Magasinett

Synsingar

Utskrift

GODT NYTT ÅR x 47

Skrive av Arnt Birkedal .

BOK: Englefjes   

Sidan slike massenyttårshelsingar  på e-post – eller SMS -  er så populære for tida. Og
sidan eg er tidlig på an i Magasinett i år,  tenkte eg skulle nytta høvet til å helsa dei eg gjerne ser blir med meg inn i dette året, som skal bli både godt og nytt. Same suppa og noko  anna noko.  

Godt nytt år til dykk, de snille barn - og ungdommar. Ja, til deg som er ute på finslig

tagging  òg.

Godt nytt år, gode ferjeskippar.

Godt nytt år, du fyrvaktar, du stasjonsmeister, du speidande, alltid årvakne,  indianar.

Godt nytt år til Øystein Djupedal & Co.

Godt nytt år, du gode stipendlause diktar.

Godt nytt år til dykk der uti velferda, som skal ta dykk av meg no når eg  blir gammal

og krank.

Godt nytt år, du flinke bibliotekar.

Godt nytt år, du bokhandlar, du kritikar, du forlagsredaktør som framleis set pris på

ei god bok.

Godt nytt år, du gode nynorsklærar.

Godt nytt år, de som måtte jobba aktivt med å få millionærlottoen vekk frå NRK og
                                      
beste sendetid.

Godt nytt år, de som stille lempar for å hjelpa amerikanarane heim.

Godt nytt år, de som stellar til kaninutstillingar.

Godt nytt år, de som held liv og lys og lukt i  pølsebu,  nærbutikk, skulestove og

småbruk.

Godt nytt år, de som framleis feirar Bjørnevòk, Feitetysdag og Mattismesse om

hausten.

Godt nytt år, de reisande som sjekkar inn bagasjen på gamlemåten, og på det viset

tryggar sysselsettinga.

Godt nytt år til deg, du eine Braathens-dame,  som framleis forbarmar deg over

bagasjen min på sikkert vis.

Godt nytt år, alle de som smilte vennlig til meg i fjor.

Godt nytt år, de basarungar, de vinkejenter rundt svingen.

Godt nytt år, de faste ballgutar.

Godt nytt år, du førstegongs militærnektar.

Godt nytt år, gamle flammar, som enno ulmar, der de er. 

Godt nytt år til første frøkna mi på barneskolen.

Har eg sagt godt nytt år til Øystein Djupedal & Co?
  
Godt nytt år, du gjetar som er ute i marka mellom sauene dine.

Godt nytt år, alle svorske ulvar.

Godt nytt år, de beist der uti hava, oppi fjella, inni skogane.

Godt nytt år, du sjøku, du Vu Quang-okse, du pungdjevel.    

Godt nytt år, de svaler og de flaggermus på Kampen i Stavanger, som skal dansa for

meg gjennom lange sommarkveldar.

Godt nytt år, de kloke kråker, som flyg på vakt kvar morgon, og heim til kråketing

kvar kveld.

Godt nytt år til deg, orangutang, min nære slektning, godt nytt år, du fjellgorilla. Og

til deg, du blide trønder.  

Godt nytt år, gode blikkenslagar, brukthandlar og bøkkar.

Godt nytt år, du makar av sko, av  plattfotsolar. Du fuglekasseskapar.  

Godt nytt år, du folkrockgruppe, som fartar land og strand rundt, med den gamle, gode

visa me har i lag. Som nett no stemmar opp i ei lita kneipe.

Godt nytt år, de som held dei engelske landsbypubane varme. Eg kjem snart, eg kjem.    

Godt nytt år, gamle gudar: Ray Davies, Brian Wilson, Ringo Starr.

Godt nytt år, du trufaste, flinke gatemusikant.

Godt nytt år, de vetter på setra. Din tuftekall, di bergkjerring, din kvernknurr

og di mare.

Og du sæterjente, sjølvsagt; Godt nytt år. Gilde sundagar til deg.  

Godt nytt år, de alvar bak i hagen. Og i hagen bakom hagen bakom den.   

Godt nytt år til bror min, julekranglefanten.

Godt nytt år til far min, der han sit og har lese julegåva ut.

Godt nytt år til sambuaren, der ho slit sitt stille slit.

Godt nytt år til småsporven i sin grisne vinterhekk.

Godt nytt år, du som no sit svolten  i ei fjellkløft med den store, store skjelven. Må

Øystein Djupedal & Co bruka dei svartaste oljepengane  på å hjelpa deg over.

Har eg sagt godt nytt år til Øystein Djupedal & Co?

Godt nytt år, alle englar og alle kattar langsmed vegen.   

Og godt nytt år, ein gong til, til alle snille barn og ungdommar. Ja, også til deg, du som

er aleine ute på finslig tagging no i kveld. Som set skrift og litt farge på vegane våre

vidare.

Januar 2006