Magasinett

Synsingar

Utskrift

Schæferhunden Rex / Pyttane av sjel

Skrive av Arnt Birkedal .

Somme religiøse retningar seier at menneske har ei sjel. Kanskje det. Skapingshistoria i 1. Mosebok seier at menneske er ei sjel. Eg aner  ikkje kva ei sjel er. Men det er noko spesielt med oss, det er det. Kanskje det er dette spesielle  som er  sjela? Eg bare spør. Eg veit fint, fint lite – så pass veit eg.   
 
Ein gong, i tenåra, hadde eg ein schæfer som heitte Rex.  Det er sjeldan eg tenker på han no. Det  vil seia: Han er nok bak i hovudet heile vegen.  Men det er sjeldan at  tankane kjem opp til ta. I draumane er han naturlig med. Enten som del av bakteppet: Han står og gøyr ute ved klessnora der heime. Slik at eg i alle fall kan stadfesta denne blinken av draumen, sjølv om resten er svært så surrealistisk. Eller han kan ha ei av hovudrollene. Han kan spela hund, som han var då han vimsa omkring på jorda. Eller han kan skifta skapnad og bli til dømes menneske. Og i desse draumane har eg han alltid usigelig kjær. Medan han på si side ofte er skuffa og lei seg over meg. Han kan sjå på meg med dét blikket, nett som han Aslan/Jesus i Narnia, du veit. Den Rex som spring rundt i sinnets labyrintar, har fint lite med den verkelege Rex å gjera. Men av og til blir eg  òg  plutselig minna på at han faktisk var kjøt og blod.  Eg har ei relativt stor plate / CD-samling.  Eg byrja å samla alt då eg var 11, så ein meter av samlinga går heilt tilbake til Rex si tid. Den tida eg gjekk i vidaregåande. Når eg no ein sjeldan gong drar ut ei plate frå hylla, kan eg enno finna eitt av Rex sine hår, klistra til vinylen. Karakteristiske  sikksakk-hår, bleike på farge; han var så glad i å bada, Rex. Og så tenker eg at han var verkelig, og at han var då snill. Og så tenker eg: Har dyr sjel? Har eg? Er eg eit dyr? osb.    

Rex kom inn i  livet mitt då eg var 12-åring i vid boblejakke. Storebror min var midt i ei lang rekke jobbar. Han prøvde seg som nattevakt for ei vaktselskap. Og då skulle ein ha hund, må veta. Det var ein Rex senior, som var den faste medarbeidaren hans. Til han altså skaffa seg junior, ein bitteliten pjusket ein. Trulig fordi han fall for han. Og det er lett å skjøna, heilskjønn som han var. Og han kalla han for Rex. Bror min har sikkert mange gode sider.  Fantasi er ikkje ei av dei. Han valde det vanligaste schæfernamnet på kloden. Og det var kanskje det beste, når alt kjem til alt. Hadde eg fått velja, hadde eg sikkert kalla han noko bibelsk; Bileam, til dømes, etter han profeten med det talande eselet, eller Lasarus eller noko. Eller Winston etter min største musikk-helt, John Winston Lennon. Eller Dracula  etter favorittboka mi. For schæferøyre var det nok betre med Rex. - Rex, ropte me. Og Rex kom. Og Rex sprang etter endå ein pinne. Pinne etter  pinne etter pinne. Livet hans skulle etter kvart bli eit jag etter pinnar. Til lands og til vatns.  Sjølv om han byrja på ein karriere som vakthund tidlig. Alt for tidlig, skulle det visa seg. Bror min, som sjølvsagt ikkje hadde peiling på hundar, tok han med i bilen på mørke natta, tok han med seg inn i skumle hallar, som vakt-selskapet hans skulle passa på. Så det er ikkje rart han blei litt nervøs av seg.  Han sprang ofte og gøymde seg, kom det ein katt. Bjeffinga sat laust. Men han hadde det bare i kjeften.   

Schæferhundar er kompliserte sjeler, og dei vil gjerne bli forstått. Me hadde i det heile ikkje særlig peiling på hund nokon av oss. Ja, me las litt i dei bøkene. Særlig mor mi, som skjøna det var alvor, dette me hadde tatt på oss. Men, skal ein vera ærlig, så skjøna me ikkje kva han ville oss når han ville oss noko. Det vesle me skjøna var det heilt trivielle. Kloring på døra betydde: ”Eg veit det er tid for ein tur no snart, og dessutan må eg pissa.” Og hyling frå kjellaren: ”Eg vil opp, eg er ein av flokken”. Sugling betydde gjerne:  ”Eg vil ha pizza, eg òg”. Og overvettes hopping og dansing og logring og bjeffing når me hadde vore vekke ei tid, betydde ”Kjekt å sjå deg, no blei eg glad, gitt. No er me saman igjen!”  Det siste var det kjekkaste. Aldri, verken før eller sidan, har nokon vore så glad for å sjå meg. Var det meg han meinte; det var jo bare
meg der i innkjørsla?  Eg hugsar eg hadde vore ”åleine” utanlands for første gang,  i England med gymnasklassa. Og det spetakkelet han starta då han høyrde meg komma oppe i bakken, var betre enn kongelige saluttar.  Gildt var det òg når me heldt konsertar i lag, eg på blokkfløyte, han på gild vokal.
       
