Magasinett

Synsingar

Utskrift

Til dømes diktar Finn

Skrive av Arnt Birkedal .

Diktarane lever midt iblant oss. Også her i Rogaland.  På ein gild stad utpå Jæren, tildømes, bur diktar Helge (Torvund). Han er eit stort dikt, heile han. Når han kjem tilbyn, peikar ungane og ropar: Sjå mamma, der står eit dikt!     

Zoomar me oss inn mot hovudstaden, Stavanger; oljebyen,  høgrebyen, har me òg
nokre. Eg tenkte eg i dette skulle konsentrera meg om ein av dei finaste. Ein av dei
finaste, spør de meg; nemlig diktar Finn (Øglænd, fødd 1957).

Me treng gode dikt. Gode dikt er viktige. Det er viktig at nokon skriv dei. Av og til
må slike som meg – og deg? - stoppa opp og tenka nett den tanken. Derfor vil eg tenka
den her og no. For å motivera meg sjølv for å byrja på nytt, laga ei ny bok. No når den
”gamle” straks går i trykken.  Og så håpar eg jo at somme av dykk vil ta dykk tid til å
lesa desse ti dikta eg  vil visa dykk. Eg har plukka dei sjølv. Og at de vil få noko ut av
somme av dei. Alle er skrivne av diktar Finn.  

Her er eit tidlig Finn Øglænd dikt, frå 1985:


EG HAR HOVUDET I STJERNENE

Eg har hovudet i stjernene
og føtene på jorda
Derfor høyrer eg
denne sære musikken
Derfor er eg fri
når eg går mellom dei grå husa


Forresten; tidlig og tidlig, frøken Blom. For kva er tidlig og kva er seint når me snakkar
om dikt? Som diktar Per Olav (Kaldestad) skriv: Poesien bevegar seg fritt mellom poetar
i alle tider og land.  Det kan høyrast svevande og svulstig ut. Men eg trur det er sant. Og
eg tenker ikkje utbrodera. Ein skal utbrodera minst mulig når det  handlar om dikt.
Når ein les eit fint dikt skal ein heller teia, og grunna litt på det. Ein kan godt gå ut
av rommet ein tanke,  eller opp på rommet sitt, viss ein er i stova,  og vera for seg sjølv.
Kanskje veksa ein millimeter.   


Kråkene
lettar samtidig
frå dei mørke trea,
uroa
av ein framand tanke.
 (2004)

 

Tenk, tenker eg: Det er folk der ute som brukar tida si - mest all tida si -  på å skriva
dikt. Diktar Finn, til dømes.  Dei lever som haikudiktarane i gamle Japan. Dei sit
utafor stråhyttene sine ved elva, med beina i vatnet og  hovudet i eit dikt. Nei då, eg
tullar; dei  bur i hus og sånn, og køyrer gamle, små bilar. Har hage med hekk. Men elles
blir det nett det same. Som i Japan i gammal tid. Dei sit  i slitne campingstolar og skriv
gode dikt, som dette:

PÅ SLIKE DAGAR

På slike dagar tenkjer vi på bål og eit mørkt regn.
På ei røykstrime på himmelen og eit fly som passerer.
På den grå søvnen som lukkar horisonten.
På lyden av klirrande tomflasker i ein plastpose.
På slike dagar har trafikklysa si blinking ei hemmeleg meining.
På slike dagar ser ein lenge på vekslepengane og snakkar lite.
(2001)

 

Og kva er eit godt dikt då? spør du.  Eg vil ikkje seia så mye om det her. Du må nærma
deg svaret sjølv. Eg kan ramsa opp nokre stikkord;  gode dikt er sanne, levde,  meinte,
viktige, opne, opnande, evige, flyktige. Skurrande. Du kan bu i ei dei ein tanke. Dei
dirrar ei tid etter dei er slutt. Osb. Osb. Ok, då. Så, veit eg veit ikkje heilt.  Den er så
fryktelig vanskelig å setta fingeren på, poesien.  Eit godt dikt gir ein ofte ”noko”.  Ein
skjønar eller ser ”noko” når ein les det. Men kva ein har sett og skjønt, kan ein ofte ikkje
gjera greie for. ”Eit dikt seier meir enn du kan få sagt”, for å sitera diktar Per Olav att.


