Magasinett

Synsingar

Utskrift

Diktsamling med fasit

Skrive av Lars Mæhle .

Eg er redd. Eg innrømmer det. Kvar dag er ein kamp mot uroa. Eg sveittar. Spring bort til vindauget. Sveittar meir. Speidar ut mot gata.
 Eg veit det berre alt for godt: Dei er der ute. Kvar time. Kvart minutt. Dei dukkar opp overalt; på gatehjørne, i butikkar, i oppgangen der eg bur: Menn kledt i dressjakkar og høghalsa gensrar. Kvinner i svarte eller lilla, litt frikete kjolar. Ansikta deira er bleike, utmagra. Blikket innbitt og lidande på same tid.
 Slik er det, dessverre: Dei er komne for å ta meg.

La oss skru tida nokre år tilbake. Scena er hovudstaden ein gong tidleg på 00-talet. Eg står i resepsjonen til forlaget K og forlangar å få snakke med redaktør L.
 – Det er viktig! forklarar eg mens eg fektar med armane. – Eg må få snakke med L. Eg har ein kjempeidé til ei bok. Eg har sendt inn manus, eg har jobba med det i fem år, og …
 – Vent litt, seier resepsjonsjenta og trykker så det knatrar mildt i tastaturet framfor seg.
 – M er her for å treffe deg, seier ho inn i mikrofonen, som heng proft ned i ei bøyle framfor munnen. – Det gjeld eit manus.
 Det er stille i fleire sekund. Så vippar ho blikket opp mot meg.
 – Kva heiter manuskriptet? spør ho.
 – Diktsamling med fasit, seier eg høgt og tydeleg.
 Jenta gjentek tittelen i mikrofonen.
 To sekund etter stivnar ho. L, eller kven det no er som sit i andre enden, har fortalt henne noko. Noko skremmande.
 – L sit i eit viktig møte, seier ho nervøst.
 – Kan eg kome igjen i morgon?
  – Nei, møtet varer heile veka.
 – Kva?
 – Og i neste veke går L ut i permisjon.
 – Men …
 – Du må dessverre gå no.
 – Hæ?
 I neste sekund står eg forfjamsa på gata utanfor forlaget K. Bilar skyt rundt meg på alle kantar. I det fjerne hører eg lydane frå ein ambulanse.
 Kva var dette? Kva i herrens namn og rike var dette?

Eg burde tatt hintet allereie den gongen. Men eg var sta. Eg har alltid vore det. Det ligg i familien, vi går aldri utanom, vi held fram, same kva vi støter på. Men eg visste at bokideen var god, ja, truleg briljant. Kvifor denne kontante avvisinga?
 Og eg hadde snakka sant. Eg hadde brukt fem år på å skrive boka. Ho var resultatet av grundige studiar, eit utal av lange netter over krutsterk kaffi og diverse oppslagsbøker. Eg hugsar eg var så godt nøgd med tittelen:
 Diktsamling med fasit.
 Boka skulle ta for seg heile lyrikkhistoria, dikt for dikt, strofe for strofe. Og målet var klart: Som den første i verdshistoria skulle eg avsløre det som ligg mellom linjene, den hemmelege meininga i all lyrikk. For det fins ein slik løyndomsfull kjerne i (nesten) eitkvart dikt. Ei skjult sanning som du må tolke deg fram til sjølv.
 No skulle det bli ein slutt på det. Eg skulle blottlegge dei ynkelege poetane ein gong for alle! Eg ville avsløre alle diktartriksa! Kvart symbol. Kvar metafor. Kvart verkemiddel.
 Eg ville forklare alt!
 
Om eg klarte det?
 Vel, det er opp til deg å bestemme. Eg kan i alle fall no, for første gong og eksklusivt for Magasinett, trykke utdrag frå dette uutgitte, farlege manuskriptet.
 Hald på hatten – og lov meg å ikkje seie det til nokon. Dette er frå eit av dei første kapitla, kalt ”Dei skitne knepa til dei franske modernistane”:

”La oss sjå litt nærmare på følgjande dikt. Det er skrive ein gong seint på 1920-talet, av ein ukjend fransk modernist:


Det går og går
i graset,
graset går,
blågrøn spegel
opp mot måneandletet.
Sei meg,
når begynner tida etter no?


