Magasinett

Synsingar

Utskrift

10 x 10 Hurra!

Skrive av Arnt Birkedal .

Det har skjedd mye fælt til no i år. Det skal gudane veta. Noko av dette har me snakka
og sunge ut om. Mye har me ikkje snakka om i det heile tatt. Akk ja. Men det har no,
ved Jahve og Allah og Co., skjedd mye gildt dette året òg.

Sjølv har eg hatt fleire gilde stunder allereie i 2005. Gildast var det kanskje då
eg las meldinga til Helge Torvund av boka mi Is – og Donald-svingane i Dagbladet.
Torvund kalla meg ein kultforfattar, og det likte eg, veit du. Sjølv om eg stundom skulle
likt å veta kvar den kulten min held til, så eg kunne stikka bortom dei og seia hei ein
gong i blant. Nei, forresten, eg har ikkje tid. 2005 har byrja som eitt av travlaste åra i
denne mannens minne.

Men det er eit luksusproblem, eg skal ikkje klaga. Eg må ta i
mot alle oppdrag og småjobbar eg får. I desse ulvetider. For viss ”moderniserings-
ministeren” (hermeteikn tilsikta) og regjeringa får det som dei vil, skal bøker straks
konkurrera på ”den frie marknaden” på same vis som sjampo og dongeribukser, og då
er det slutt på denne forfattaren sin forfattarskap. Det kan me skriva opp. På ein viss
plass. Allereie. Men me kan håpa på at frelsa er nær; at denne konkurransetida, dette
konkurranseslaveriet, bare er ein parentes i Noregshistoria. Bare er ei bølgje.

Det vil eg tru. Og eg greier tru på det. Etter den store resultatstreiken!
Den er det absolutt gildaste som har skjedd i år!
Skal de høyra: I gamle dagar, då eg var ung, tydde resultat: utfall, ende, verknad,
følgje, idrettsprestasjon (Nynorskordboka. 1998).
I 2005 tyder ordet resultat mest alltid pengar. Det har i alle fall alltid med pengar å
gjera: Å la ein haug med pengar veksa. Resultat er dei millimetrane ein pengehaug har
auka sidan sist me prata om nett den pengehaugen. Sidan i fjor til dømes.

Resultat er blitt eit moteord, eit høgreord, eit næringslivsord. Viss dei til dømes
seier på dagsnytt at resultatet for SR Bank i Stavanger for 2004 var 40 % betre enn i
2003, tyder det at han karen som eig SR Bank tente 40 % meir pengar på butikken sin;
banken sin, sist år. Slike ting kan dei altså få seg til å seia på dagsnytt i 2005! Som om
dette var interessant for andre enn han karen som eig SR Bank (eller Statoil, eller
straumen), og som kan ta desse pengane med heim og bruka dei på CDar, fiske-
utstyr, damer, teikneseriar, eller kva det måtte vera han samlar på. Kjekt for han. Men
for oss som betalar grovt for å ha pengane våre i banken hans, og for alle dei han har
sagt opp for å få dette resultatet, blir nyheitsinnslaget teitt, plumpt, ja, direkte ufint.

Men dei kreftene som styrer, meiner det er godt for alle; at han tenar mye pengar,
og at me andre får veta kor mye han har tent. ”Gode resultat skal gjerast kjent,” heiter
det, ” i innland og utland”. Kvifor det? Jau, for då vil alle me andre prøva å tena masse
pengar, me òg. Og då har me ein reell konkurranse på gang. Dei bedriftene som ikkje
har noko resultat å snakka om, vil gå ad undas. Medan dei som har, vil halda fram med
å betra resultata sine. Og konkurrera vidare med andre som ”vågar å satsa”. Nett som i
eit pokerspel. Og det vil bli brukt endå meir pengar på fiskeutstyr og damer. Og me vil
få sving i økonomien. Me vil få vekst. Vekst er eit uklart, svært relativt, omgrep. Men
det er liksom sjølve høgrehimmelen. Og dette går heilt av seg sjølv. Det er det glupe.
Myndigheitene kan bare trekka seg tilbake og sjå på at dei pengegriske konkurrerer så
fillene fyk. Dei aller fleste spelarane må kasta korta sine undervegs. Tiggarkorpset
aukar for kvar gong me er i byen. Men slik er ein gong spelereglane.