Vi pustar skuggane våre
saman, to små
vassdråpar
i hengebjørka.

Det er natt
og ingen er ute
i gatene.
 (1999)

Har diktet nokon bodskap? spør folk ofte. Eller: Kva vil diktaren seia oss med dette?     
Diktar Finn skriv ein stad (i eit dikt): Gode dikt er ikkje meddelelsar, men rykningar.
Tygg på den.

Eg veit det sit folk blant dykk der ute og skriv dikt, gode dikt, òg. Eg har fått lesa
nokre av dei når eg har vore rundt og halde skrivekurs og sånt.  Derfor vil eg de skal
veta at det finst gode diktarar å lesa, som ein  kan læra av, viss det er diktar ein vil bli.
For som eg brukar å seia. Først må ein herma! Det gjer me alle, enten me veit det eller
ikkje,  i alle fall i byrjinga, og byrjinga kan vera lang. Eg hadde fleire slike ”lære-
meistrar” då eg først prøvde å skriva dikt seint i tenåra. Var eg 17 ½ i dag ville eg trulig
ha gått på biblioteket, funne dikthylla, og grabba  med meg ein bunke bøker av diktar
Finn. Om du bare finn tre dikt i kvar bok du føler gir deg noko, er det nok. Om du  finn
eitt bilete i ei kunstutstilling som gir deg noko, er det nok. Meir enn nok. (Gjer eg det,
brukar eg å gå ut att. Sjølv om eg har betalt inngangspengane. For å vera  åleine,
kanskje skriva meg eit dikt.)

Finn Øglænd har skrive om lag like mange bøker som han er år. Finfine
ungdomsromanar, som mange av dykk kjenner. (Viss ikkje, rekk ut handa for første
passerande bokbuss.) Men mest dikt. Nokre av diktbøkene hans er ”dikt for ungdom”.
Dette står i ei av dei:


KJÆRAST I SUNDE HAGEBY

Eg gler meg til å treffe deg, men er eg eigentleg
forelska? Jo, du tok handa mi (eller eg tok di), og
det kom ei kitlande kjensle i heile kroppen, og
ho venninna di, Vigdis, trur heilt sikkert vi er
saman. Tenkje seg til å ha ein kjærast
i Sunde Hageby, med ein far som er
ferjemaskinist og les Aristoteles om nettene.
 (2000)
 

Nokre av diktbøkene hans er ”dikt for barn”. Dette står i ei av dei:


EG VIL UT OG REISE OG OPPLEVE NOKO SPENNANDE

Eg vil ut og reise og oppleve noko spennande,
så eg går og går og går og tenkjer at først
skal eg innom onkel Adolf på Sola og ete
fløtekake og sjå korleis ting ligg an, så skal
eg planlegge turen vidare. Det finst sikkert
store, merkelige byar der barn gjer ting eg
ikkje eingong har tenkt på, der ingen lukar
i åkeren eller luktar fjøs, eller har gjeld,
eller et sild, eller drep kattungane når dei
blir fødde.

Eg kjem ikkje stort lenger enn til huset til
William og dei, så kjem far min syklande med
mjølkespanna på styret, og spør kor i all verda
eg har tenkt meg hen, og eg seier som sant er
at eg skal til onkel Adolf på Sola, men resten
seier eg ikkje noko om.
 (1993)


Ja, alle dikt er òg ”forteljingar”. Nokre må me dikta meir med i enn andre. Som dette:


EG GÅR OVER SOLASTRANDA

Eg går over Solastranda og kjenner meg som
både Det første og Det einaste mennesket. 
Det er natt, måkene vaker over Kolnes,
røyken stig frå Shell-raffineriet.
 (2000)

Er dikt politiske? Nei. Det ligg ikkje i diktets natur å vera det. Belærande, peikefinger-
dikt som vil seia oss noko om koss det heng i hop dette med renta, vondskapen, Donald
Rumsfeld, arbeidsløysa og reality-seriane, før det er for seint, overlever sjeldan. Dikt er
noko anna noko. Ja då, det finst unnatak.  Er dikt politiske? Ja. Det at det til og med
midt i kremmarbyen Stavanger, der det meste er knyta opp mot næringsliv og pengar,
surrar folk rundt og skriv dikt om pølsebussar og hageslangar er politisk i seg sjølv.
Diktarane skurrar i det rådande verdsbiletet. Og nett det er litt fint  å tenka på no og
då; at ein skurrar. Eit konsulentfirma ringte denne diktaren nylig for å få i stand eit
møte, der me, uforpliktande og uformelt, skulle sjå på om det var noko marknad  for

dette produktet. Diktet, altså. Det kjentest  herlig, eg innrømmer det, å be dei reisa lukt
dit heit peppar neppe gror.

