskland, er det ein liten elite som les desse avisene. Dei når ikkje folk flest, og det er heller ikkje noko mål. I Noreg er det visst ikkje marknad for ei slik avis, fordi eliten er for liten …

Tja, ikkje marknad? Vi har da kvalitetsaviser, vi! Det er mye god journalistikk i VG og Dagbladet, og sjølvsagt ein god del som fleire enn eg synest er fjas, au. I dei andre hovudstadsavisene – er det au mye godt å lese, og noko fjas, sjølvsagt, og det same gjeld dei store regionavisene. Dei fleste av oss liker å bli fora med sladder og sensasjonar innimellom, vil eg tru, og da er det ikkje rart om vi finn den sorten i media au. Det vil ikkje seie at eg synest media speglar interessene våre fullt ut på dette punktet, eller at det journalistiske oppdraget blir tatt nok på alvor. Det kan godt hende at det alt i alt blir for mye fjas. Det viktige er at kvalitetsjournalistikken finst og trivst også hos oss! Vi må ikkje bli narra til å tru noko anna.

Konkurransen på mediemarknaden er så hard at sjølv om vi kan vere mange som saknar lengre nyheitssendingar, meir avslørande journalistikk og meir stoff frå Aust-Europa og den tredje verda, så er det lite truleg at vi får vår eigen kanal eller vår eiga ”viktige” nisjeavis. Men vi treng det heller ikkje. Eg meiner at det finst kvalitetsjournalistikk rundt omkring i mange norske medium – og skulle sjølvsagt ønskt at det var enda meir av det. Og så har vi også nokre publikasjonar som ikkje driv med ”blålysjournalistikk” eller vassar i dei same sakene og emna som ”alle andre”.

Morgenbladet kjem kvar veke, og er grundig så det held! Og opplaget har gått kraftig opp. Det har også opplaget til Dag og Tid, som har nynorsken som ein ekstrakvalitet. Klassekampen gjev lesarane sine ei norsk utgåve av Le Monde Diplomatique kvar månad, med lange artiklar og få og små bilde for dei som liker det. Og skulle ein ha behov for meir engelsk i livet sitt, og vil pare det med kvalitet, så sender Dagsavisen ut ei vekeutgåve av New York Times til lesarane sine kvar laurdag. I etermedia finst det au mye bra, for ikkje snakke om på nettet.

Vi fortener det vi får i og av media, både av godt og gale. Er det noko vi ikkje liker, kan vi velje det vekk. Er det noko vi liker, kan vi bevisst velje nettopp det. Marknadskreftene rår, så langt - men ikkje over alt. Det finst mye i verda som vi aldri får tilbod om, iallfall ikkje på norsk. Vi kan velje, og nokon vel for oss. Og er vi mediebrukarar flinke til å velje, får vi mye bra med oss, også på norsk. Slik er det.

2004 Jon Peder Vestad