Noreg er ein stor fabrikk, den tenar uhorvelig masse pengar. Den konkurrerer
med alle land i verda. Og resultatet er formidabelt. Det blir så mange milliardar i året at
me ikkje kan førestella oss pengehaugen. Onkel Skrues pengebinge blir ein fjert i
samanlikning. Desse pengane ”me” tenar, investerer ”me” i bankar, bedrifter,
pengespel, pyramidar, i utlandet, der avkastinga er god.

På den måten aukar Noregsresultat så voldsamt, at det knapt er nokon som har heile oversikta. I byrjinga var det snakk om at desse pengane – dei såkalla oljepengane – ein gong i framtida skulle brukast til velferd; skole, gamleheimar, sjukehus og bibliotek og slikt. Men det har dei
nok gløymd.

For dei fleste sider av velferdsstaten vår er no konkurranseutsett og
privatisert. Så det er nok ingen som vil veta kor og korleis desse pengane skal nyttast
når den framtida ein gong kjem. Det blir sikkert òg innvikla å henta pengane heim. Så
eg trur det er like greitt å rekna desse pengane som tapte, for oss dødelige, så blir me
ikkje så skuffa. Så byrjar me heller på ny frisk.

Høgrefilosofien er ein enkel og steingammal ein. Den går slik: Set alle opp mot
alle. Då vil dei konkurrera og slåst. Det er det heile. Og denne oppskrifta kan brukast til
alt. Absolutt alt, meinar dei truande. Gjer ein det, så går resten av seg sjølv. Kva veg det
går – av seg sjølv – er dei ikkje opptatte av. Det er nok høgrefilosofien si store
svakheit. Kva finst i enden av vegen der? Der finst ein fasit på dette, i historiebøkene.
Men dagens høgrefolk er ikkje så opptatt av historia, dei lever i noet.

Bondevik 2 har privatisert posten, straumen, jernbanen dei siste par åra. Dei har
komme langt i konkurranseutsetjing av eldreomsorg, sjukepleie.

Den offentlige skolen står att.

Vel har dei opna for eit uttal av privatskolar, for å få nok til ein ”reell
konkurranse”. I skrivande stund ser me dei private, utanlandske skolekjedene toga
inn. Leidde av folk som ope seier at dei ser big business i dette. Ved inngangen til 2005
er òg skole blitt rein butikk.

Men den offentlige skolen er altså slik laga at den vanskelig kan gi særlig resultat.
Det er vanskelig å få han til å tena pengar. Den tilbyr ei teneste. Ja vel. Men førebels er
denne ”gratis”. Me betalar for den gjennom skatten. Slikt fører til heft og sløseri, meiner
dei som ser verda gjennom kremmarauge. For pengefolk er skolen vanskelig å få tak
på, og vanskeligare å få sving på. Skole er noko gammalt noko, den inneheld tankegods
frå –60 og –70 talet, frå filosofar og pedagogar frå tiåra og hundreåra før oss, folk som
brydde seg med og om ungar. Alt dette gamle grumset står no i vegen for bedrifts-
tankegangen.