No står eg oppå den middagshøgda og ser ut over søkk og kav. Eg går i gravferder til kompisar og slekt rett som det er.  Og eg trur vel ikkje at sjelene  fyk verken hit eller dit.  Eg greier ikkje å tru på dei evige pinnemarker. Eg trur vel meir at sjela heng ved oss medan me går rundt og lever. Og at nokre sjelepyttar, liksom, blir att etter oss når me går bort og døyr. At tomromma som er att etter folk, er å likna med sjel. Minna me står att med, minne om stemmar, rørsler. Tenker eg. Dei fyller eit søkk her og eit kav der, sjelene. Dei finst hist og pist i landskapet, som pyttar av meining.  Når eg  er heime i hagane i Madlamark der eg voks opp, dukkar sjeler opp og seier; her er eg, her var eg, hugsar meg? Og det er jo nett det eg gjer. Der er eit søkk av eit tomrom etter mor mi, sjølvsagt. Som overlevde Rex med to – tre små år. Etter tanter og onklar, naboar og ungar  i gata som passerte gjennom desse hagane.

Men òg etter dyr, me hadde skjelpadde, katt, kanin,  geitekilling og undulatar. Eg trur den totale mengda sjel er høvelig fordelt mellom oss, beista. Der er framleis ein god slump sjel igjen etter Rex. Den dveler, sjela, rundt klestørkestativet og hundehuset han aldri var inne i. For han hadde mest personligdom av dyra eg kjente; det var noko med han.
         
La meg no få skrifta. Grava fram litt skit. Du som har hund veit at hundar til tider er nokon hundar etter annan hunds skit. Før hundepassaren rekk å rå seg har hunden  slafsa til seg hundeskiten som ligg nett borti løypa. Og du veit, eg syntest det der var ufyselig. Eg skjøna det ikkje. Eg ville ikkje skjøna det. Det var ein grapseskap av ei anna verd. Eg hadde sagt nett det til han om att og om att.  Men likevel spratt han inn i ein framand hage bare for å forsyna seg av dette unemnelige. Fjortissar kan vera nokon beist somme gonger. Meg var gitt all makt over denne karen. Så eg slo han, bare sånn passe hardt  på bakenden. Primitiv pedagogikk, ja. Og som ikkje det var nok, festa eg bandet hans til ei grein, og sa: No går eg frå deg. Ja, no gjer eg det. Eg gjorde det
sjølvsagt  ikkje. Eg vinka meg eit lite stykke ned vegen. Og snudde og sa til han: Ja, sånn
går det når me ikkje er snille, veit du. Og så beit han meg. Sånn passe hardt. Hardt nok.

Og eg skjønar han, eg. No. Etterpå. Han var i sin fulle rett. Dette var ei hundegreie, ei ulvegreie, ei eg ikkje kunne med. Eg sa dette aldri med nokon.  Sjela til Rex dvelar framleis i skogholtet der eg batt han fast.
       
Heilt  mot slutten, seiest det, skal livet passera revy. Det blir ikkje heile greia, kjenner eg livet og revyane rett. Det blir nok meir som Dagsrevyen og Sportsrevyen, sånne highlights, fragment. Ein filleonkel her, ein jentevenn der. Eit innslag der du sit  på trappa hennar i timevis i regnet og ventar på at ho skal komma heim. Ho kjem, bare for å seia at det ikkje passar med besøk no, ho skal ut i eit ærend. Og kjenner eg livet og revyane rett, blir eit av dei revynumra eg får sjå det sørgmodige blikket til Rex.

Nei, eg aner ikkje kva ei sjel er. Men at Rex hadde / var ei slik ei, er opplagt. For ikkje å snakka om orangutangane på Sumatra. Småsporven i vinterhekken òg, gjerne. Ja då, klart han har sjel. Det var derfor Jesus nemnde han spesielt den eine dagen han såg lyst på livet.  Eg har treft menneske som eg har oppfatta som sjellause. Men dei hadde nok ei, dei òg. Ein gong, mellom dei første dikta mine, sa eg til ei jente:
Du har ei vakker sjel. Eg anar ikkje kva eg kan ha meint. Kanskje det var noko eg
hadde høyrt i ein song? Av Ole Paus, noko i den dur? Gud veit kva eg meinte. Men eg
meinte det.  
Februar 2006