Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ein stolt mann er død,

Skrive av Per Olav Kaldestad .

Den palestinske presidenten Yasir Arafat er død. Og typisk nok blir det framleis diskutert i media om han var terrorist eller statsmann. Det er likevel eit langt steg framover for den gode Arafat at dei fleste no viftar vekk denne diskusjonen. Så la oss slå det fast ein gong for alle: Arafat var ein statsmann, og truleg ein av dei aller største statsmenn i andre delen av det 20. hundreåret.

Han hadde ein lang og tilsynelatande umogleg veg å gå. Eg minnest godt den vidgjetne sjudagars-krigen i 1967, då Israel sette heile militærapparatet sitt inn mot palestinske område og la dei brutalt under seg. Media hadde då gjennom mange år skapt bildet av eit Israel som var omringa av fiendslege arabarstatar og palestinarar som ville utrydda jødane. Når landet endeleg gjekk til krig, og vann suverent, stod dei fleste i Norge og andre vestlege land klare med høge heiarop og tilsvarande latterleggjering av arabarar på flukt gjennom ørkenen. Eg var sjølv med i heiagjengen.

Men bildet av situasjonen i Midt-Austen er blitt kraftig endra. Yasir Arafat var den viktigaste drivkrafta i det møysommelege arbeidet for å skapa eit sannare bilde av palestinarane i det offentlege medvitet. At han har teke i bruk drastiske midlar i denne kampen, kan ein ikkje lasta han for når ein har klart for seg kor sterke og utkropne motstandarane har vore. Det han gjennom PLO har klart i løpet av berre ein mannsalder, kan nesten samanliknast med å oppheva tyngdekrafta. Dei siste åra har palestinarane si sak blitt møtt med aukande sympati frå land i heile verda.

Kvar gong eg høyrer nokon snakka om "konflikten" mellom Israel og Palestina, kjenner eg sinnet stiga i meg. For dette er ingen konflikt mellom likestilte partar, det handlar om ei okkupasjonsmakt som trakasserer dei okkuperte på det grovaste. Tenk på kor mykje det framleis blir snakka om den tyske okkupasjonen av Norge under siste verdskrigen, endå dei behandla oss med silkehanskar i forhold til det som har skjedd og framleis skjer i Palestina.

Til overmål er dette eit folk som har måtta tola mykje av dei kristne gjennom mange hundreår. For eksempel er det etter kvart komme fram at dei såkalte "krossferdene", med deltakarar som engelske Rikard Løvehjarte og norske Sigurd Jorsalfar, ikkje var anna enn plyndringstokter med tilhøyrande drap og mishandling av kvinner og born i Guds namn. Folka dette gjekk ut over skulle etter vår tenkjemåte ha mykje å hemna, men det verkar som om gudstrua deira har motverka slike handlingar i det lengste.

Det er likevel grenser for alt. Palestinarane blei trakasserte av Israel og deira allierte heilt frå staten blei oppretta etter 2. verdskrigen. Sjudagars-krigen i 1967 var berre eit ytterleggåande eksempel på denne handlemåten. Men takka vere ein stolt mann som Yasir Arafat fekk eit stolt folk kraft til å reisa seg og hevda retten sin. Og endå om Sharon-regimet i Israel dei siste åra har gjort sitt beste for å mura palestinarane inne og audmjuka presidenten deira, kan me ikkje la vera å tru på at det internasjonale samfunnet vil gi dei den hjelpa dei treng for å kunna leva i fridom i sitt eige land.

2004 Per Olav Kaldestad