Magasinett

Synsingar

Utskrift

Sembene! – Historia om afrikansk film

Skrive av Dubie Toa-Kwapong .

Stillbilete frå filmen Sembene! Skjermdump YouTube.

Filmskaparen Ousmane Sembene fortalde afrikanske historier frå afrikanske synspunkt.

 

 

Uansett kor lenge ein trestamme ligg i elva, vil ho aldri bli ei krokodille.
– Ousmane Sembene, God’s Bits of Wood

I 2016 var det 50 år sidan Ousmane Sembene (1923-2007)  slapp sin fyrste film, La Noire de.

La Noire de tek føre seg kolonialismen og dei kompliserte dynamikkane den produserte. Dette hender gjennom historia til ei ung kvinne med namnet Diouana, spela av Mbissine Thérèse Diop, som flytter frå Senegal sin hovudstad, Dakar til Antibes i Frankrike for å jobbe som barnepike for eit fransk ektepar.

I Frankrike er det ingen barn i heimen, og Diouna er tvungen til å jobbe lange dagar som hushjelp for paret og vennane deira. Når ho tenkjer tilbake på livet og familien i Senegal, kjenner ho seg stadig meir isolert og deprimert.

Sembene sin debut var den fyrste filmen frå Afrika sør for Sahara som fekk stor internasjonal merksemd. Den opna døra for ein spannande ny epoke av kunstfilmar på det afrikanske kontinentet.

Med filmane hans hadde Sembene eit mål – å fortelje afrikanske historier frå afrikanske synspunkt. Svarte menneske og deira kulturelle og historiske opplevingar var sentrale.

Historiske hendingar
Inspirert av eksisterande filmteknikk, utvikla han nye metodar for kapre nyansane i mørk hud og sørgje for at dei afrikanske skodespelarane hans tok seg så godt ut som mogleg på film.

Sembene har ofte brukt arbeidet sitt til å gi merksemd til viktige historiske hendingar som har konsekvensar den dag i dag, men har gått i den kollektive gløymeboka. Den kontroversielle dramafilmen Camp de Thiaroye er eit døme på dette.

I filmen viser Sembene til massedrapet på fransktalande vestafrikanske soldatar av den franske hæren mot slutten av andre verdskrigen. Som borgarar av det franske koloniale riket, verva mange vestafrikanarar seg som soldatar i krigen. Men mot slutten av krigen var mange av desse plasserte i ein militærleir utanfor Dakar, kallar Thiaroye og budde under konsentrasjonsleirtilstand.

Soldatane fekk ikkje pensjonane dei var blitt lovde i byrjinga av krigen. Då dei protesterte dette og levestilstanda, resulterte dette i ein blodig massakre. Dei som overlevde var dømd til ti år i fengsel. Filmen var bannlyst i Frankrike i over 10 år og sensurert i Senegal.

LES OGSÅ: Afrikas «returnees» skapar ei ny folkegruppe

Demokratisering av film
Sembene var like kritisk til den postkoloniale tilstanden i Senegal og andre afrikanske land. 

Som filmskapar og som borgar utfordra han både politiske leiarar og kulturelle tradisjonar, og vart ofte sett som motstandaren til Senegals grunnleggjande president, Leopold Sedar Senghor. Senghor var ein klassisk intellektuell. Han vart utdanna ved eliteskular i Paris og ville stille Senegal som ein del av eit globalt fransktalande samfunn.

Sembene, som berre hadde seks år med barneskuleutdanning bak seg, var meir oppteken av heidre tradisjonelle Senegalesiske språk. Han ville demokratisere film og litteratur ved å skape kunst som den gjennomsnittlege borgar kunne forbinde seg med. Det var dette som inspirerte debutromanen hans, God’s Bits Of Wood og seinare hans fyrste film, Borrom Sarret.

«Stolt over å vere afrikansk»
Blant dei som såg seg sjølv representert i arbeidet til Sembene var ein tenåring med namnet Samba Gadjigo. Som mange andre senegalesiske skuleborn, fekk Gadjigo ei utdanning som skulle lære dei å bli «Le petit français», vesle franskmenn. 

Boka til Sembene endra alt for Gadjigo. «Her var ei bok som berre skulle lære meg å vere meg sjølv. Og kanskje for den fyrste gongen sidan eg byrja å gå på skule var eg stolt over å vere afrikansk,» fortel han.

I dag er Gadjigo professor og forskar på det fransktalande Afrika og film frå denne kulturelle regionen. I 2001 tok han kontakt med Sembene og inviterte han på besøk til Mount Holyoke College der han underviser. Sembene avslo. Gadjigo ga ikkje opp. Han tok ein tur til Senegal og reiste heim til Sembene for å invitere han nok ein gong. Imponert av pågangsmotet til Gadjigo takk han til besøkstilbodet. Dette var byrjinga på eit langt vennskap og samarbeid mellom dei to.