Magasinett

Synsingar

Utskrift

Farleg mangel på folkeskikk

Skrive av Jon Peder Vestad .

Det er rart å tenkje på at du og eg kan teikne noko som kan få andre til å ønskje livet av oss. Dette er ein av kjernene i saka om karikaturane av Muhammed.

Karikatursaka har mange sider, og ingen av dei er enkle, bortsett kanskje denne: Verda er samansett. Det du og eg synest er heilt greitt å gjere, kan vere sett på som noko heilt uhørt i andre kulturar. Det kan vere at jente og gut kyssar kvarandre på gata, at kvinner kjører bil, er religiøse leiarar eller går med udekt hår. Eller det kan vere å teikne karikaturar av ein profet. For somme er dette nok til å straffe dei som gjer dette. For somme skriv eg, for eg veit at dette er ekstreme utslag. Men dei finst, og bør ikkje skjulast. Millionar av menneske lir under mangel på ytringsfridom og retten til å utfalde seg som dei vil.

Det er ikkje god folkeskikk å fornærme andre. Derfor synest eg det var uklokt å trykkje karikaturar av Muhammed. Hadde det enda vore fine teikningar, men det var jo nettopp ikkje akkurat snakk om teikningar som synte respekt for ein som millionvis av menneske held høgt.

Reaksjonane i muslimske miljø har vore mangslungne, vi har sett ekstreme utslag, og vi har sett ei meir dempa sorg. Dei verste utslaga, som ambassadeherjinga i Syria, har nok fleire årsaker. Det same gjeld handelsboikott og flaggbrenning. Eg synest ikkje at det er reaksjonar som på nokon måte står i samsvar med det at karikaturane vart trykte. Og sia mange – men slett ikkje alle – muslimar ikkje har for vane å lage seg teikningar av Muhammed, så vil det å gjere det i seg sjølv vere nok til å reagere.

Når det attpåtil skjer som ein provokasjon, kan eg forstå at mange blir sinte. Men eg greier ikkje få nokon som helst slags sympati for korleis mange brukte denne provokasjonen i eit større – eller fleire større – religiøse og politiske spel.

Det finst eit anna poeng her også. Sjølv om vi bør vise folkeskikk, og dermed respekt, så kan det ikkje vere slik at norske eller for den del danske medium skal bli redigerte frå Midtausten,  lenger aust i Asia eller for den del i USA. Det må vi gjere sjølve. Dersom eg no hadde sagt at bokstaven b kunne vere eit symbol for Muhammed, skulle da nokon krevje at vi slutta å bruke denne bokstaven? Prinsippet må vere klart: Det er vi som definerer ytringsfridommen vår.

Alle vi som har reist ein del, veit at ein av og til kan vere uheldig, og fornærme nokon utan å vilje det. For nokre år sia møtte eg ein lærd mann frå eit muslimsk land her i Noreg. Han helste meir enn gjerne på meg, men han nekta å ta ein kvinneleg kollega i handa. Korfor ikkje? Vi kan heller ikkje alltid sjå på førehand kva det er som kan vekkje reaksjonar eller eit grenselaust sinne. Eit visst tolmod og ein porsjon toleranse må ein ha på alle sider. Det mye brukte ordet dialog er eit godt ord.

I ein heilt annan samanheng sa ei venninne til meg nyleg at ho trudde Jesus kunne ha vore ein av dei fyrste, kjende psykopatane i verda. Det likte eg ikkje å høre, eg vart i grunnen litt såra. Og eg håper at striden kring karikaturteikningane har fått fleire til å tenkje over dette: Også mange av oss som har eit nært eller halvnært forhold til kristendommen og den kristne kulturarven kan bli krenkte av spott og latterleggjering. God folkeskikk må også visast heime.
Mars 2006