Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kritikk = retorikk

Skrive av Borghild Gramstad .

Når går trassalderen over? Når vert me så vaksne at me kan tillate oss å vere for noko? Når byrjar me å innsjå at graset kanskje er grønare på vår eiga side av gjerdet?

Det har lenge vore populært å vere negativ. Den skeptiske og kritiske er den som veit det. Som har røynsler. Som er reflektert og mogen, eller i det minste kul. Viss ein er forkjempar for noko, bør ein ikkje framheve eiga sak, men finne dårlige sider ved dei motsette. Slå dei hine ned i støvlane, og helst med ein tanke ironi. Både i politikken og i kvardagslivet.

Då eg skulle byrje på skulen i fjerde klasse, skreiv eg ein song for dette høvet. Ei av linjene lydde som fylgjer:

"Vi har nok i vente, men vi æ’kke spente."

Eg syntest eg var både kul og vaksen. Livet kom ikkje til å bli enkelt, så det var best å ikkje ha høge forventningar. Songen vart brukt i klassen fleire gonger; læraren rekna vel med at det ikkje var vits i å ta tak i negative haldningar så tidleg. Trassalderen er noko ein skal vekse av seg.
På ungdomsskulen starta eg ei underskriftskampanje der eg gjekk til åtak på nynorsk som obligatorisk hovudmål for klassa mi. Det var normalt å vere misnøgd, å leite etter ting ein kunne klage over. Faktisk i langt større grad enn då eg gjekk i fjerde. Fleire år måtte til før eg innsåg kor grønt landsmålet eigenleg er, og kor heldig eg var som fekk læra det grundig.

Positive folk er irriterande. Dei er fanatiske, keisame eller overflatiske. Dei som likar skule, skal halde det for seg sjølve. Lekser skal vere keisame. Regjeringa skal vere udugeleg. Regnet skal vere trist. Sommaren skal vere for kort, og vinteren for lang. Ikkje berre for veslevaksne fjerdeklassingar og negative ungdomsskuleelevar, men òg for Ola Nordmann. Det er nemleg ved felles plager vi kjenner samhald. Det hjelper ikkje at Noreg er kåra til det beste landet å bu i; det einaste riket der graset ikkje er grønare på den andre sida. Det ser friskare ut bakom gjerdet likevel.

Kva fører negativiteten med seg? Depresjon og magesår? Eller er det berre vår måte å snakke på? Tapar me ikkje evna til refleksjon ved å bruke mindre tid på å finne ut kvifor me er for noko, enn på å spenne bein på meiningsmotstandarane våre? Lurer me ikkje oss sjølve ved å tru at retorikk heng saman med kritikk? Bryt me ikkje ned livskvaliteten når me fokuserer på alt me ikkje liker? For det er vel tankeverksemda vår som former både personlegdommen, kjenslene og til dels den fysiske helsa vår?

”For min eigen del er eg optimist. Det verker ikkje som om det har noko formål å vere noko anna.”

Dette er ikkje mine ord, men eit sitat av Winston Churchill; mannen som skimta både andre verdskrig og den kalde krigen før dei starta. Og som likevel prøvde å sjå lyst på livet. Balansegongen mellom røyndomsnær og positiv tenking er ikkje lett å finne. Å fortrenge sanninga er ikkje tilfredsstillande. Men å sjå ugraset i augo og framleis glede seg over alle dei gode, grøne stråa, det er å ta vare på den mentale helsa. Eg har langt igjen, men eg er iallfall på veg.

Den som vågar å vere takksam eller positiv, kan reknast mellom opprørarane i tida. Han er modig. Viss vedkomande ikkje har fortrengd røyndommen for å oppnå dei gode kjenslene, er han dessutan korkje fanatisk, keisam eller overflatisk. Forresten er det kanskje ikkje så gagnleg å rose dei som innser kor grønt graset er, om eg ynskjer at folk skal høyre på meg. Då er det nok betre å sutre over alle dei som har den merkelege oppfatninga at kritikk er retorikk, alle dei som aldri kjem over trassalderen. Trass alt.

2004 Borghild Gramstad