Tanken om tilpassa læring til dømes. Det at alle ungar i dette heile lange,
rare landet, same kva bakgrunn, evner, anlegg dei har, skal ha rett på ei undervising,
ein skolegang tilpassa nett dei. Det blir framleis for brutalt å bare seia opp dei ungane
som ikkje greier å konkurrera i fransk og matte. Og la dei dingla heime, ute. Eller
bruka dei til arbeid i gruvene, eller til å gjeta sauer. Me har verken gruver eller
sauegjetarar lenger. Så svaret må bli å gå tilbake til det gamle systemet frå før –75: Å
stua dei vekk i eit rom, i ein kjellar, der dei kan gjera kva dei vil, laga papirfly, spela
plater. Ein obs-klasse, ein kursplan 1. Slik at lærarane kan konsentrera seg om dei
konkurransedyktige. Mye daudkjøt og daudtid må skjerast vekk, om skolebedrifta skal
gå. Sigla inn i den gloriøse framtida. Med resultat for alle pengane! Mot vekst. Meir
vekst. Og meir vekst enn vekst oppå vekst igjen.

Skal skolane spara og etterkvart tena pengar må skolane konkurrera med
kvarandre, nett slik andre bedrifter gjer. Sidan det ikkje er nok ulike skolesystem i
Noreg, enno, til at ein kan setja desse opp mot kvarandre, så lyt me først konkurrera
med dei utanlandske. Ulike land har utvikla ulike skolesystem. Lese- og skrivevanskane
er ulike frå land til land, frå språk til språk. Nokre land er diktatur. Drit i det. Me finn
noko firkanta dei kan konkurrera om.

Rette svar i matte. Kor lang tid elevane brukar
på ei side tekst. Sama kva. Så går me ut med det i media. Og får folk til å sjå at her må
noko gjerast. Pisken må fram. Spareknivane må skjera inn til beinet. England og Japan
er betre enn oss. Når folk har fatta det, lagar me nasjonale prøver, nokre firkanta
nokre. Køyrer dei. Og legg alle resultata ut på nettet. For alle til å sjå. Resultata?? Ja,
ja, kor mange rette svar dei har på dei ulike skolane. I dei ulike kommunane, fylka. Nei, drit no i alt anna som skolen skal bala med, no skal me vera tydelige på dette. Då vil
lærarane skula på kvarandre, rektorane skula på kvarandre, kommunane skula på
kvarandre. Fylka… Ja, nett som i poker. Og alle vil yta sitt yttarste. Dei vil konkurrera
for å betra resultata. Dei vil konkurrera for å halda på jobbane sine, og skoleplassane.
Og me vil få billigare, færre og meir effektive skolar. Først vil me få A og B skolar, rike
skolar og fattige, D og E. Så vil me få færre og færre. Så kan me heller privatisera og
konkurranseutsetja heile skiten neste år. I neste periode. Då går me ut og seier at no står
det endå dårligare til med norsk skole. Og det gjer det jo òg. Me treng ikkje å lyga ein
gong.

Så tar me biblioteka. Kyrkja ryk sist. Grunna sentimentale kjensler og noko ullen
leiarskap.
Slik trur eg at dei tenker, Clemet & Co, ein stad bak i hovuda sine. Kanskje dei til
og med meiner det godt, somme av dei, eg er ikkje kalla til å ransaka hjarte og nyrer.
Og ei “kartlegging” som kanskje - med litt omtanke - kunne blitt brukt til noko
positivt; til å rusta opp, blir brukt til å skjera vidare ned.

Elevane? trur eg dei tenker vidare; elevane kjem til å konkurrera villig vekk. Det
er så greitt med dei unge, gi dei eit diplom og ein is, og dei gliser frå øyre til øyre.
Gratulerer, de er blitt, overtipptoppmeistrar i matte i Sveio kommune 2005. Smil,
ungar, no kjem de i avisa!
Men den gang ei.
De let dykk ikkje lura.
Derfor: Hurra for dykk! 10 x 10 hurra!

Hurra for dykk, de som bryr dykk.
Hurra for dykk, de som ser lenger fram enn alle høgrenasane til saman!
Hurra for dykk, de som merkar at her ligg det noko i lufta.
Hurra for dykk, de som er så lite skoleleie at de framleis hegnar om den gamle,
slitne skolen dykkar, og vil rydda ein gild plass til han i ei fin framtid. Der de kan
gjera den betre. For ei lang, lang rekke ufødde ungar. Så god som bare de kan syta for
at den blir.

