Magasinett

Synsingar

Utskrift

Italiensk sorti

Skrive av Lars Mæhle .

Ein gong fornærma eg ein italiensk filmregissør. Eg tullar ikkje, det er heilt sant. Det er riktignok ikkje noko eg er stolt av. Tvert imot. Det var på alle måtar ei pinleg hending. Men det er ei ganske god historie. Og det er no eingong noko.

Det var i det herrens år 1998 fornærminga skjedde. Åstaden var – av alle byane ein kan finne på å besøke – Haugesund. Det er ein passe kald og forblåst dag i august. Vinden ular langs Vestlandskysten, og vatnet skvalpar mot båtane som ligg og duppar bortover brygga. Og der går eg, filmfriken, og hutrar i ei tynn, svart dressjakke. Dei frosne fingrane mine knugar rundt tyggispapira i lommene. Tankane kretsar om det som straks skal skje: Intervjuet. Med den italienske stjerneregissøren Pupi Avati.

Korleis kunne dette ha seg? spør du kanskje – og dét med god grunn. Jo, eg hadde nettopp avslutta mi karrière som sivilarbeider på Cinemateket i Oslo. Og til deg som synest eg er ein slappfisk og heldiggris som kunne avtjene verneplikta slik, ved å lene meg tilbake i godstolen og sjå gamle klassikarfilmar – kan eg fortelje følgjande: Det er verre enn som så. På toppen av det heile ville nemleg sjefen min spandere på meg eit opphald ved Filmfestivalen i Haugesund.

Det var eit eventyr. Eg måtte rett nok arbeide for avisa Film & Kino, som skulle komme ut dagleg under festivalen. Det ville ikkje bli nokon dans på roser. Det var plenty av ting som skulle gjerast. Men åkke som: For ei lykke! Film og festing åtte dagar til ende. Det kunne ikkje bli betre.

Dei andre journalistane i redaksjonen var langt meir garva og innrøykte enn meg. Dét seier seg nesten sjølv. Dei hadde vore på eit utal festivalar. Dei hadde skrive vanskeleg tilgjengelege artiklar om Truffaut, Goddard og den tyske ekspresjonistiske stumfilmen. Og dei hadde intervjua alt frå ukjende filmfotografar til dei verkeleg store stjernene.

Så var deg meg, da. Novisa. Men alle må begynne ein stad, og det var kanskje like greitt å begynne her, tenkte eg kjekt. Dei andre journalistane kunne heller ikkje vite at eg aldri hadde skrive eit intervju før. Og dét heldt eg klokt nok kjeft om. Så eg blei erklært flytedyktig journalist på særs sviktande grunnlag. Og no kom, ganske riktig, frykta som følgjer den eplekjekke. Ja, eg blei sveitt berre av å tenke på namna på dei eg skulle intervjue. Torunn Lian. Margreth Olin. Kort sagt: Kjendisar! Men Film & Kino skulle i trykken, uansett kor nervøs eg måtte bli. Det var berre å kvesse blyanten.

Og verst av alt: Det gjekk ikkje så gale dei første dagane. Eg irriterte meg rett nok i timevis over ein og/å-feil i intervjuet med Margreth Olin, men sjølve teksten blei betre enn eg frykta. Eg fekk klaps på skuldera av redaktøren:

– Fint, Lars! I morgon intervjuar du Pupi Avati.
– Pupi …?
– … Avati. Han er italiensk og har regissert ein drøss med filmar. Han er stjerne og diva i heimlandet, men ikkje så kjend i Noreg.
– Å? Kva for filmar har han laga?
– Nja. Den mest kjende er vel den biografiske filmen om jazzlegenda Bix Beiderbecke.
– Bix …?
– … Beiderbecke. Men no har han regissert ein film kalla Forlovaren. Den blir vist i morgon tidleg kl. 07.00. Sjå den, og så troppar du opp på ein felles intervju-seanse på hotellet kl. 11.00.
– Felles?
– Ja, det blir deg og tre andre utvalte journalistar. De får spesiell audiens, mens resten av pressekorpset må ta til takke med ein pressekonferanse seinare på dagen.
– Men …?
– Ikkje noko «men». Fiksar du Margreth Olin, fiksar du Pupi Avati. Dessutan orkar ingen av oss andre å stå opp så tidleg i morgon.

