Magasinett

Synsingar

Utskrift

Angsten for dei andre

Skrive av Borghild Gramstad .

For ikkje lenge sidan var eg gjennom ein operasjon på eit auga, noko som gjorde at eg ikkje kunne lesa på halvanna veke. Sidan eg dermed ikkje kunne gjera arbeidet mitt med skriving og lesing, var eg sjukemeldt og hadde tid til å sitta på kafé. Det gjer eg ein del elles også. Ein tur på kafé kan vera hovudaktiviteten, anten åleine eller saman med nokon andre, eller eg er innom ein kafé mellom bussen og kinoen eller mens eg ventar på noko eller nokon.

Det som skilde kaféturane mine i sjukemeldingstida frå dei vanlege, var at eg ikkje kunne lesa. Det viste seg å vera ein enorm skilnad! Elles har eg alltid ei bok eller avis i veska, og av og til går eg på kafé nettopp fordi eg skal lesa. Då eg studerte, las eg ofte til eksamen på kafé, fordi det var lettare å konsentrera seg med folk og lydar omkring pensumbøkene.

Men no! Eg sat på kafé åleine, fordi dei fleste eg kjenner var på arbeid, og eg kunne altså ikkje lesa. Kva gjer ein då? Ser ut glaset, sjølvsagt, og ser på dei andre som er på kafeen. Men etterkvart kjennest det påfallande at ein sit der åleine utan nokon aktivitet. Kva må ikkje dei andre tru?

For meg blei desse lesefrie dagane ei sosial treningsøkt, eg blei veldig god på å sjå ut i lufta utan mål og meining. Nyttig var det også å få tenkt gjennom kva som var skummelt med denne situasjonen.

Etterkvart kom eg til at det er angsten for dei andre som gjer det vanskeleg. Me målar oss jo stadig opp mot andre, speglar oss i augo til dei andre. Heimanfrå har eg med meg dei to noko motstridande signala ”ein skal bæra sin hatt som ein vil!” og ”kva må vel folk tru!”. Om eg no tar meg sjølv som utgangspunkt, så har eg jo ofte meir enn nok med meg og mitt til å bry meg særleg om kva andre gjer eller ikkje. Men har alle det slik? Eller sit det verkeleg nokon på nabobordet og undrar seg over kva for menneske ho der er, som sit og stirer ut i lufta utan ein gong ei avis på bordet framfor seg? Kanskje dei bak disken synest synd på ho som sit der åleine og ikkje har venner, noko som jo er ei endå verre skam enn  berre å vera litt smårar?

Det pussige er at desse andre, anten dei no er verkelege eller berre finst i hovudet mitt, ikkje plagar meg når eg er i ein annan by enn min eigen. Då er eg eit fritt menneske, som kosar meg med å glana på alt og alle. Så det er tydelegvis ikkje angsten for dei framande som er verst, men angsten for dei halvkjente. Dei som veit kven du er, men som ikkje kjenner deg godt nok til at dei kan brukast til noko sosialt, der du sit åleine med tekoppen.

Men dette var før augneoperasjonen! No har eg tatt eit langt steg vekk frå ”kva må vel folk tru!” og nærare ”bæra sin hatt som ein vil!”, og har allereie sett meg eit nytt sosialt mål: Neste gong eg kjem åleine inn på ein uteplass eller eit forsamlingslokale fullt av folk, skal eg gå roleg rundt og kikka meg omkring, og nikka til dei eg veit kven er. Eg skal ikkje rasa gjennom lokalet som ein hyperaktiv hamster før eg piler ut igjen, utan å sjå eit einaste av dei kjente fjesa som kanskje er der, slik det gjerne har gått føre seg tidlegare.

Må eg operera endå eit auga for å nå dit? Nei, dette sit nok lenger inne i hovudet, og der kjem ein vel best til på eigenhand, utan laser.

November 2005