Magasinett

Synsingar

Utskrift

ALT ER SANT – skriftemål, hausten 2005

Skrive av Arnt Birkedal .

Alt eg skriv er sant - på eit vis. Kvar nase, kvar pytt og  kvar hekk.  Eg kan ikkje finna
på noko som helst.  Eg kan ikkje dikta i banar eg ikkje  har gått.

I mi nye bok, Dyffel, skriv eg om ein spesiell dag i dette livet. Eg har ana  nokre år
at det skulle, måtte bli bok av den dagen. Men først no har eg fått den tilstrekkelig  på
avstand, slik at den kan demra som litteratur. Eg håpar i alle fall at det er det den gjer.
No bare kom den, Dyffel-boka,  slik bøker brukar. Den stod i døra og  venta på tur når
”Is- og Donald-boka” mi var ferdig. Eg kunne kanskje ha valt den vekk, men eg gjer
aldri det. Det blir juks, eg må følgja spelereglane: Ta ein draum, ei bok om gongen.
Dyffel er skrømt og minne frå sinnets  labyrintar. Rydda og drøymt på gjennom minst
20 år.

Det har ikkje skjedd særlig mye i dette livet, det har vore lite ytre action.  Eg er
heldig slik.  Det er mulig å få ei oversikt. Svingane, høgdepunkta, nedturane er lette å
sjå. Eg  kan utforska landskapa utan at forstyrrande handling spring i vegen.

Slik eg ser det no ”trekte eg meg tilbake”, sette meg på det gjerdet på  sidelinja, 
ein gong seint på 80-talet. Eg blei lærar og forfattar.  Observerte og  skreiv. Det skjedde
ikkje stort etter det. Eg jobba som ein galning.  Men eg lét det ikkje skje stort. Eg sat på
terrassen (eller på lærarrommet)  og såg på verda, piggsvina, ungane, sjøormane
gjennom diktarbriller. Feigt og daft og defensivt, ja. Men eg fekk lov; eg var lærar, eg
skreiv bøker. Å skriva var det einaste saliggjerande. Eg dikta om  - og om - piggsvina eg
såg. Men først og fremst via eg meg til å utforska dei universa eg alt hadde inne.
Barndomsbobla, studietida. Eg drøymte meg gjennom dei på nytt og på nytt. Rydda
romma, landskapa. Kikka rundt hushjørna der, busskura, såg bak i hagane, fekk
oversikta. Det einaste ”osteklokka” mi som framleis er stengd for meg er ungdomskole-
åra, dei er blekka ut av juling. Eg ventar på at dei skal demra, all erfaring tilseier at dei
vil gjera det.    

Bøkene mine er altså, stort sett, barndommen og/eller studietida, drøymt på, dikta
på, rørt opp, med ujamne mellomrom.   Eg har etterkvart utvida desse ”osteklokkene”
med til dømes ”England”. Hovudet mitt var stadig i England då eg var ung, i bøker,
musikk og film. Såkalla røynd har blanda seg med  film og song, draum og bibel, og blitt
ei  velling, som eg no ryddar vegar i. Denne  ryddinga, drøyminga er blitt mitt prosjekt.
Derfor har eg lov til å bare høyra gammal musikk, sjå gamle filmar, reisa gamle turar.
Slik er det blitt. I 1997 slutta eg heilt med lærarryddinga, og blei draumeryddar på
heiltid. Ein draumejobb, ja.  Men ein blir tidt nok minna om at det er eit kaos der ute,
der inne. Eit kaos eg håpar og trur skin gjennom i  tekstane mine.

Det skjer jo noko òg. Ørlite, passelig fort. ”While you’re busy making other
plans”, som John Lennon song på siste plata. Framleis glimtar livet, kvardagen, til og
blir dikt. Diktsamlinga Kvar gong, 2003, blei ei slik  ”slik ser livet mitt ut nett no –
bok”,  vonlig utan at det blei for privat og sånt. Boka eg jobbar med no blir òg ei slik ei,
kjenner eg henne rett.  

Eg har gjort greie for før, i artiklar og sånt, at eg ikkje likar forstyrrande
handling i bøkene eg les, eller skriv. Så i bøkene mine skjer det sjeldan meir  enn det
som er naudsynt for å skissera eit univers, som eg og -  vonlig  lesaren – kan utforska.
Jau, det må vel vera ein liten ”motor” i boka, som kritikarane skriv. Men treng motoren
kverna og bråka så fælt? Krim og ”bokbad-romanar” er med åra blitt best som film, på
TV. Spørsmålet ”kva skriv du om?” er alltid like vanskelig, folk går før eg byrjar svara.   