Kommentarar og fasit:
1. linje: Går = Vandrarmotiv, kjend grep. Heilt sidan den greske antikken har skaldar sendt dei litterære typane sine ut på endelause vandringar i alskens grisgrendte strøk, ja, til og med i dødsriket. Dette betyr at noko eller nokon legg ut på ei reise, og at diktaren ikkje heilt veit kvar diktet skal ende.

Går og går = Gjentaking. Alle dikt må gjenta seg sjølv. Dette for å lage rytme og for å gi lesaren hint om at desse orda er viktige. (Ev. for å lure lesaren til å tru at dei er viktige.)

2. linje: Gras = Sjå naturlyrikk. Alle dikt med respekt for seg sjølv skal innehalde minst eitt naturfenomen. Dette blei vedtatt allereie på den hemmelege poesikonferansen i Firenze, hausten 1820.

3. linje: Graset går = Besjeling. Kjend taktikk for å forvirre lesaren. ”Jammen, jøss, dette går da ikkje an?” tenkjer lesaren. ”Graset kan ikkje gå! Det sit jo fast i bakken!?” Noko djupare meining? Neppe.

4. linje: Blågrøn spegel = Bruk av fine fargar. Vanleg praksis. Dette dømet syner også det som blei vedtatt av ”Det superhemmelege selskapet for Norske poetars ve og vel” ein gong på 1950-talet: ”Alle dikt skal innehalde fargane blått og grønt i ein eller (helst) fleire samanhengar. Og gjerne i samanheng med ein menneskeleg eigenskap.” Sjå Besjeling.

5. linje: Måneandletet = Metafor. Eit språkbilete. Eller det å setje saman to ord som ikkje hører saman. Gjerne så usannsynlege som muleg.

6. og 7. linje: Alle dikt skal avslutte med eit spørsmål som det er umuleg å gi eit svar på, slik som her: ”Sei meg / når begynner tida etter no?” Ja, når begynner eigentleg tida etter no? Sjå Den ultimate fasiten, s. 611.”


Der! No er du innvigd. Men eg rår deg til å halde opplysningane for deg sjølv. For nyheiter om boka må ha pipla ut. Nokon må ha snakka saman. Poetane kjenner planane mine. Og dei er på krigsstien. Eg har sett dei. Dei vil gjere alt for å stoppe meg.
 Det er to månader sidan første trusselbrev låg i posten:
 ”Du trur du kan avsløre det som ligg mellom linjene? Ha! Vi ligg alltid eit steg framfor deg. Du skal ALDRI finne fasiten til dikta våre! (Og om du gjer det, så verst for deg. Vi skal torturere deg med diktopplesing til du sovnar, og da …)”
 Like etter begynte eg å sjå dei overalt. Kvar enn eg gjekk. Dei veksla på å skygge meg. Det var aldri den same, nei, stadig var det nye poetar som vandra bak meg på gata, mens dei liksom oppslukt resiterte frå ei eller anna perifer diktsamling.
Ja, dei er her no òg, like ved. Dei bankar snart på døra. Snart vil dei bryte seg inn i leiligheita og sjå lidande på meg: ”Vil du ta illusjonane frå lesarane våre?” vil augo seie. Og vidare: ”Vil du røpe eksamensoppgåvene til generasjonar av dikttolkande elevar?”, ”Vil du ta inntektsgrunnlaget frå oss?” og ”Vil du verkeleg at alle menneska på jorda skal leve utan kultur og stemme FRP?”
Deretter vil dei synge ord ut i rommet. På klingande vers. Eg kjem til å skjøne kva dei betyr, eg har trass i alt fasiten. Men det vil ikkje hjelpe. Sakte vil orda lulle meg inn i sømnen … og når eg våknar, vil papirrestane i peisen gløde mot meg.
 Og endeleg kan eg begynne å leve som før.

 
02/12/2005 Lars Mæhle