Magasinett

Synsingar

Utskrift

Om du drar til Cuba

Skrive av Per Olav Kaldestad .

Om du drar til Cuba, vil du ikkje finna mange karusellar. Men du finn ei blanding av gammalt og moderne liv som kan få det til å gå rundt i hovudet ditt på den same gode måten.

Det fyrste som slår deg når flyet kjem inn over Havana ein sein ettermiddag, er at det ikkje er fullt av bilar på innfartsvegane slik du er vane med å sjå det i andre storbyar du har vore i. Og når du er inne i byen, er det påfallande at dei fleste bilane er gamle - fordar og buickar og cadillacar frå 1950-åra og ladaer frå 1960-åra dominerer trafikkbildet og minner deg om den spesielle historia til dette landet som ligg ytterst i Mexico-golfen ikkje langt frå sørspissen av Florida.

Det fyrste eg høyrde om Cuba ein gong tidleg i tenåra, var at øya var styrt av ein diktator som heitte Fidel Castro og var i ferd med å bli ein russisk militærbase og ein stor trussel mot verdsfreden. Lite fekk me vita i norske media om den store frigjeringskrigen frå USA sitt kolonivelde som hadde blitt leia av den same Castro og som enda med full siger for heimestyrkane og betre tider for heile det cubanske folket.

Det er no 46 år sidan Cuba utropte seg til eit fritt land. I like mange år har USA ført ein total handelsblokade og svertekampanje mot landet og gått langt for å tvinga andre land, særleg i Sør- og Mellom-amerika, til å gjera det same. Likevel har landet klart seg, og står no, ved inngangen til eit nytt hundreår, som eit føredøme for andre land i sin del av verda. Dette høyrer me framleis lite om i norske media.

I Cuba er all utdanning gratis, alle får gratis legehjelp og gratis medisinar, offentleg transport er gratis og alle er garantert mat og hus. Rett nok blir det lite pengar igjen til oppussing av husfasadar og annan ytre stas, og ikkje alle får lov å eiga bil - men det blir arbeidd for å betra også denne sida ved cubansk liv. Og om landet får internasjonal støtte og hjelp til å utvikla seg vidare i fred, kan dei kanskje få halda fram med sin variant av velferdsstaten også etter at gamle Castro er død.

Før revolusjonen var Cuba invadert av USA-millionærar og tilhøyrande mafiakontaktar, og Havana var ein by for spelekasino og utsvevande stormannsliv. Skrekkbildet mange ser for seg no, er at dette skal komma tilbake om samfunnet blir opna for uhemma kapitalisme slik me har sett det i mange land i Aust-Europa det siste tiåret.

På den cubanske landsbygda ser ein oksen og traktoren i arbeid side ved side på marker og åkrar, og mange menneske deler på arbeidsoppgåvene i alle samanhengar. Her tar dei vare på den arbeidskrafta dei har, og vårherre har velsigna dei rikeleg med både sol og regn, så det skal ikkje så mykje til før det gror og blømer over alt. Den som berre er turist, som du og eg - og oss er det etter kvart blitt mange av - kan berre gå omkring og nyta nærkontakten med vakre og vennlege menneske, verdas beste rom og verdas beste sigarar, og me får bada i verdas herlegaste sjø anten han heiter Atlanterhavet eller Det karibiske hav.

Me på Cuba tenkjer ikkje så mykje på morgondagen, seier guiden vår. Me deler det me har i dag med alle som kjem innom, og det me ikkje har, det bryr me oss ikkje om, me nyt livet slik det er. Om du drar til Cuba, treng du ingen karusell: Her svingar det likevel!

Mai 2005 Per Olav Kaldestad