Tilbake til sanninga. Ein kunstnar, målar, som har inspirert meg  i det siste,
Stanley Spencer (1891 - 1959), snakkar i sine skrifter om ”the redemption of memory”.
Han krinsar bokstavlig tala rundt gamle minne i bileta sine. For å rydda opp i dei. For å
gjera dei hamslige. Ja, heilage. For å få sine synder tilgitt. For å bli ferdig med minna,
syndene; derfor blei han, sjølvsagt,  aldri ferdig med dei.  Det kan høyrast voldsamt ut
når ein skriv dikt om gamle Donaldblad; men eg kjenner meg  att i dette. På eit vis er
det det eg driv med eg òg; eg held minna, landskapa, stundene, levande og opne. Eg gjer
det nok for å laga litteratur. Men trulig òg for å jobba meg gjennom dei, bli ferdig, bli
blank, blankare. Draumane og skrivinga er ute i same ærend, dei prøver å henta seg,
henta meg att. Slik at me kan komma oss vidare, draumane og eg. Opp den bakken. Der er noko der. Utan at eg vil trekka det for langt. Inn i himmelen. 

Trulig. For alt dette er  gjetting. Eg  veit jo ikkje kvifor eg må skriva det eller det.
Og ikkje det. Eg vel det aldri, eg vel aldri noko, ikkje medvite. Eg bare skriv, eg. Jobbar
til det blir slik det må bli. Eg kjenner det att når det er ferdig. 

Eg kan ikkje finna på noko. Eller nokon. Kvar ein ”ho” og ein ”han” i bøkene
mine er ein eller annan eg har treft eller vore eller drøymt. Eg veit kven alle menneske,
englar og dyr i bøkene mine eigentlig er. Eg kan peika på dikta og seia: Det er ho, det
er ho, og det er ho andre. Dei fleste ”eg” eller ”han” er jo meg. Men viss andre – ho
eller ho eller ho andre – les, vil dei neppe kjenna seg att, vil eg tru. Dei såg det jo ikkje
gjennom desse auga. Og eg diktar og ryddar og drøymer og tryller dei jo om heile
vegen, om og om. Så det er jo ikkje ho eller ho - eller meg - lenger, ikkje eigentlig.

Forresten, når eg  ser på det eg har skrive dei siste åra,  ser eg òg at personane gjer
stadig mindre av seg. Dei går meir og meir i eitt med landskapet. Eg har trulig rydda dei
vekk. Slik at ”allting er sinn”, som Kolbein Falkeid syng.  Eg lar hovudpersonen i Dyffel
(”meg”) tenka: ”Eigentlig bur det ingen her inne. I denne skallen. Dunk, dunk. Bank på.
Kom inn. Hallo. Men eg pratar, liksom, ut frå den. Skallen.” Eg er meir på det hakket der,
eg, no.

Ingen har heldigvis til no sagt at eg er ein fæl fuling som ”brukar” daude onklar og
damer eg aldri fekk. (Men det spøker framleis der bak, at det er nett det eg er. At eg er
minst like galen som psykopatane i krimseriane på tv, og at det er hakket før eg kjem på døra til folk, med blomar og øks.) Eg vil jo slettes ikkje såra nokon, og slettes ikkje folk
eg likar, har likt. Viss eg fekk veta at eg hadde medverka til at livet hennar eller hennar
blei miserabelt, ville det  knekt meg. Men bøkene mine kan vel ikkje gjera det, vil eg tru,
gjera folk og liv miserable, det er ikkje den typen bøker?

Eg skreiv ein gong, tidlig i verda, songen ”Hynsahus i hagen” (1983):

           Eg likte beste Nina,
           den gongen u va full,
           nå har u reist te Kina
           for pengane si skyld.
       
Eg ser ikkje vekk frå at ho Nina hatar meg kvar gong denne kjem over radioen. Men eg
håpar og trur at ho ikkje gjer det. Det var ikkje vondt meint.         
     

PS.
Når eg skreiv dette prøvde eg å snakka så sant eg bare kunne. Når eg no les gjennom
det, ser eg at; nei, slik er det i alle fall ikkje. Dette er langt i frå sanninga. Sanning og sanning.  Eg trur eg må ha rydda vekk heile sanninga, det er så lenge sidan eg har
sett henne.