Magasinett

Synsingar

Utskrift

«Det er uakseptabelt med «blackface»-kostyme»

Skrive av Dubie Toa-Kwapong .

Dubie Toa-Kwapong flytta frå Noreg til Minnesota i 2012. Foto: Privat

Europeisk rasisme er ikkje alltid like sensasjonell som amerikansk rasisme, men det betyr ikkje at den ikkje eksisterer, skriv Dubie Toa-Kwapong.

 

I 1948 reiste 23 år gamle James Baldwin til Frankrike for å rømme frå eit liv definert av Jim Crow-lovene. «I Amerika var eg berre fri i kamp. Eg var aldri fri til å kvile meg,» skreiv han.  

Den unge forfattaren, som er skildra i den Oscar-nominerte dokumentaren, I Am Not Your Negroreiste til Europa for å sleppe unna systematisk rasisme og fordommar. 

For fire og eit halvt år sidan flytta eg til USA for liknande grunnar. For meg var Noreg det heimlandet eg elska, men som eg i stor grad følte ikkje tillèt meg fridomen til å berre vere meg.

Afrikanske historietimar
Eg har tidlegare skrive om korleis eg opplevde det å vokse opp som afrikansk i Noreg.

Sjølv om eg identifiserte meg som ei «normal» norsk jente, verka det som kvardagsrasisme og framandfrykt venta rundt kvar hjørne for å minne meg om den utålege vekta av å vere svart i ei kvit verd.

Medan Europa representerte fridom frå dette for Baldwin, representerte USA dette for meg.

Foreldra mine sørgja for at eg og storsystera stadig fekk lese bøker og sjå filmar om historia til den afrikanske diasporaen. Vi forstod at vi kom frå eit kontinent, ein rase som er like sofistikert, interessant, komplisert og menneskeleg som alle andre. At afrikanarar ikkje har vore like uverksame som vestleg historie ofte antyder.  At kampen for frigjeringa av svarte menneske var global.

Den afrosentriske utdanninga vi fekk heime var ikkje meint å romantisere den afrikanske diasporaen, men heller å normalisere den. Den hjalp meg forstå at min identitet ikkje var ei hindring. Og at det var greitt å slost for og forlange retten til å bli behandla med respekt. Av ein eller annan grunn kjennast det som at det var nærmast umogleg å oppnå dette heime i Noreg.

LES OGSÅ: Afrikas «returnees» skapar ei ny folkegruppe

Hårtafsing og «blackface»-kostyme
I Noreg mangla eg orda til å uttrykkje det eg opplevde. Eg var frustrert over folk som ikkje forstod at det å bruke «blackface» på halloween var uakseptabelt. Av å måtte vere den høflege afrikanaren som ikkje overreagerte då folk tok på håret mitt eller huda mi utan å spørje.

Kvar sommar høyrde eg ulike versjonar av setninga: «Gud, eg er nesten blitt neger» frå venner, sjølv om eg hadde fortalt dei gong på gong at det skar kvar gong ordet «neger» slapp ut av ikkje-svarte lepper.

Eg var lei av å bli fortald at eg overdreiv då eg delte opplevingane mine. Eventuelt slutta eg å forklare. Eg fokuserte heller på studiane mine, om å få gode karakter så eg kunne oppfylle draumen om å studere i USA.

Eg var ikkje naiv nok til å tru at desse problema ikkje eksisterte i USA. Men eg hadde inntrykk av at i USA hadde minoritetar moglegheita til å peike ut urettferd og halde resten av samfunnet ansvarleg utan å bli fortald å reise tilbake der dei kom frå.

LES OGSÅ: Dette betyr Super Bowl-opprøret til Beyoncé 

Europa – rasismens fødestad
Nesten fem år seinare, merkar eg at Europa og USA har meir til felles enn det eg hadde trudd. Det som er felles er ei manglande forståing av verdshistoria og ein tendens til å ville tru at verda bevegar seg framover, med få konkrete steg til å drive dette framsteget.

Med eit bein i kvart samfunn veit eg no kor viktig det er å forstå røtene til rasisme og at Europa er fødselsplassen til rasisme. Europearar skapte ein rasebasert hierarki med seg sjølv på toppen og afrikanar på botnen for å rettferdiggjere kolonisering, massedrap, og ressursutnytting.

Europearar har prøvd å utslette ursamfunn over heile verda for å bygge rikdomen sin og skape moglegheiter for sine borgarar. Og sjølv om dagens Europa framleis lever på dei økonomisme og geopolitiske vinningane av desse handlingane, har dei klart å overbevise seg sjølv om at dette er heilt naturleg.

LES OGSÅ: «Eg vert redd når eg går på bussen og ser ein kvit mann i Trump t-skjorte»

Må synleggjera rasisme
Det verkar som rasismen på nokre måtar har vore aller mest suksessrik i Europa. Fordi den har klart å gjere seg usynleg for dei som dreg mest nytte av det. Men for dei som ikkje høyrer til denne rasebaserte overklassen, er det vanskeleg å ikkje merke det.

Europeisk rasisme er ikkje alltid like sensasjonell som amerikansk rasisme, men det betyr ikkje at den ikkje eksisterer. Skal vi lykkast å demontere det globale konseptet av kvit overlegenheit og skape ei meir rettferdig verd, må europearar vere villig til å synleggjere rasisme og jobbe aktivt for å skape anti-rasistiske samfunn.