Magasinett

Synsingar

Utskrift

Bannskap

Skrive av Jon Peder Vestad .

Det blir banna mye i Noreg, det veit vi alle. Bannskap kan vere eit teikn på så mangt. Somme vil seie at det viser mangel på folkeskikk å banne, andre legg vekt på at bannskap kan vere ”frodig” og fargerikt, og for mange er bannegloser noko som kjem av seg sjølv i bestemte samanhengar.

Da eg gjekk på ungdomsskulen, hugsar eg at det var det tøft å høre at ein lærar kunne seie ’jævlig’. Samtidig visste vi elevar at vi ville få tilsnakk om vi banna i ein time. Sjølv har eg aldri vore nokon storbannar, men heilt fri for kraftuttrykk er heller ikkje eg. Og eg er ikkje spesielt glad for at det er så mye bannskap å møte i media no. Har du ikkje fått det med deg? Vel, prøv å legg merke til bannord og andre tabuutrykk i medium av ymse slag. Det er mange av dei.

I omgangen med tabuutrykk og grovt snakk må ein balansere for å unngå å verke plump og slitsam. Det er sjeldan eg møter ”god” banning, med det meiner eg bannskap som fargelegg noko på ein spennande måte. Stort sett er det eksempel på lite kreativ språkbruk, av og til kan banninga vere ektefølt og sikkert på sin plass. Men som oftast er bannskapen likevel berre grå, vanlege øyregnagarar. Når eg møter ord som helsiker`n, jævlig, jævla og forbanna brukt som vanlege forsterkande uttrykk, så blir det meir platt enn provoserande. Eg kunne også ha nemnt nokre ord på engelsk som går att, og så har vi ord som drit og rævva, da. Dette er ord folk flest kan, det er ord som er mykje brukte, og som det har vore god folkeskikk å ikkje bruke i offentlege samanhengar.

Folk har ulike grenser for kva ein toler av bannskap og denslags. Somme skulle nok ønskje at alle var like liberale som dei, og synest at det er heilt greitt å seie faen og jævla bra. Det er nok ikkje alle som synest at banning tilfører eit radio- eller fjernsynsprogram eller ein artikkel noko positivt. Dei har visse grenser for kva dei synest sømmer seg, og det synest eg det blir teke for lite omsyn til i dag. Ja, mange reagerer negativt på banning, og det kan like gjerne vere unge som gamle. Og ein annan ting - når journalistar bannar, så blir det fort like flatt og flautt som når ein lærar skal vise kor modig han er som tør banne. Oj, så kult!

Utfordringa er å finne andre ord, ord som kan vere friske og fargesterke, og som ikkje har mista den krafta bannord får når dei berre blir fyllord i ein talestrøm. Bannskap og grovprat av typen drit og rævva er ikkje eksempel på god språkbruk, men på ein viss type kvardagsprat som tvert om er lite fargesterk og kreativ.

I eit radioprogram hørte eg programleiaren omtale mannlege kjønnsorgan med tilbehør. I den eine sendinga snakka ho om menn som har fått barn utafor ekteskap. Her er det jo lett å gripe til visse tabuord, men ho gjorde det ikkje så enkelt for seg. Ho brukte uttrykk som tisselassen, tisseballen, lemmet, balalaikaer, tissetassen, testiklene, baller, familiens juveler, edle deler, bjellene ... og sikkert nokre fleire. Ikkje alle desse kjende og meir ukjende orda kom samstundes, så det er nemnt! Somme vil kanskje finne enkelte av desse orda støytande, men da er det kanskje eigentleg emnet dei ikkje vil høre om? Det er ei anna sak.