VESLE TUSLE

Vesle Tusle sat i graset.
Lei av bråket. Lei av maset.
Vesle Tusle ville tasle
heilt åleine, bare rusle 
gjennom kratt og lauv som krasla.

Vesle Tusle ville pusle
for seg sjølv ei lita stund.
Kjenne bekken risle,
ta ein høneblund.
 (2003)
 

Skulle ikkje dette handla om Diktar Finn (Øglænd) då, spør du, sikkert, no. Skal me
ikkje få veta når han debuterte, kva prisar han har fått, kva som er hans ”litterære
prosjekt”? Skal me ikkje analysera litt og ta ei lita opprydding  i forfattarskapen. Huff,
nei. Er me ikkje trøytte og leie av slikt? Er me ikkje nett ferdige med eksamen. Er det
ikkje ferie no? Tenkte bare eg skulle visa dykk nokre fine dikt, eg. Av ein av dei finaste
diktarane eg veit.


KORT VÅRDIKT, 1989

Her eg er, er mai.
Nokon har slept ut hageslangane.
Pausesignala vibrerer vemodig.
Dagen er eit stort, kvitt skap.
Med golv det veks gras på.
Og tak fullt av himmel.

Nå er eg her.
Alt er klart.
Du kan kome
og sprute vatn
på meg og tulipanane.


Diktar Finn kjem til å rusla  vidare ”mellom dei grå husa” og laga dikt. Det er godt å
tenka på det. Vinter- og sommardikt. Einsame dikt, og ikkje fullt så einsame. Dikt om
kråker, dikt om regn. Dikt om jenter. Og øl.  I haust kjem det sikkert ei ny bok. Det
brukar å gjera det. Snart finst det eit Finn Øglænd – dikt for kvar hageflekk i heile
Stavanger. Snart har han dei hagane dekka.

”Kva skal du gjera i sommar?” er eit spørsmål ein ofte høyrer på desse tider. Her
 er eit godt ferietips: Set deg under eit tre i hagen, eller i næraste park og les nokre dikt,
til dømes av diktar Finn.

Eg er imot konkurranse!!! brukar eg å seia når TeleNøff ringer og spør om eg
ikkje vil ha gratis telefon annankvar laurdag. Og når me snakkar om dikt og diktarar
er det ingen konkurranse. Bør i alle fall ikkje vera det.  Eit godt dikt er eit godt dikt. Og
andre gode dikt er ikkje betre. ”Nothing is better, nothing is best”, som diktar Bob
(Dylan) syng. Og han legg til: “Take care of yourself, and get plenty of rest”.  Så ein
burde ikkje vera misunnelig Men… Eg innrømmer at viss eg hadde skrive eit dikt som
dette neste, siste her, så hadde eg trulig gjort som diktar Li Po (kinesar, 700 talet):
drukke meg lukkelig full og freista famna månen i ”den gule elva”. Så fint synest eg
diktet er. Li Po drukna, han,  i  forsøket på å gi månen  godklemmen. Men han døydde
lukkelig, må me tru; han hadde nett skrive eit godt dikt.  Men eg, eg tenker leva for å sjå
koss det går, det heile; sommaren, stortingsvalet, bokhausten. Sjå om eg får til å skriva
ei handfull gode dikt til neste haust. Kanskje eitt som er like fint som dette? 

       

Stansar ved ein bensintank.
Puttar 200 kroner på automaten.
Ingen å nikka til.
 (2004)

 

Eg tenker vi spikrer’n der, som diktar Arild (Nyquist;  1937 - 2004)  sa i eit dikt ein gong.

         God sommar frå diktar Arnt!

13. juni 2005 Arnt Birkedal