Dermed var den saka opp- og avgjort. Og derfor går eg langs brygga i Haugesund, med stivfrosne fingrar rundt tyggispapira i lommene. Eg har akkurat sett Pupi Avatis romantiske komedie Forlovaren. Og for å seie det rett ut: Det var ein skitfilm. Like tørr og livlaus som eit robåt-cruise i Gobi-ørkenen. Karakterane var flate som pannekaker, og handlinga suppete og sentimental.

Kort sagt: Pupi Avati hadde laga ein kalkun. Ein uskjøn kalkun som vagla seg ustø og uskjøn opp på filmlerretet og kakla like uskjønt som berre uskjøne kalkunar kan makte.

Kva i herrens namn skal eg spørje han om? tenker eg der eg vandrar langs brygga og trekk den tynne, sorte dressjakka tettare kring meg. Eg kan jo ikkje seie ting rett ut? Nei, eg må pakke det inn. Eller enda betre: Eg må spørje om generelle ting, om tematikk eller motivkrinsar i filmen. Om ståa i den italienske filmbransjen i dag. Noko i den duren. Eg svelgjer. Og sakte kjenner eg min gamle uven nervøsiteten komme snikande …

Eg sit på hotellet i nærmare ein time og førebur meg. Og eg finn da eit og anna spørsmål, ja, for å vere heilt ærleg endar faktisk ganske mange – og gode – opp på skriveblokka. Eg pustar litt lettare. Jo da. Dette skal gå bra. Dette fiksar eg. Dette blir ein leik. Og godt er det, for no er tida kommen. Eg går bort til dei andre journalistane – frå Aftenposten, Haugesunds Avis og Vårt Land skal det vise seg – og ventar i gangen utanfor rommet der intervjuet skal skje.

Og ikkje lenge etter kjem Pupi Avati og følgjet hans. Ja, for det er eit følgje vi snakkar om, nesten som på film; ein mafiaboss og hans lojale kumpanar i ein hale bak. Pupi Avati er ein stilfull herre tidleg i 60-åra. Han er ganske låg, men ein naturleg autoritet strålar ut frå ansiktet hans, som er kledeleg ramma inn av eit fintrimma, gråsprengt skjegg. Han helsar høfleg på oss – dei utvalte journalistane – dette er altså det beste Noreg har å by på innan journalist-kunsten, tenker han kanskje, før følgjet togar inn i rommet.

Vel inne heng Pupi Avati frå seg Armani-frakken over stollenet. Han slår seg ned og vinkar deretter oss, dei utvalte journalistane, ned i fire stolar på andre sida av bordet. Eg kjenner at hjartet mitt begynner å dunke raskare. Dette scenariet overgår dei skumlaste fantasiane mine, men det er ingen veg tilbake.

– Very well, gentlemen, seier Pupi Avati på gebrokkent engelsk. – Let’s get started.

Eg ser ned på skriveblokka. Alle spørsmåla mine fortonar seg med eitt som absurd dårlege. Kva i himlens namn skal eg spørje om? Dei andre journalistane ser òg prøvande på kvarandre. Men heldigvis kjem Aftenposten-journalisten oss til unnsetning. Han er proff. Eg ser det. På erfarent vis, som om han aldri skulle gjort anna enn å intervjue italienske stjerneregissørar, stiller han følgjande spørsmål:

– You have made a romantic comedy. Why?

Eit genialt spørsmål! Så enkelt at det var umogleg å få auge på! At eg ikkje hadde tenkt på det sjølv! Pupi Avati har no frie hender, han smiler i skjegget, legg fingertuppane saman. Og så begynner han å fortelje.

Ja, det er det han gjer. Han fortel. Og dét til gangs. Det er eit foredrag, og ikkje eit svar, som kjem no. Denne mannen er forelska i si eiga stemme, og ho har ikkje tenkt å stanse med det første, nei, ho held fram, utbroderer at det er slik og slik med dei romantiske komediane no til dags, og den sjangeren skal ein ikkje undervurdere, det er bra sikkert, og så legg stemma hans ut på lange avstikkarar, går i sirklar, og synest ikkje å vilje stanse. Midt opp i desse utlegningane til Pupi Avati, blir eg pinefullt klar over ein annan ting: Skal ein følgje rekkjefølgja på korleis dei utvalte journalistane er plassert, er det MIN tur til å spørje etterpå. Eg kikkar nervøst ned på blokka, på spørsmåla som verkar stadig meir absurd dårlege, mens stemma til filmregissøren som har laga ein uskjøn kalkun kvernar og kvernar i bakgrunnen.