Hurra for dykk, de som har nye, friske auge, og som lyfter dei.
Hurra for dykk, de som er så storsinna at de ser ein skole for alle, sjølv om de
straks no skal vinka den farvel, gå ned svingen og velja dykk vidare fram.
De som kjenner att ein skole ein kan trivast i. Ja, og kjeda seg. Der ein kan
kjenna seg framand, der ein kan kjenna seg heime. Ein skole til å gløyma seg i. Ein
skole der ein kan finna seg sjølv att. Og henta seg. Ein skole som har folk og tid og rom
nok for alle.

Hurra for dykk, de som tar ansvar og passar på.
Hurra for dykk, de som ser at me alle er på lag.
Hurra for dykk, de som seier: Nei, dette gidd me ikkje vera med på lenger,
altså, og går ut i skolegarden og heng, og pratar saman. Som finn ut koss me i lag skal
komma vidare.
Resultatet blei at de vann.
Ministeren heldt kanskje maska, men ho tapte tydelig ansikt. Ho tapte terreng.
Ho tapte tid. De vann. Terreng, tid, ansikt, hjarte.
Hurra for dykk.
No vågar eg å tru at det blir litt velferd att til seinare òg. Trass i oss vaksne,
trass i oss feige. De kjem til å ordna opp.


Dette er min analyse av stoda. Den er trulig heilt feil. Ikkje høyr på meg. Eg er
bare ein gammal lærar.
Me får sjå, me får snakkast. Inntil vidare; her er ein song de kan synga:


JENTE FØDD PÅ SUNDAG
(til Akosua)

Jente fødd på sundag,
himmelen er blå.
Høgrehæren bremsar,
fattigfolk får råd.
Toget finn stasjonen,
tutar, skal straks gå.
Jente fødd på sundag,
himmelen står på.

Jente fødd på sundag,
himmelen er gul.
Heile koloniar
hagar ligg i skjul.
Ein vakker sommarmorgon,
sjøen klukkar smul,
svingar du inn porten
på snille, stille hjul.

Jente fødd på sundag,
himmelen er vid.
Opne skolar, gardar
til å stå og henga i.
Det er lov å bruka fasit
heilt til store fri.
Jente fødd på sundag,
himmelen har tid.

Jente fødd på sundag,
himmelen er snar.
Leik går alt i fortid:
Me kom, me såg, me var –
cowboy, indianar,
prest og mor og far.
Smak du bare steiken,
himmelen er klar.

Jente fødd på sundag,
himmelen er fiks.
Du kan dra på polferd,
rafta elva Styx.
Gå deg vill i NT,
snubla midt i Blix.
Festa utpå Tasta,
ringa utanriks.

Heilt frå Carolina,
himmelen er lun.
Gå langs hekken bjørnebær,
så kjem du til eit tun.
Har du klar ein valentin
til Sniff - og Baltus Brun,
skal du sjå det flaskar seg
med terte og kalkun.


Jente fødd på sundag,
himmelen er ny.
Like borti høgget
glitrar Svithun By.
Skin med Ajax-pussen,
som gir den glans og ry.
Samla glimt og stunder
til ein knall revy.


Jente fødd på sundag,
himmelen er mild.
Landet som låg aude
får ein sjanse til.
Hava lens for olje
vartar opp med sild.
Høgrefolka flagrar,
dei flaggar dit dei vil.

Jente fødd på sundag,
himmelen er rød,
ferjer ferjer fjorden
med kjærleik, smør og brød.
Sov du fast så lenge
draumar står i kø.
Så: Kom an då, ketchup!
Kom an, sennepsfrø!


Jente fødd på sundag,
himmelen er svær.
Likefram og håplaus,
vanskelig og skvær.
Ver du bare open,
alltid ny og nær.
Himmelen er Tjensvoll,
Madla. Like her.

Frå Hynsahus. 45 songar. 2004


Mars 2005 Arnt Birkedal