Magasinett

Synsingar

Utskrift

Svarte-Peer

Skrive av Ola A. Hegdal .

Kulturminister Trond Giske meiner at integrasjonsarbeidet i Noreg ikkje er vellukka før ein pakistansk skodespelar kan spele Peer Gynt utan at nokon let seg merke med det. Dette høyrest fint ut. Men kor realistisk er det?

Idealet om at folk skal bli «fargeblinde» oppstod på 70- og 80-talet, i den uskuldige etableringsfasen av det vi kallar det fleirkulturelle samfunnet. Då var det ikkje berre forkasteleg å vurdere folk etter hudfarge, det var suspekt å leggje merke til hudfarge og etnisk bakgrunn i det heile. For låg ikkje spira til rasismen allereie i evna til å visuelt kunne skilje mellom rasane? «Diskriminere» er jo nettopp eit framandord for «å skilje mellom».

I spaltene til Klassekampen diskuterte folk i fullt alvor om ein skulle fjerne alle ord som viste til at det fantes menn og kvinner. For det ville naturlegvis bli umogleg å diskriminere mot kvinner, dersom du ikkje visste at dei fantes! På same måte kan du ikkje vere rasist, dersom du rett og slett ikkje er klar over at det finst forskjellige rasar og folkeslag.

Diverre er det sjeldan at sjølvpåført kunnskapsløyse gjer oss til meir vidsynte og tolerante skapningar. Når folk seier at dei ikkje «ser» hudfarge, er nok heller det eit uttrykk for vilje til å vise politisk korrekte, antirasistiske haldningar, enn eit uttrykk for at dei verkeleg ikkje er stand til å sjå skilnaden på folk frå forskjellige delar av verda. Dersom du hadde stilt opp ein afrikanar og ein nordmann ved sida av kvarandre, vil eg tru at dei fleste hadde klart å gissa kven som var kven.

Eg skjøner heller ikkje heilt korleis det skal vere eit teikn på respekt og omtanke for folk frå andre kulturar å late som om bakgrunnen deira er usynleg? Å late som om ein innflytta tamil har akkurat den same bakgrunnen som deg sjølv er ikkje eit teikn på toleranse, men på kunnskapsløyse eller arroganse. Dersom du serverer svinekjøt til ein muslimsk pakistanar, ville det etterpå vere ei dårleg unnskylding å seie at du er «fargeblind» og berre trudde han var ein vanleg nordmann.

Når det gjeld prosessen med å velje ut rett skodespelar til rett rolle, må vi sjå til Hollywood, der dette har blitt uvikla til ein rein vitskap. Her er raseelementet eit av dei viktigaste faktorane. Dei fleste filmselskapa ønskjer å skape balanserte, «fargeblinde» filmar, der ingen grupper føler seg uthengt, og heller ingen blir for mykje favorisert. Dette av moralske grunnar, men og av økonomiske, fordi ein ønskjer eit publikum som er så vidt som mogleg. Ein skulle kanskje tru at ein slik «fargeblind» film lettast blir oppnådd av eit fargeblindt syn på verda?

Tvert i mot. Den hårfine rasebalansen i t.d. amerikanske action-filmar er eit resultat av eit finjustert fargesyn og ein grundig kjennskap til rasestereotypiar. Den vanlegaste strukturen er: Kvit helt, svart kompis. Her får ein etablert den raseoverskridande venskapen som sjølve kjenneteiknet ved dei gode. Vidare kan ein enten spele på lag med rasestereotypiane, som i 48 timer, kor Eddie Murphy og Nick Nolte nærmast spelar parodiar på kvit mann og svart mann. Eller ein kan reversere stereotypiane, som i Dødelig våpen-filmane. Her er det den kvite purken (Mel Gibson) som er den fysiske villmannen, medan den svarte (Danny Glover) er ein avbalansert familiefar frå middelklassa.

I Hollywood må ein derimot vere forsiktig med «etniske» skurkar, noko som lett kan bli tolka som rasisme. Skal ein ha med ein svart skurk, er det tryggast med ein litt langt nede i hierarkiet, gjerne - i ei ny reversering av rasestereotypiar - ein svart dataekspert, som i Die Hard. Rolla som hovudskurk gir ein gjerne til etniske europearar som amerikanarane har vori i krig med. Du kan stole på at det ikkje finst nokre amerikanske interessegrupper som vil protestere mot ein overskurk som knotar ut trugsmål med britisk, tysk eller russisk aksent.

Dersom ein norsk regissør skulle caste ein pakistansk skodespelar i rolla som Peer Gynt, ville ikkje det vere på slump, fordi regissøren ikkje «ser» hudfarge. Det ville sjølvsagt vere eit medvitent, kalkulert val. Ei Peer Gynt-oppsetjing med ein pakistanar i hovudrolla! Det ville vere frekt, nyskapande, provoserande, alle dei orda som kunsteliten elskar. «Svarte-Peer» ville vere på framsida av alle aviser og bli portrettert i alle laurdagsutgåver. Regissøren ville kome på Skavlan for å fortelje at å velje ein pakistanar til å spele Peer Gynt, det er da slett ikkje noko rart ved det? Oppsetjinga ville sjølvsagt få støtte frå Norsk Kulturråd, som alltid gir pengar til alt som kan tolkast i retning av at mangfold er bra.

Og publikum som kjem for å sjå Svarte-Peer, kva vil dei tenkje? Nokre vil kanskje tenkje omtrent slik:

Peer er tydelegvis pakistanar. Dette er omtrent som å velje Sven Nordin til å spele Kunta Kinte i Roots. Truleg er det ikkje ein glipp, men eit medvitent val frå regissøren si side. Eg har no heile teaterstykket på meg til å bestemme meg for om eg skal rose det nyskapande i ein mørkhuda Peer Gynt, eller om eg skal vise meg enno meir antirasistisk og late som eg ikkje har merka noko i det heile.

Ein «fargeblind» person vil derimot tenkje dette:

Oi! Der er Peer Gynt!

Eg vil ikkje gi meg til å dømme om kva som er den mest vettuge reaksjonen. Og eg har iallfall ikkje tenkt å seie det høgt.