Så slår det meg: Filmen til Pupi Avati, Forlovaren, hadde noko av 1950-talets store Hollywood-produksjonar over seg. Ja, det var ei brei episk skildring à la Sound of Music, Ben Hur og andre gigantar i den kategorien. Eg blir meir og meir overtydd om at dette er tingen, det er dette eg må spørje om. Pupi Avati blir nok imponert. Han vil nikke anerkjennande og tenke: «Her er ein som kan faget sitt! Eg skjønar godt at han er utvalt, ja!»

Eg merkar brått at talestrømmen har slutta. Etter vel eit kvarter har ikkje Pupi Avati meir å seie om kvifor han har laga ei romantisk komedie. Alle auge er retta mot meg. Det er min tur. No må spørsmålet komme. Og det er akkurat i dette augeblikket at eg hører stemma mi, underleg fjern og stotrande på nordmørsengelsk, synge ut i rommet:

– Are you inspired by Hollywood films?

Det blir heilt stille. Blikka til dei utvalte journalistane flakkar. Og munnen til Pupi Avati har blitt til ein tynn strek.

– You mean because it has a happy ending?

Neiiiii!!! Det var jo ikkje det eg meinte! No må eg forklare heile den lange regla eg hadde så fint forma oppe i hovudet mitt, men som ikkje lar seg overføre til ord, nei, det lar seg ikkje gjere, ikkje no, ikkje her …

– Yes, for example, seier stemma mi.

Pupi Avati vrir på seg i stolen. Han mumlar noko halvfjernt. Eg får ikkje notert kva det er eingong. Og så er det over. Neste spørsmål, takk. Han brukte fem sekund på å svare på mitt spørsmål. 15 minutt på Aftenposten-journalistens.

Og så går det opp for meg kva eg har gjort: Eg har fornærma Pupi Avati på det grovaste. Eg har nettopp redusert filmen hans til ei simpel amerikansk mainstream-komedie, eit kalkulert marknadsprodukt utan kunstnariske vyar eller kvalitetar. Eg har såra europearen Pupi Avati, kunstnaren Pupi Avati. Eg prøver å lese ansiktet hans idet den utvalte journalisten frå Haugesunds Avis stiller sitt spørsmål.

Og éin ting er rimeleg sikkert: Pupi Avati er sur. Det ulmar under ansiktet hans. Her har han reist over halve Europa, og så blir han fornærma av ein ung journalist-jypling. Og eg får det for meg at alle i rommet sit og kjenner på det same. Eg er så flau at eg kunne søkke rett ned til Kina. Det kan vere at Pupi Avati har laga ein uskjøn kalkun, men det får vere måte på. Slik behandlar ein ikkje italienske stjerneregissørar. Sjølv ikkje i Noreg.

Få minutt seinare er intervjuet over. Om ikkje anna har vi fått vite kvifor Pupi Avati har lage ei romantisk komedie. No reiser han seg, takkar for intervjuet og tar alle journalistane i handa. Og akkurat idet handa hans trykker mi, tykkjer eg at Pupi Avati blunkar til meg. Har han fått eit rusk i auget? Eller har han tiks? Eller tyder blunket rett og slett: «Vi har våre metodar for frekkasar som deg»? Det vil eg aldri få vite. Alt eg veit, er at vi er ute av rommet og at ein av dei utvalte journalistane, eg nemner ikkje namn, går rett opp på hotellrommet, grev hovudet inn under dyna og gret stilt.

– – –
Seinare på dagen får eg høyre dette: Det kom nesten ingen journalistar på den følgjande pressekonferansen med Pupi Avati. Det var nok den berømte dråpen. Pupi Avati skal ha blitt rasande, marsjert i protest ut av rommet – og reist sporenstreks heim til Italia. Ein dag før plana. Dødeleg fornærma og truleg med kroniske forbanningar kvilande over landet han nettopp har besøkt. Det var ein trist sorti. Men den hadde i det minste ein italiensk swong over seg. Slikt gjer dei ikkje i Hollywood.

April 2006